Skattkammeret
Foto: Amr Nabil / TT / NTB scanpix
Epistel
Ramses var namnet på ein av dei rikaste faraoane i Egypt. Han samla den største mengda med gull i si tid, ein arv til etterkomarane. Faraoen fekk ein ingeniør til å byggja eit skattkammer knytt til palasset og plasserte gullet der. Ingeniøren var ein luring som sette ei steinblokk som kunne fjernast, i ytterveggen. Ingen kunne leggje merke til det, fordi handverkaren var så flink.
Då ingeniøren låg på dødsleiet, kalla han dei to sønene til seg og avslørte løyndommen. Då faren var død, gjekk dei til palasset, fjerna steinen i ytterveggen og forsynte seg med gull. Slik heldt dei fram til Ramses merka at noko var gale. Faraoen hadde ingen mistenkte, for han forsegla låsen kvar gong han hadde vore i skattkammeret.
Etter stadige plyndringar monterte faraoen ei felle etter same prinsipp som musefella og lenka ho fast til veggen med ein kjetting. Då brørne kom inn att og den eine famla seg fram i mørkret, gjekk han rett i fella. Då han innsåg katastrofen, ropa han åtvarande til broren:
– Forsyn deg med gull og kutt hovudet av meg, slik at ingen kjenner meg att og fangar deg òg!
Broren nølte, men innsåg visdommen i det. Han hogg hovudet av broren, tok det med seg og forsvann.
Då Ramses oppdaga tjuvkroppen utan hovud, fekk han panikk fordi låsen var forsegla. Korleis kom tjuven inn? Og korleis kom den eller dei andre på å fjerna hovudet på tjuven for ikkje å verta avslørte?
Ramses gav ordre om at liket skulle hengjast på ytterveggen av palasset, og at vaktene skulle pågripa alle som gret eller tok på liket, sidan dei då truleg ville vera pårørande.
Mor til tjuvane gret av sorg og sa til sonen:
– Gå ned og hent liket av bror din så vi kan gravleggja han med hovudet. Då vil ånda forlata kroppen. Gjer du ikkje det, går eg til faraoen og avslører dykk.
Sonen sette seg ned og tenkte ut ei lur løysing. Han tok med seg esla sine, lasta med vinkrukker, til palasset. I nærleiken av vaktene knuste han ei krukke og skreik slik at esla rømde i alle retningar. Han lest som om han var forvirra og ikkje visste i kva retning han skulle gå. Då vaktene såg vinsølet, henta dei skålene sine og fylte dei. Tjuven gav dei ei krukke kvar. Etter planen drakk vaktene, vart fulle og sovna. Då tok broren med seg liket og gravla det saman med hovudet.
Då faraoen høyrde om dette, innsåg han at tjuven var smart, ein mann å sjå opp til. Han sende difor brev til alle byar og lovde tjuven både amnesti og giftarmål med dottera.
Walid al-Kubaisi er forfattar og fast skribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Den tyske fotografen og filmskaparen Leni Riefenstahl saman med blant andre Adolf Hitler.
Foto: NTB
Portrett av ei kvinne i flammar
Kvart år får eit knippe filmkritikarar presentera ein utvald film på Tromsø Internasjonale Filmfestival. Eg valde ein dokumentar som etter nok eit gjensyn gjer meg usikker og fascinert.
Bollar til alle – alltid: Her er det sjølvaste Slottet som deler ut 3400 bollar i høve eit kongeleg jubileum.
Foto: Lise Åserud / NTB
Kor mange syrer må til for å lage ein sjokoladebolle?
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.
Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB
– ADHD-diagnosen skal henge høgt
Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?
Forfattar og siviløkonom Martin Bech Holte har vore både forskar i samfunnsøkonomi og leiar i næringslivet.
Foto: Agnete Brun
Når rikdom blir eit problem
Martin Bech Holte kjem med ein diskutabel analyse og friske fråspark i Landet som ble for rikt.