Sanksjonar
Pascal Hansens, Sigrid Melchior, Maxence Peigné og Harald Schumann, Investigate Europe
redaksjonen@dagogtid.no
Sidan den russiske invasjonen av Ukraina i februar 2022 har 27 EU-land vedteke totalt elleve sanksjonspakkar retta mot råvarer som olje, kol, stål og tømmer. Men råvarer som EU ser på som «kritiske» eller «strategiske» – 34 til saman – vert framleis fritt importerte frå Russland til Europa i store mengder. Dette gjev verdfulle inntekter for den russiske staten og oligarkeigde verksemder.
Storbritannia har nyleg innført forbod mot import av russisk kopar, aluminium og nikkel. Men elles i Europa held importen fram. Airbus og andre europeiske selskap kjøper framleis titan, nikkel og andre råvarer frå selskap kontrollerte av Kreml, meir enn eitt år etter invasjonen av Ukraina, viser data Investigate Europe har analysert.
Avgjerande og lovlege
EU er storforbrukar av sjeldne jordartar og andre kritiske mineral, men er avhengig av andre for å skaffe dei. Ti land dominerer utvinninga av kritiske råvarer, særleg Kina, Russland, Chile og Den demokratiske republikken Kongo.
Mellom mars 2022 og juli i år importerte Europa kritiske og strategiske råvarer for 13,7 milliardar euro (rundt 160 milliardar kroner) frå Russland, viser data frå Eurostat og EUs Joint Research Centre. Forsyningar av nikkel stod for rundt 10 prosent av importverdien. European Policy Centre, ei tankesmie i Brussel, trur at opptil 90 prosent av visse typar nikkel som blir brukte i Europa, kjem frå russiske leverandørar.
– Kvifor er ikkje kritiske råvarer forbodne? Fordi dei er kritiske, ikkje sant? Lat oss vere ærlege, sa EUs spesialutsending for sanksjonar, David O’Sullivan, på ein konferanse i september.
Les også: «Frå Kirkenes liknar sanksjonane hykleri»
EU har desperat behov for kritiske råvarer for å bli klimanøytral innan 2050. Utan nikkel, kopar, grafitt, litium og mange andre mineral ville du ikkje hatt mobil, PC eller elbil. Ikkje ville det vore mogleg å byggje nye overføringskablar for straum og vindmøller eller leggje solceller på taket heller. Minerala er også viktige for forsvarsindustrien og romfarten. Likevel er det mangel på dei. Minerala er ujamt tilgjengelege i verda, og alle vil ha dei.
Finansierer Russland
Den europeiske mineralimporten finansierer både russisk krigsøkonomi, russiske oligarkar og statlege selskap. Sjølv om søkjelyset har vorte retta mot einskildeigarar, har EU ikkje sanksjonert russiske gruveselskap. Smetthòlet er endå meir påfallande fordi USA og Storbritannia derimot har sanksjonert fleire selskap direkte.
Ein analyse av russiske tolldata viser at selskapet Vsmpo-Avisma, verdas største titanprodusent, selde titan for minst 308 millionar dollar til EU-land via sine filialar i Tyskland og Storbritannia frå februar 2022 til juli 2023. Selskapet er deleigd av det russiske forsvarskonglomeratet Rostec. Desse to selskapa har same styreformann: Sergej Tsjemezov, ein nær alliert av Putin. Dei var begge KGB-offiserar i Aust-Tyskland på 1980-talet.
Både Tsjemezov og Rostec er under EU-sanksjonar sidan dei er knytte direkte til russisk våpenindustri. Men EU har ikkje sanksjonert selskapet Vsmpo-Avisma direkte, i motsetnad til USA, sjølv om selskapet var «direkte involvert i produksjon og framstilling av titan- og metallprodukt for det russiske militæret og tryggingstenestene».
Ein av Vsmpo-Avismas største europeiske kundar er Airbus, flygiganten som delvis har den franske, tyske og spanske staten som eigarar. Frå februar 2022 til mars 2023 importerte Airbus titan frå Russland for minst 22,8 millionar dollar, ei firedobling i verdi og vekt samanlikna med dei føregåande 13 månadane.
Airbus
Frå mars 2023 slutta Vsmpo-Avisma å identifisere kjøparane i tolldeklarasjonane, men ingenting tyder på at handelen med Europa er på hell. Titanimporten til Frankrike gjekk berre svakt ned i perioden fram til juli 2023. Airbus oppgav framleis selskapet som leverandør i juli.
– Vi har ingen kommentar til detaljane og utviklinga i våre innkjøp av titan. Airbus er i ferd med å auke produksjonen av kommersielle fly, noko som har innverknad på importmengda, seier ein talsperson for Airbus.
Sjølv om det vil ta tid, er Airbus likevel i ferd med å gjere seg mindre avhengig av Russland, seier talspersonen.
Nornickel, verdsleiar i palladium og høgverdig nikkel, eksporterte nikkel og kopar for 7,6 milliardar dollar til EU via finske og sveitsiske dotterselskap mellom krigsutbrotet og juli 2023.
Selskapet sende òg palladium, platina og rhodium for over tre milliardar dollar til flyplassen i Zürich. I 2022 gjekk nesten 50 prosent av Nornickels sal til Europa. EU har ikkje sett i verk sanksjonar mot konsernet eller styreleiaren og den største aksjonæren, oligarken Vladimir Potanin. Potanin er tidlegare visestatsminister og sanksjonert av USA og Storbritannia.
Skatteparadis
Aluminiumsgiganten Rusal bruker òg skatteparadis til å sluse mineral til Europa. Rusal eig det største aluminiumoksidraffineriet i EU, i Irland, og eit smelteverk i Sverige. Selskapets Jersey- og Sveits-baserte handelshus innførte aluminium for minst 2,6 milliardar dollar til EU dei første 16 månadane etter invasjonen i Ukraina. I august 2023 opplyste Rusal at Europa framleis stod for ein tredjedel av inntektene til selskapet. Hovudaksjonæren i Rusal er oligarken Oleg Deripaska, også han sanksjonert av EU.
Det er uforståeleg at denne sektoren har unngått sanksjonar, meiner antikorrupsjonsorganisasjonen Transparency International.
– Dei er ein del av systemet som bidreg til Putins krig, seier rådgjevar Roland Papp.
– Det er difor logisk å forby import av desse kritiske råvarene frå Russland, slik det er gjort for andre sektorar og varer, seier han.
Verken Vsmpo-Avisma, Rusal eller Nornickel har svart på førespurnader om kommentar frå Investigate Europe.
Då krigen i Ukraina braut ut, var Europa avhengig av Russland for 30 prosent av tilførselen av nikkel, 35 prosent av aluminiumoksid og 15 prosent av aluminium, ifølgje eit internt notat frå handelsorganisasjonen Eurometaux. Russland står for 41 prosent av verdas palladiumproduksjon og opptil 25 prosent av vanadiumproduksjonen.
– Russland er eit stort land og rår over ein stor del av dei strategiske reservane av kritiske råstoff, på linje med Kina, seier Oleh Savytskyj frå Razom We Stand, ein ukrainsk organisasjon som jobbar for å stanse alle investeringar i russisk olje og gass.
– Eit autoritært styre og mangel på miljø- og menneskerettar gjer det også svært attraktivt å investere i utvinning av Russlands naturressursar, seier Savytskyj.
Polen
Europas avhengnad av Russland burde ha vore stoppa tidlegare, meiner Roland Papp i Transparency International.
– Vi har hatt nok tid til å reagere. Annekteringa av Krym kom i 2014, og krigen i Georgia for 15 år sidan. Og kva har vi gjort sidan? Vi har gjort oss endå meir avhengige av Russland.
Ein polsk diplomat seier at Polen har pressa EU til å «kople seg heilt av» Russland på fleire område. «Men av omsyn til semje og effektivitet rundt vedtak av nye sanksjonspakkar har vi blitt einige om å utsetje enkelte tiltak.»
Derfor er det gjort unntak for viktige råvarer. Og derfor kan europeiske selskap framleis investere pengar i russiske gruver for å utvinne nikkel, titan og andre viktige metall.
Og det er ikkje berre å forby importen. Det blir vanskeleg å gjere Europa uavhengig av Russlands kritiske og strategiske råvarer. Det er krevjande å erstatte leverandørar og inngå nye internasjonale avtalar. Det er også utfordrande å finne råvarer, til dømes titan eller kopar, med tilsvarande kvalitet og pris som dei russiske.
Europa kan tape stort
Om ein innfører toll eller bryt handelsband for fort, kan det føre til ein global prisauke som vil skade europeiske kjøparar og vere ein fordel for Russland. Eit forbod kan også få India, Iran og Kina til å auke sine innkjøp, noko som igjen vil føre til vidare utarming av viktige råvarekjelder for industri i Europa.
Europa er så avhengig av russiske mineral at eit forbod mot import av desse materiala kan ende med å koste meir for europeisk produksjon enn det vil koste Russland, trur også Ukrainas tidlegare minister for handel og økonomisk utvikling, Tymofiy Mylovanov. I dag er han rektor ved handelshøgskulen i Kyiv.
EU-kommisjonen la i mars fram ei ny lov som skal bidra til å gjere EU mindre avhengig av tredjeland for leveransar av kritiske råvarer.
Framlegg til ein tolvte sanksjonspakke er venta dei komande vekene. EU-leiinga håpar dei nye sanksjonane vil auke presset på den russiske økonomien og svekkje landets kampkraft på slagmarkene i Ukraina. Restriksjonar på kritiske råvarer ser ikkje ut til å vere aktuelt.
Omsett av Amund Trellevik