Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Sidene 2-3

Sanninga

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2414
20180713
2414
20180713

Epistel

«Tru på sanninga, men du treng ikkje nett å ropa henne ut!» sa tanta mi til meg. Ho var ein dyktig engelskomsetjar og lærde meg om opplysingstankar då eg var fjorten år. Eg underviste ein kamerat i matte, og han forstod ikkje særleg. «Du er dum!» sa eg til han då.

Grunna dette vart han ein fiende, og eg sleit med hatet hans i årevis. Eg meinte eg sa sanninga. Då lærde tanta mi meg å vega konsekvensane før eg sa sanninga. Ho fortalde meg ei historie som eg sidan gløymde ut.

Då eg kom til Noreg, las eg Vildanden. Ibsen fortel om det same: Sanninga er ikkje det beste om ho får fatale konsekvensar. Ibsen fortel om ein mann som trur blindt på sanninga. Han seier til ein annan mann som lever i harmoni og lukke med kone og dotter: «Dotter di er ikkje di, kona di hadde ein affære med ein annan mann.» Det førde til eit drap, og lukka vart til ulukke.

Då kom eg på historia tante fortalde meg: Under den franske revolusjonen vart tre menn dømde til døden: ein prest, ein advokat og ein fysikar.

Bøddelen la hovudet til presten under giljotinbladet og spurde han: «Kva er det siste ordet du ynskjer å seia?»

«Eg trur på Jesus, og han kjem til å berga meg!» svara presten.

Bøddelen heisa giljotinen, og bladet fall, men stogga ein halv meter over hovudet til presten. Då sa dommaren at presten var uskuldig og måtte setjast fri.

Så la bøddelen advokaten under giljotinen og spurde han: «Kva er ditt siste ord?»

Advokaten sa: «Eg er ikkje prest og kjenner ikkje Jesus, men trur på rettferda og at ho vil berga meg!»

Bøddeleg drog ut sperra, og det store bladet fall, men stogga ein halv meter over hovudet til advokaten. Dommaren sa: «Dette er eit prov på at han er uskuldig og må setjast fri!»

Så var turen komen til at fysikaren skulle leggja hovudet under bladet, og bøddelen spurde: «Kva er ditt siste ord?»

Fysikaren sa: «Eg er korkje ein prest som kjenner Jesus, eller ein advokat som kjenner rettferda, men eg er ein kunnskapens mann og ser at det er ein knute på tauet som gjer at bladet stoggar ein halv meter over hovudet mitt, og knuten vil berga meg slik han berga presten og advokaten.»

Bøddelen innsåg feilen, løyste knuten og avretta fysikaren. Han sa sanninga og måtte bøta for det med hovudet sitt.

Walid al-Kubaisi er forfattar og fast skribent i Dag og Tid.

Vi trykkjer ein epistel som har stått på trykk før, fordi
Walid er for sjuk til å skriva denne veka òg.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Thomas Hylland Eriksen på scenen i Klingenberg kino i Oslo i april, der han heldt føredraget «Syv meninger med livet».

Foto: Helge Øgrim

På tomannshandFeature

Ein forskar kryssar sitt spor

Thomas Hylland Eriksen hylla mangfaldet og ville dekonstruere fleirtalet. Men fann han svaret på dilemmaa knytte til innvandring?

HelgeØgrim

Stølspurka og dei to grisungane. Enno er alt berre velstand.

Alle foto: Svein Gjerdåker

ReportasjeFeature
Svein Gjerdåker

Soga om stølspurka

Verdas mildaste purke var med på stølen. Det gjekk ikkje som planlagt.

Israelske soldatar på veg inn i nabolaget Shijaiyah i Gaza by for å fordrive fleire hundre palestinarar til ein ukjend stad nord på Gazastipa.

Foto: Moti Milrod / Haaretz / AP / NTB

Meldingar
DagTuastad

Ramsalt kritikk av Israels krig i Gaza

Molok er ein page-turner med hendingar som skakar lesaren.

Gassleidningar i Moldova. Landet risikerer ei energikrise til neste år.

Foto: Aurel Obreja / AP / NTB

Samfunn
Sofie May Rånes

Moldova i skvis

Frå 1. januar kjem det ikkje meir gass til Europa gjennom Ukraina. Det kan bli alvorleg for energitryggleiken i Moldova.

Eit utval Tik-Tok-augneblinkar. Frå venstre Klassekampen-journalist Jo Røed Skårderud, som kallar seg Surjournalist, nyhendeprofilen Dylan «News Daddy» Page og Donald Trump som seier at han vil vurdere TikTok-forbodet.

Skjermdump

Samfunn

Nyhende ifølgje TikTok

Barn og ungdom føretrekkjer TikTok som nyhendekanal. Der opererer ferske nyhendeprofilar side om side med redaktørstyrte medium og propagandistar.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis