Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Sidene 2-3

Visdomen til reven

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen

Foto: Kay Nietfeld / AP / NTB scanpix

Foto: Kay Nietfeld / AP / NTB scanpix

1464
20180209
1464
20180209

Epistel

Ein dag reven vitja dyrekongen, kom ulven, som var kammerherre, inn og sa:

– Dykkar majestet, krigsbytet er kome med tre feite kyr.

Løva bad om råd hjå kammerherren.

–?Kva er føremonen med å ha tre feite kyr? Vi har ikkje plass til dei, og dei må konkurrere med dyra våre om fôr og beite. Gje meg eit råd om kva eg bør gjera med dei!

Ulven vart ivrig etter å gje eit fornuftig råd.

– Eg tilrår at Dykkar majestet tek den største kua, at eg får den mellomstore, og at reven får den minste.

Auga gneistra då løva svara ulven.

– Din idiot! Så du skal ha like mykje som eg? Måler du deg med meg som er kongen?

Løva gjekk til åtak på ulven, sette tennene i halsen hans, og straks flaug ulvehovudet gjennom lufta og landa framfor føtene til reven.

– Og du, rev, har du noko råd om kva vi kan gjera med tre feite kyr, ropa løva.

– Dykkar majestet, eg har eit råd som eg håpar du vil lytta til.

– Kom med det!

Reven skunda seg å svara, skakande av dødsangst:

– Dykkar majestet, du slit for undersåttane dine og treng mat som gjev deg styrke til å halda lov og orden i jungelen. Eg meiner du bør eta den mellomstore kua om morgonen, den store kua til middag og at den minste vert kveldsmat.

No vart tyrannkongen glad og spurde spent:

– Rev, kven lærte du all denne imponerande visdomen frå?

– Av ulvehovudet som kom flygande gjennom lufta og landa framfor føtene mine.

Walid al-Kubaisi er forfattar og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Epistel

Ein dag reven vitja dyrekongen, kom ulven, som var kammerherre, inn og sa:

– Dykkar majestet, krigsbytet er kome med tre feite kyr.

Løva bad om råd hjå kammerherren.

–?Kva er føremonen med å ha tre feite kyr? Vi har ikkje plass til dei, og dei må konkurrere med dyra våre om fôr og beite. Gje meg eit råd om kva eg bør gjera med dei!

Ulven vart ivrig etter å gje eit fornuftig råd.

– Eg tilrår at Dykkar majestet tek den største kua, at eg får den mellomstore, og at reven får den minste.

Auga gneistra då løva svara ulven.

– Din idiot! Så du skal ha like mykje som eg? Måler du deg med meg som er kongen?

Løva gjekk til åtak på ulven, sette tennene i halsen hans, og straks flaug ulvehovudet gjennom lufta og landa framfor føtene til reven.

– Og du, rev, har du noko råd om kva vi kan gjera med tre feite kyr, ropa løva.

– Dykkar majestet, eg har eit råd som eg håpar du vil lytta til.

– Kom med det!

Reven skunda seg å svara, skakande av dødsangst:

– Dykkar majestet, du slit for undersåttane dine og treng mat som gjev deg styrke til å halda lov og orden i jungelen. Eg meiner du bør eta den mellomstore kua om morgonen, den store kua til middag og at den minste vert kveldsmat.

No vart tyrannkongen glad og spurde spent:

– Rev, kven lærte du all denne imponerande visdomen frå?

– Av ulvehovudet som kom flygande gjennom lufta og landa framfor føtene mine.

Walid al-Kubaisi er forfattar og fast skribent i Dag og Tid.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eit russisk droneåtak råkar ei bustadblokk i Kyiv 10. januar.

Foto: Gleb Garanich / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Ingen Uber i Belarus

Å forstyrre GPS-system handlar ikkje berre om å forvirre russiske dronar. Det gjeld å dirigere dei slik at dei forlèt ukrainsk luftrom fullstendig.

Andrej Kurkov

SKULE. Kring 1450 måla Isefjordmeisteren Jesu første skuledag i kalktaket i Tuse kyrkje på Jylland. Det ville vore historisk rettare med skriftrullar av papyrus enn bøker av pergament, som prega samtida til kunstnaren.

Foto: Kalkmalerier.dk

Kultur
Ottar Grepstad

Skriveskule ved Nilen

Skrifthistorier: Ottar Grepstad skriv om makta i skrift gjennom tusenår.

Den tyske fotografen og filmskaparen Leni Riefenstahl saman med blant andre Adolf Hitler.

Foto: NTB

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Portrett av ei kvinne i flammar

Kvart år får eit knippe filmkritikarar presentera ein utvald film på Tromsø Internasjonale Filmfestival. Eg valde ein dokumentar som etter nok eit gjensyn gjer meg usikker og fascinert.

Bollar til alle – alltid: Her er det sjølvaste Slottet som deler ut 3400 bollar i høve eit kongeleg jubileum.

Foto: Lise Åserud / NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Kor mange syrer må til for å lage ein sjokoladebolle?

Gina Tandberg er utdanna litteraturvitar og har no skrive sin første roman.

Foto: Anna-Julia Granberg / Blunderbuss

BokMeldingar

Frisk debut

Litt forenkla kan ein seie at Gina Tandberg bygger opp eit heilt fagfelt, for så å rive det ned.

Ingvild Bræin

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis