Overraskingar
Illustrasjonsfoto: Knut Fjeldstad / NTB scanpix
Epistel
Humøret til den grimme: Eg har ein ven som er lite pen. Han hadde vanskar med å finna ei kvinne som ville gifta seg med han, sjølv om han hadde alle gode kvalifikasjonar: fast arbeid, eigedom, pengar, han kom frå ein god familie, var høfleg og universitetsutdanna. Familien hans prøvde å hjelpa han med å finna ei kone, og mange aksepterte han når dei høyrde kva kvalifikasjonar han hadde. Men då dei møtte han, skifte dei meining og takka nei på grunn av utsjånaden hans.
Venen min har godt humør og vart ikkje såra. Han fortalde meg om ein gong då han var i basaren og møtte ei vakker kvinne i forbifarten. Ho kom mot han med eit strålande smil han fall for. Det var første gongen i livet han hadde møtt ei kvinne med eit så begeistra smil. Ho stoppa framfor han og sa:
– Det er som om du er send til meg av Gud i grevens tid. Kom med meg!
Ho tok handa hans, leidde han gjennom smaua til ein gullsmed og sa:
– Sjå på han! Han liknar på han.
Kvinna smilte og gjekk raskt ut av butikken. Venen min miste henne av syne. Han gjekk difor attende til gullsmeden for å få vita kva ho hadde sagt.
– Ho kom til meg og tinga ein ring med andletet til djevelen rissa inn. Eg sa til henne at eg ikkje hadde sett djevelen, så eg kunne ikkje ta på meg oppdraget. Då henta ho deg og sa at du liknar på djevelen.
Mat, seng og bustad: Ein vismann fortalde sonen at han aldri måtte slå av på krava når det gjeld livet og eksistensen hans.
– For det første må du eta den beste maten. For det andre må du sova i den beste senga. For det tredje må du bu i den beste bustaden.
Sonen lytta, smilte og sa:
– Far, du veit at vi er lutfattige og lever frå hand til munn. Korleis kan eg eta den beste maten, sova i den beste senga og bu i det finaste huset?
– Du kan det, son min! Om du berre et når du er svolten, vil det kjennast som om du et den beste maten som finst. Når du arbeider hardt om dagen og søv når du er sliten, utan å ha bore nag til nokon, då er senga den beste senga du søv i. Og når du er saman med andre menneske, behandlar dei godt og omtalar dei med respekt, kjem du til å bu i hjarta deira. Då har du alt den beste bustaden. Å bu i hjarta til andre menneske er den beste bustaden, son min.
Walid al-Kubaisi er forfattar og fast skribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
SKULE. Kring 1450 måla Isefjordmeisteren Jesu første skuledag i kalktaket i Tuse kyrkje på Jylland. Det ville vore historisk rettare med skriftrullar av papyrus enn bøker av pergament, som prega samtida til kunstnaren.
Foto: Kalkmalerier.dk
Skriveskule ved Nilen
Skrifthistorier: Ottar Grepstad skriv om makta i skrift gjennom tusenår.
Den tyske fotografen og filmskaparen Leni Riefenstahl saman med blant andre Adolf Hitler.
Foto: NTB
Portrett av ei kvinne i flammar
Kvart år får eit knippe filmkritikarar presentera ein utvald film på Tromsø Internasjonale Filmfestival. Eg valde ein dokumentar som etter nok eit gjensyn gjer meg usikker og fascinert.
Bollar til alle – alltid: Her er det sjølvaste Slottet som deler ut 3400 bollar i høve eit kongeleg jubileum.
Foto: Lise Åserud / NTB
Kor mange syrer må til for å lage ein sjokoladebolle?
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.
Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB
– ADHD-diagnosen skal henge høgt
Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?