JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Tidtrøyte

Katt i mørker

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
4778
20240809
4778
20240809

Her i bokstova vil me ikkje gjere ein katt fortred. På generelt grunnlag er me imot dyreplaging. Difor vil me sleppe katten ut av sekken, og i det høvet vil me òg rette ein oppdragande peikefinger mot folk som går omkring og seier: «I mørkeret er alle kattar grå.»

Det er nemleg slett ikkje slik at om du har ein katt som er svart eller kvit, så får katten ein annan kulør berre du slår av lyset. Nei, katten er framleis svart eller kvit, også i mørkeret.

Snakk litt med katten. Om du er i beit for noko å seie til pus, har boklækjaren hatt ein viss suksess med å avsløre for katten at når han er borte, dansar musene på bordet. Slik får du katten til å halde seg heime. Då vil han heller gå ein ekstra runde rundt den varme grauten.

Gunder Runde skriv: «Ei lita flis av ei diktsamling, nesten usynleg i hylla. Men diktaren er stor. Ho heiter Ann Jäderlund, er fødd i 1955 (Laxness), og debuterte i 1985. Seinare har ho gitt ut mange diktsamlingar, eit par lyrikksamlingar for born, og minst eitt skodespel. Den spinkle boka frå 1995 ber tittelen Mørker mørke mørkt krystallar i den norske omsettinga (ved Gunstein Bakke og Gunnar Værness), og når eg leitar etter drøvtyggjarar, finn eg fleire gonger geita nemnd, og også eit par gonger ei brun ku. Forfattaren er godt kjend i heimlandet Sverige, og var mellom anna i si tid sentral i ein debatt om vanskeleg tilgjengeleg lyrikk. Ho har vore nominert til Nordisk råds litteraturpris (2020) og kan slå i bordet med ei rad litterære prisar i heimlandet. Dagens aktuelle bok er merkt av mørke, seier litteraturkjennarane. Om ho får like mykje omtale her i landet som ho får i Sverige, er ikkje godt å seie.»

Gunnar Bæra skriv: «Dette vart ei krevjande oppgåve, for å bruke eit av dei nyaste politiske moteorda. Arbeidskrevjande fordi eg ikkje fekk treff på dei første digitale søka. Eg brukte difor over ein time på Løten bibliotek for å bla gjennom heile lyrikkhylla – til fånyttes. No ja, eg kom over mange gode bøker som eg nikka attkjennande til, men ’ikkje ho som eg vilde ha’, for å sitere Hellbillies. Eg bytte difor taktikk og tok for meg nynorskvenlege forlag og deretter søk på årstala lyrikaren skulle vera fødd. Då kom eg over eit namn og ein tittel som høvde godt: Ann Jäderlund hadde gjeve ut Mørker mørke mørkt krystallar. Ho hadde publisert eit tital diktsamlingar og to barnebøker. Spørsmålet var no om ho hadde skrive om to drøvtyggarar. Boka var for ny til at eg fekk tilgang i Bibsys, men i eit samandrag fann eg ei geit. Som cand.reol og bibliotekar emeritus har eg fleire hjelperåder i verktøykassa mi. I Biblioteksøk fann eg kva for bibliotek i Noreg som har boka, men det vart for langt å køyre. Eit alternativ var Bibliotektransport som henta boka og leverte henne på lokalbiblioteket mitt. Slik vart då oppgåva løyst. I boka har forfattaren skrive geit tolv gonger, ku eller kyr tre gonger og lam to gonger.»

På oppgåve 1635 fekk me krystallklåre svar frå desse klokingane: John Olav Johnsen, Signar Myrvang, Eli Winjum, Ragnhild Eggen, Paul Henrik Hage, Per Skjæveland, Skeisebibliotekaren i LASK, Vigdis Hegna Myrvang, Eli Hegna, John Dag Hutchison, Karle Gjernes, Ingebjørg Sogge, Ingrid Elisabeth Kåss, Fritjof Lampe, Inger Anne Hammervoll, Gunnlaug og Tor Inge på Gullhaugen, Reidar Birkeland, Folke Kjelleberg, Olav Holten, Jorunn Øxnevad Lie, Kjell Helge Moe, Per Trygve Karstensen, Eirik Holten, Inger Merete, Kirsti og Grete, Gunder Runde, Jarle Fanebust, Sissel Gunnarshaug, Tiril Bonnevie, Nils Farstad, Audun Gjengedal, Ole Husby, Robert Øfsti, Inger Margrethe Berge, Marta Kløve Juuhl, Gunnar Bæra, Laurits Killingbergtrø, Olav B. Larsen, Sigrun Gjengedal Ruud, Gunnar Eide, Magnhild Reisæter, Irene og Tore på Tranby, Torleik Stegane og Ole G. Evensen. Dei siste skal bli dei fyrste. I dag heiter bokvinnaren Ole G. Evensen. Gratulerer!

Klok på bok 1637

Da begynte en ny æra i bokhylla, og i henne, en tid med Jung, Janov, Fromm, astrologi, magneter, krystaller og tarotkort, der ingenting utelukket noe annet. Hun gikk på drømmetyding og ayurvedisk massasje, hadde små hauger av rårevne rotfrukter på tallerkenen mens vi andre spiste middag, og brukte en formue på en mann som sto og pendlet en kule i en snor over kroppen hennes mens han stilte spørsmål til hennes indre organer.

Sitatet er frå side 132 i boklækjarutgåva som er frå i år. På originalspråket kom boka ut i 2022. Me skal fram til ein forfattar som er fødd i eit år då nobelprisen i litteratur gjekk til ein forfattar som skreiv på spansk. Førenamnet til forfattaren er utan konsonantar. Før eg godkjenner svaret, vil eg vete namnet på mora til forteljaren i boka. Send inn namn på mor til forteljar, namn på forfattar og tittel på verk til klok@dagogtid.no. Svarfristen er til og med 17. august.

Medikus Libri

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Tordis Ørjasæter er 97 år gamal og reflekterer rundt det å bli eldre, om litteratur, og dagane som går, og tida som har gått.

Foto: Mari Parelius Wammer / Cappelen Damm

LitteraturKultur

Å gå på vatnet i ein blå draum

– Alt er så sterkt no som døden er så nær. Og eg drøymer så mykje og så intenst, ei natt drøymde eg at eg gjekk på vatnet!

Hilde Vesaas

Skulpturen «Moren» av Tracey Emin utanfor Munchmuseet i Oslo.

Foto: Anne-Line Aaslund

KunstFeature
ÅshildEliassen

«Moren» og søstrene hennar

Kor original er den ni meter høge skulpturen «Moren», som er plassert utanfor Munchmuseet? Før avdukinga 4. juni 2022 hadde kunstnaren Tracey Emin alt produsert og stilt ut nær identiske skulpturar på tre meter.

Kor mykje skal den enkelte forelder ha å seie over barnet? Spørsmålet er til vurdering når barnelova skal oppdaterast.

Foto: Sara Johannessen Meek / NTB

PolitikkSamfunn
Christiane Jordheim Larsen

Flytterett eller vetorett?

Skal mor eller far kunne ta med seg barna og flytte langt bort etter eit samlivsbrot? Barne- og familiedepartementet vil gjere det vanskelegare for fleire, men møter motstand.

Jasmine Trinca i hovudrolla som Maria Montessori, som med ein ny pedagogikk la grunnlaget for montessoriskular over heile verda.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Traust revolusjon

Det er null nytt i filmen om nyskapingane til Maria Montessori.

Låvesvala er ein utprega insektetar og jaktar helst i flukt. Dei korte beina eignar seg dårleg til å gå med, men er sterke til å gripe og finne feste.

Foto: Sveinung Lindaas

Feature

Låvesvalehale

For å bestemme alder og kjønn hjå ei låvesvale skal ein ty til fargane i fjørdrakta og til lengda på dei ytste halefjørene.

Naïd Mubalegh

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis