JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

QuizTidtrøyte

Hint for hint veke 41

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2856
20241011
2856
20241011

Kva slags ferd?

5 POENG: Eit reknestykke på denne typen ferd kan vere 1 + 1,5 + 2 + 100. Svaret er eit omgrep som skriv seg frå eit avisintervju i 2002.

4 POENG: Reisande på ei slik ferd kjenner fort òg talet 10 kilogram. Omgrepet har norsk opphav, sjølv om fenomenet ikkje er særnorsk. Intervjuet var i Dag og Tid.

3 POENG: Intervjuobjektet var Lars Sponheim, dåverande landbruksminister. Førsteleddet i svaret er eit mannsnamn.

2 POENG: For mange nordmenn går ein slik tur til Strömstad, Svinesund, Töcksfors eller Charlottenberg.

1 POENG: Ordet tyder «tur til utlandet for å kunne kjøpe varer til lågare prisar enn i heimlandet».

Kva person?

5 POENG: Denne personen vart den første av sitt slag på 629 år. Vedkommande vart ein banebrytar i heimlandet 15. mai 1953 og busette seg etterpå 10.000 kilometer unna.

4 POENG: Personen budde i det nye heimlandet Brasil til sin død i 2012. Personen vart kjend for sosialt arbeid, men òg for spisse replikkar.

3 POENG: Personen opna dei olympiske vinterleikane i 1952. Fødselsdagen 9. juni var tidlegare offisiell flaggdag.

2 POENG: Det banebrytande i Noreg var å ikkje gifte seg kongeleg. Ektemannen var motstandsmannen og skipsreiaren Erling Lorentzen.

1 POENG: Ho vart storesøster til prinsesse Astrid og prins Harald.

Kva dyr i Bibelen?

5 POENG: Dette dyret er nemnt nokre titals gonger i Bibelen. Til dømes seier Salomos ordtak at dyret «har ingen konge, endå rykkjer dei fram i formasjon» (30,27).

4 POENG: Dyret har ei hovudrolle i Joels bok, ein av dei tolv småprofetane. Han kommenterer ein invasjon av slike, ser det som eit varsel.

3 POENG: I øydemarka levde døyparen Johannes av dette dyret og villhonning.

2 POENG: Dyret var den åttande av dei ti landeplagene over Egypt. Dyret er eit insekt, slik som dei tidlegare plagene lus og insektsvermar.

1 POENG: Me får tru Johannes høyrde stridulasjonen, den gnissande songen.

Kva sport?

5 POENG: Kven er tidenes beste i denne sporten? Somme vil svare amerikanske Walter Ray Williams jr. Han held rekorden for flest sigrar i den største turneringsserien, 47 stykke.

4 POENG: Serien heiter PBA Tour. Sporten er ikkje olympisk, men var demonstrasjonsgrein i 1988. Dei fremste norske utøvarane er Arne Svein Strøm og Tore Torgersen.

3 POENG: For folk flest er det ein vanleg fritidsaktivitet. Det finst hallar over heile Noreg. Den maksimale poengsummen i kvar serie er 300.

2 POENG: 300 poeng er å få tolv strike på rad.

1 POENG: Strike er å kaste så kula velter alle ti kjeglene.

Svar på hinta:

Kva slags ferd: Harrytur (Reknestykket er eit døme på avgiftsfri kvote: 1 liter brennevin + 1,5 liter vin + 2 liter øl + 100 sigarettar. Talet 10 kilogram gjeld kjøt, mjølk, ost og andre matvarer.)

Kva person: Prinsesse Ragnhild (Ho var den første prinsessa fødd på norsk jord på 629 år.)

Kva dyr i Bibelen: Grashoppe

Kva sport: Bowling

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Setten vindpark nordaust for Setskog i Akershus.

Foto: Geir Olsen / NTB

Ordskifte

«Eg trur ikkje 'folk flest' er klimaskeptikarar, dei er derimot sterkt imot tiltaka som vert sette inn.»

TrondSundby

Erik Bjerck Hagen er professor i allmenn litteraturvitskap ved Universitetet i Bergen.

Foto: Hedda Cecilie Hagen

BokMeldingar

Kielland i fyr og flamme

Erik Bjerck Hagen gjev oss eit gjensyn med heile romanuniverset til Alexander Kielland og klarer å visa fram kvalitetane.

Jan Inge Sørbø

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis