Verdet
Illustrasjon: Kristin B. Bruun
EPISTEL
I den britiske kolonitida i India vart det rapportert at ein engelsk offiser gav ein indisk lutfattig borgar ein øyrefik. Den fattige indaren svara med å gje offiseren ein øyrefrik som var så hard at offiseren fall i bakken.
Offiseren trekte seg frå opptrinnet, sjokkert over hendinga, medan han tok opp att for seg sjølv: «Korleis vågar ein indar å slå ein offiser i det britiske imperiet, som styrer verda?»
Han gjekk til kommandosenteret og bad dei straffe indaren, som han meinte hadde gjort ei utilgjeveleg straffbar handling. Men den høge kommandanten roa ned offiseren, tok han til kontoret sitt, opna pengeskapet som vart stappfullt av rupiar, og sa:
– Ta 50.000 rupiar frå statskassa og gå til indaren og be om orsaking for at du gav han ein øyrefik. Gje han pengane som erstatning.
– Men fornærminga mot meg er samstundes retta mot Hennar majestet og Storbritannia, sa offiseren.
– Det er ein ordre, svara kommandanten.
Offiseren tok pengane og gjekk til den indiske borgaren. Då han fann han, sa offiseren:
– Eg håpar du vil akseptera orsakinga mi for at eg gav deg ein øyrefik. Ta imot 50.000 rupiar som erstatning og orsaking til deg.
Den indiske statsborgaren godtok orsakinga og tok imot gåva. Med dette gløymde han at han vart slegen av ein kolonist i heimlandet sitt. 50.000 rupiar var på den tida rekna som ein stor formue. Den fattige indaren kjøpte eit hus og ein rickshaw – ein trehjuling som vert brukt som drosje.
Indaren investerte pengane i handel og transportmiddel. Etter kvart vart han ein av dei rikaste mennene i byen, med mange tenarar og medarbeidarar. Han gløymde øyrefiken han hadde fått. Men det gjorde ikkje britane. Etter ei stund kalla kommandanten offiseren til seg og sa:
– Det er på tide å leita etter indaren som gav deg ein øyrefik. Utan introduksjon gjev du han ein kraftig øyrefik.
Offiseren følgde ordren og gjekk til den rike, indiske mannen som var omgjeven av tenarar og livvakter. Offiseren lyfte handa og gav indaren ein øyrefik med alt han hadde av styrke, slik at mannen fall i golvet. Indaren torde korkje å visa nokon reaksjon eller å lyfta blikket mot andletet til offiseren.
Offiseren vart forbløffa og gjekk attende til kommandanten:
– Første gongen slo han att. I dag reagerte han ikkje. Kvifor?
– Den første gongen hadde han ikkje noko anna enn sjølvrespekten. Difor forsvara han den. Då han selde sjølvrespekten for 50.000 rupiar, hadde han berre rikdomen og eigne interesser att. Han forsvarar det med ikkje å reagera i frykt for å mista dei.
Walid al-Kubaisi er forfattar og fast skribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.
Foto: Christiane Jordheim Larsen
Alle auge på Grønland
NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk.
Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.
Foto frå filmen
Filmglede
Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.
Albumet som no er ute, tek utgangspunkt i spesifikke Aphex Twin-konsertar.
Skjermdump frå YouTube
Raritetar i utval
Enkeltpersonorkesteret Aphex Twin samlar «djupe kutt» i utval til glede for store og små.
Den svenske Duo SolRoos, med luttspelaren Dohyo Sol og blokkfløytisten Emilie Roos.
Foto: Alf Ljungquist
Meistermøtet
Duo SolRoos gjev oss atterklangar av Weiss og Bach i samspel.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?