Musa og reven
Foto: Bernard Dupont / Wikipedia
Epistel
Samarbeid: Løva vakna brått då ei mus fall ned på framlabbane hennar. Løva heldt musa mellom labbane og sa sarkastisk:
– Visste du ikkje at dyrekongen søv? No møter du døden!
– Spar meg til den dagen du treng meg, bad musa med tårer i augo.
Løva lo spottande og sa:
– Kva tid skal eg trenga deg? Korleis torer du å seia det?
– Herre, lat meg vera! Då vil du sjå sjølv at styrken din treng det svake vesenet mitt ein dag.
Løva slapp musa og sa:
– Eg vil sjå korleis.
Nokre dagar seinare fall løva i eit nett og vart fanga. Musa høyrde løvebrøla og sprang etter lyden. Då ho fann løva, gnog ho over nettet og klarte å frigjera løva.
– No veit eg at kongen, uansett styrke og stordom, ikkje vil nyta liv og fridom utan hjelp frå svake vesen, sa løva.
Tolkinga: Ein giftig slange som låg på elvebreidda, fekk auga på reven og ropa:
– Kjære rev, kan du ta meg på ryggen og hjelpa meg over til den andre sida?
– Kva tid vart vi vener? Du er ein giftig slage. Eg lit ikkje på deg, svara reven.
– Eg sver ved jungellova at eg ikkje kjem til å skada deg. Alt eg vil, er å ri på ryggen din slik at eg kjem meg over til hi sida. Eg kjem til å vera takksam og aldri gløyma kva du gjorde for meg, sa slagen.
Reven vart overtydd og lét slangen åla seg opp på ryggen og kveila seg kring nakken hans.
– Diverre, venen min, eg kjem til å bita deg, sa slangen.
– Og det er takken for at eg leit på deg og ville hjelpa deg? Du svor ved jungellova, sa reven.
– Du veit at vi slangar er svikarar. No betalar du for idiotien din. Dette er jungellova, ja!
– Ver så snill, ikkje bit meg! Eg vil ikkje døy i vatnet, skreik reven.
Då dei nådde elvebreidda på den andre sida, var slangen framleis vikla kring revehalsen.
– Eg har eit siste ynske. Eg vil ha eit kyss til farvel før du bit meg, sa reven.
Då slangen snusa på reven, beit reven i slangehovudet og knuste det. Han la slangen på bakken og sa:
– Dette er jungellova slik du tolkar henne.
Walid al-Kubaisi er forfattar og fast skribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
SKULE. Kring 1450 måla Isefjordmeisteren Jesu første skuledag i kalktaket i Tuse kyrkje på Jylland. Det ville vore historisk rettare med skriftrullar av papyrus enn bøker av pergament, som prega samtida til kunstnaren.
Foto: Kalkmalerier.dk
Skriveskule ved Nilen
Skrifthistorier: Ottar Grepstad skriv om makta i skrift gjennom tusenår.
Den tyske fotografen og filmskaparen Leni Riefenstahl saman med blant andre Adolf Hitler.
Foto: NTB
Portrett av ei kvinne i flammar
Kvart år får eit knippe filmkritikarar presentera ein utvald film på Tromsø Internasjonale Filmfestival. Eg valde ein dokumentar som etter nok eit gjensyn gjer meg usikker og fascinert.
Bollar til alle – alltid: Her er det sjølvaste Slottet som deler ut 3400 bollar i høve eit kongeleg jubileum.
Foto: Lise Åserud / NTB
Kor mange syrer må til for å lage ein sjokoladebolle?
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.
Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB
– ADHD-diagnosen skal henge høgt
Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?