Sider ved livet
Foto: Kyrre Lien / NTB scanpix
Epistel
Når blodstraumen i arteriane vert blokkert, oppstår hjarteinfarkt. Når vasstraumen i elva vert blokkert, vert det flaum. Når framtida for menneske vert hindra, vert det revolusjon.
Eit fotballspelar sa: Eg gret ein gong då eg var ung fordi eg ikkje hadde fotballskor. Dagen etter såg eg ein mann utan føter. Då visste eg kor rik og privilegert eg var.
Eg leitar ikkje etter sorga. Ho kjenner visst adressa mi.
Lær av dei tre eigenskapane til falken: fridom, byrgskap og langsiktige blikk.
Drep ikkje myggen. Tørk ut sumpen.
Eg undrar meg over menneske som høyrer halvparten av ein samtale, forstår ein firedel av han og snakkar dobbelt så mykje.
Ekte venskap liknar på tilhøvet mellom auga og handa. Når handa kjenner smerte, fell tårer frå auga. Når tårene renn, tørkar handa dei vekk.
For å leva livet klokt må ein lytta til fornuftige eldre, gle seg over barnehjarta, store menneskelege prestasjonar og forstå tolmodet til dei fattige.
Ein gift mann sa i eit selskap:
– Kvinna er som skoen, ein kan byta han om ein finn passande storleik for foten.
Ein av dei som var til stades, heva blikket mot ein vismann og spurde:
– Kva seier du til dette?
– Det mannen seier er heilt rett. Kvinna er som sko ifølgje han som ser på seg sjølv som ein fot. Men kvinna er som ei krone ifølgje han som ser på seg sjølv som konge. Ikkje klandra han som seier det, men sjå på korleis han ser på seg sjølv.
Å be om orsaking er ein sofistikert kultur der den uvitande trur det er ei sjølvforærming.
Alt kan kjøpast unnateke gode hensikter for dei spring ut av ein magisk brønn i reine hjarta.
Berre ti personar var draumetydarar då eg var barn. I dag finst ti draumetydarar i kvar gate. Draumane aukar no til dags, kan henda fordi vi har vorte ein sovande nasjon?
Tagal sorg kvernar i hjarta heilt til det øydelegg det.
Norske vegar er utstyrte med kamera for å kontrollera fartsgrensa, men det er ikkje vegen til samvitet ditt. Ver obs!
Walid al-Kubaisi er forfattar og fast skribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
SKULE. Kring 1450 måla Isefjordmeisteren Jesu første skuledag i kalktaket i Tuse kyrkje på Jylland. Det ville vore historisk rettare med skriftrullar av papyrus enn bøker av pergament, som prega samtida til kunstnaren.
Foto: Kalkmalerier.dk
Skriveskule ved Nilen
Skrifthistorier: Ottar Grepstad skriv om makta i skrift gjennom tusenår.
Den tyske fotografen og filmskaparen Leni Riefenstahl saman med blant andre Adolf Hitler.
Foto: NTB
Portrett av ei kvinne i flammar
Kvart år får eit knippe filmkritikarar presentera ein utvald film på Tromsø Internasjonale Filmfestival. Eg valde ein dokumentar som etter nok eit gjensyn gjer meg usikker og fascinert.
Bollar til alle – alltid: Her er det sjølvaste Slottet som deler ut 3400 bollar i høve eit kongeleg jubileum.
Foto: Lise Åserud / NTB
Kor mange syrer må til for å lage ein sjokoladebolle?
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.
Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB
– ADHD-diagnosen skal henge høgt
Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?