JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

QuizTidtrøyte

Hint for hint

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2861
20241004
2861
20241004

Kva slags velgjerar?

5 POENG: Denne typen velgjerar har namn etter ein norsk organisasjon som vart stifta i 1990. Etter usemje vart ein ny organisasjon stifta i 2005. Det er lett å forveksle dei to namna. Heile rørsla går tilbake til eit prosjekt i Sverige i 1980-åra.

4 POENG: Den første organisasjonen har slagordet «Gatelangs siden 1990». Medlemmane er vaksne friviljuge.

3 POENG: Kvar velgjerar er uniformert i refleksvest med logo. Fasitsvaret kan òg vere ein dyreart og ein ranglefant.

2 POENG: Dei vandrar rundt for å skape tryggleik når ungdommar er ute seint.

1 POENG: Båe organisasjonane er på tynn ornitologisk is, sidan dei har ein svart kråkefugl i logoen.

Kva arrangement?

5 POENG: Dette arrangementet er årleg. Første gong var i 1939. Då hadde Clemens Krauss den sentrale rolla. Willi Boskovsky gjorde det same i ein mannsalder (1955–1979). I år var det Christian Thielemann.

4 POENG: Arrangementet når ut til rundt rekna 50 millionar. Norske sjåarar har vorte loste gjennom av Arild Erikstad i rundt 30 år.

3 POENG: Arrangementet er i bygningen Musikverein. Radetzkymarsjen kjem alltid til slutt.

2 POENG: Det er Wienerfilharmonien som speler. Utgangspunktet er musikken til Strauss-familien.

1 POENG: Førsteutgåva var 31. desember. Sidan då har konserten alltid vore dagen etter.

Kva hunderase?

5 POENG: Me kan spore denne rasen tilbake til 1800-talet. Me trur ein kryssa lokale hundar med foxhound og gjerne harrier og beagle. Mankehøgda er 50–60 centimeter. Han vart tidlegare kalla bisseberghund.

4 POENG: Han er oftast kvit med ein og annan svart flekk og raudbrun teikning. Han jaktar på hare og rev.

3 POENG: Dei seks andre godkjende norske hunderasane er desse: hygenhund, dunker, norsk elghund grå, norsk elghund svart, norsk lundehund og norsk buhund.

2 POENG: Han har namn etter ein by og kjem truleg frå der omkring. Eit anna gamalt namn er ankerstøvar.

1 POENG: Bytt ut familienamnet Anker. Me skal til Østfold.

Kva person?

5 POENG: Denne mannen er kjend under eit tilnamn som tyder lastefull, ustyrleg person. Han oppfatta seg sjølv som ein Herrens tenar, ein strannik («vandrar»).

4 POENG: Feliks Jusupov stod i spissen for drapet på han. Målet var å redde monarkiet. Liket vart funne i elva Neva.

3 POENG: Mystikaren (1869–1916) fekk makt gjennom monarkparet. Dei trudde han kunne lækje sonen for blødarsjukdom.

2 POENG: Paret var Nikolaj 2. og Aleksandra av Russland. Ein song av Boney M. fortel både sanningar og mytar om han.

1 POENG: Tilnamnet kjem av ordet rasputnyj.

Svar på hinta:

Kva slags velgjerar: Natteramn (Organisasjonane heiter høvesvis Natteravnene og Stiftelsen Natteravnene. Logofuglane ser ut som arten ramn, ikkje arten natteramn.)

Kva arrangement: Nyttårskonserten (Den sentrale rolla er dirigent.)

Kva hunderase: Haldenstøvar

Kva person: Grigorij Rasputin (Songen heiter «Rasputin».) 

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Setten vindpark nordaust for Setskog i Akershus.

Foto: Geir Olsen / NTB

Ordskifte

«Eg trur ikkje 'folk flest' er klimaskeptikarar, dei er derimot sterkt imot tiltaka som vert sette inn.»

TrondSundby

Erik Bjerck Hagen er professor i allmenn litteraturvitskap ved Universitetet i Bergen.

Foto: Hedda Cecilie Hagen

BokMeldingar

Kielland i fyr og flamme

Erik Bjerck Hagen gjev oss eit gjensyn med heile romanuniverset til Alexander Kielland og klarer å visa fram kvalitetane.

Jan Inge Sørbø

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis