Redsle og angst
Illustrasjonsfoto: Jens Meyer / AP / NTB scanpix
Epistel
Då dronninga vart sjuk, mislukkast alle legane som prøvde å lækja henne. Rådgjevarane rådde kongen til å nytta ein vis mann. Kongen takka for rådet, men ville først testa kunnskapane til vismannen. Før han skulle koma, bad kongen tenarane om å knyta eit sterkt tau om foten til ein katt som var skjult bak ei gardin.
Då vismannen kom inn i rommet, sa kongen:
– Bak gardina ligg ein pasient med eit tau om foten. Vi ynskjer at du gjev pasienten eit medisinsk råd utan å sjå han.
Vismannen tok i tauet, tenkte seg om og sa:
– Medisinen til denne pasienten er ei mus.
Kongen var nøgd med svaret og sende vismannen til kona. Før ho vart gift med kongen, var ho ei arabisk kvinne som budde i ørkenen. Vismannen undersøkte henne og sa:
– Dronninga er van med å eta gammalt, tørt brød og drikka sur yoghurt til. Et og drikk berre det i ei veke.
Etter ei veke var dronninga frisk. Maten på slottet var for feit.
Det merkelege var at vismannen var blind, men at ingen andre enn ein av disiplane hans visste om det.
– Eg vil ikkje at nokon annan skal få vita det. Difor må ein av oss døy, sa vismannen til disippelen, som òg var naboen hans.
Vismannen fortalde at han hadde ein plan om at dei båe skulle laga ei gift som den andre måtte drikka.
– Du er læremeisteren min, og eg er eit produkt av deg. Eg tek gifta du lagar. Om eg ikkje døyr, lagar eg gift til deg.
Vismannen samla hundre skorpionar og isolerte dei i ei flaske. Dei byrja straks å eta kvarandre. Den som vart att til slutt, hadde gifta til hundre skorpionar i seg. Vismannen ropa på naboen og sleppte skorpionen laus, slik at han beit disippelen. På førehand hadde disippelen sagt til kona at når han fall, måtte bror hans la han sitja i eit mjølkebad i ein time, kasta han på ein søppelhaug og så ta han til eit offentleg bad for å vaska han etter to timar. Kona og broren følgde rådet. Då dei såg at mjølkebadet vart grønt og tjukt som yoghurt, kasta dei han på søppelhaugen. Der samla flugene seg og saug gifta ut av han. Etterpå vaska dei han, og disippelen var frisk att.
Vismannen vart sjokkert då han høyrde at disippelen var i live. No måtte han sjølv vera budd på å ta gift.
Disippelen leigde to arbeidarar som fekk i oppdrag å slå på ei plate med sleggje – på skift, dag og natt.
Vismannen høyrde på levenet dag og natt medan han pønska på kva gift naboen ville gje han. Først miste han matlysta, så byrja han å tvila på alt, så kom angst og redsle. Den psykiske terroren gjorde at han døydde etter nokre dagar.
Å venta redsle og angst kan somme gonger drepa, men det drep ikkje dei som ikkje kjenner på redsle og angst.
Walid al-Kubaisi er forfattar og fast skribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Den tyske fotografen og filmskaparen Leni Riefenstahl saman med blant andre Adolf Hitler.
Foto: NTB
Portrett av ei kvinne i flammar
Kvart år får eit knippe filmkritikarar presentera ein utvald film på Tromsø Internasjonale Filmfestival. Eg valde ein dokumentar som etter nok eit gjensyn gjer meg usikker og fascinert.
Bollar til alle – alltid: Her er det sjølvaste Slottet som deler ut 3400 bollar i høve eit kongeleg jubileum.
Foto: Lise Åserud / NTB
Kor mange syrer må til for å lage ein sjokoladebolle?
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.
Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB
– ADHD-diagnosen skal henge høgt
Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?
Forfattar og siviløkonom Martin Bech Holte har vore både forskar i samfunnsøkonomi og leiar i næringslivet.
Foto: Agnete Brun
Når rikdom blir eit problem
Martin Bech Holte kjem med ein diskutabel analyse og friske fråspark i Landet som ble for rikt.