Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Sidene 2-3

Kongen og domaren

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen

Illustrasjonsfoto: Michael Probst / AP / NTB scanpix

2566
20180126
2566
20180126

Epistel

Då kongen ville vita om domaren i byen var rettvis, tok på seg kjøpmannskostyme og rei til byen. Der møtte han ein krøpling som tagg. Etter at han fekk gåva, bad krøplingen om å få vera med til bytorget. Kjøpmannen tok han på hesteryggen. Då dei kom fram til torget, nekta krøplingen å gå ned frå hesten og skreik:

­­– Hjelp! Denne mannen vil kasta meg av hesten min.

Dei som stod rundt, vart forvirra og tok dei to med til domaren som var oppteken med ei tjuverisak.

­– Då eg kjøpte smør, snappa smørseljaren lommeboka ut av handa mi, sa snikkaren.

– Det er lygn. Snikkaren kom for å kjøpa smør. Då eg fylte bollen hans, bad han meg om å veksla ein gullmynt. Då eg la pungen på bordet, tok han pengane og sprang, men eg klarte å nå han att.

Domaren bad dei leggja att pengane og koma attende neste dag.

Så sa domaren at kjøpmannen og krøplingen skulle reisa seg. Dei forklarte seg, kvar med sin påstand. Etter å ha tenkt seg om sa domaren at dei skule setja hesten i stallen og koma att dagen etter.

Neste dag møttest alle i retten. Domaren bad snikkaren og smørseljaren om å reisa seg.

­– Pengane er dine. Smørseljaren vert dømd til 50 stokkeslag, sa domaren til snikkaren.

Så bad han kjøpmannen og krøplingen om å reisa seg.

­– Kom til stallen og prøv om de kan kjenna att hesten av dei 20 hestane som står der, sa domaren.

Dei drog til stallen, og begge peika på den same hesten.

Då dei kom attende til rettssalen, hadde domaren domen klar:

– Hesten er din, sa han til kjøpmannen og bad vakta om å førakrøplingen til torget for å gje han 50 piskeslag.

Då domaren skulle heim att, følgde kjøpmannen etter han.

– Kva vil du, undra domaren.

– Eg vil vita korleis du forstod at pengane tilhøyrde snikkaren og at hesten tilhøyrde meg? Krøplingen og eg peika ut same hesten.

– I går la eg pengane i eit glas vatn. I dag tidleg såg eg at det ikkje fanst feitt frå smør på vassoverflata. Om pengane hadde tilhøyrt smørseljaren, ville vatnet ha vore feitt etter dei feittete fingrane hans. Difor gav eg snikkaren medhald. Eg visste at både krøplingen og du kjende hesten, men kven var det hesten kjende att? Då du kom nær, snudde hesten på hovudet og strekte seg mot deg. Men då krøplingen kom i nærleiken av han, reiste øyra seg. Altså vart han på vakt og flytta seg vekk. Slik visste eg at hesten var din.

– Eg er ingen kjøpmann. Eg er kongen. Eg kom til deg for å få vita om domaren eg valde, var rettvis og klok. Berre med rettvise kan riket mitt takast vare på.

Walid al-Kubaisi er forfattar og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eit russisk droneåtak råkar ei bustadblokk i Kyiv 10. januar.

Foto: Gleb Garanich / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Ingen Uber i Belarus

Å forstyrre GPS-system handlar ikkje berre om å forvirre russiske dronar. Det gjeld å dirigere dei slik at dei forlèt ukrainsk luftrom fullstendig.

Andrej Kurkov

SKULE. Kring 1450 måla Isefjordmeisteren Jesu første skuledag i kalktaket i Tuse kyrkje på Jylland. Det ville vore historisk rettare med skriftrullar av papyrus enn bøker av pergament, som prega samtida til kunstnaren.

Foto: Kalkmalerier.dk

Kultur
Ottar Grepstad

Skriveskule ved Nilen

Skrifthistorier: Ottar Grepstad skriv om makta i skrift gjennom tusenår.

Den tyske fotografen og filmskaparen Leni Riefenstahl saman med blant andre Adolf Hitler.

Foto: NTB

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Portrett av ei kvinne i flammar

Kvart år får eit knippe filmkritikarar presentera ein utvald film på Tromsø Internasjonale Filmfestival. Eg valde ein dokumentar som etter nok eit gjensyn gjer meg usikker og fascinert.

Bollar til alle – alltid: Her er det sjølvaste Slottet som deler ut 3400 bollar i høve eit kongeleg jubileum.

Foto: Lise Åserud / NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Kor mange syrer må til for å lage ein sjokoladebolle?

Gina Tandberg er utdanna litteraturvitar og har no skrive sin første roman.

Foto: Anna-Julia Granberg / Blunderbuss

BokMeldingar

Frisk debut

Litt forenkla kan ein seie at Gina Tandberg bygger opp eit heilt fagfelt, for så å rive det ned.

Ingvild Bræin

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis