Mat
Krydder til lam
Den tradisjonelle lammesteika blir ofte servert som sjølve påskemiddagen.
Foto: Stian Lysberg Solum / NTB
Påska er over, kvardagen er her – og det som kan seiast om kvardagane, er at dei sjeldan inneheld lammekjøt. Ein sjettedel av alt lam som vert ete på eit år her i landet, vert nemleg servert i påskeveka.
Sannsynlegvis er påskelammet det einaste det norske folket har att av påverknad frå dei heilage kristne skriftene. Folk flest er jo ikkje så kristne – folk et lam i påska fordi folk et lam i påska, og det er nok slik at mange i det heile ikkje tenkjer eit plukk på at måltidet har ei religiøs kjelde.
Dei heilage skriftene no til dags, det er jo tilbodsavisene og annonsane i TV-reklamen. Media er sjølvsagt breiddfulle av lammeoppskrifter desse dagane, så eg tenkte eg skulle gå mot straumen – og skrive om lam midt i kvardagen. Apropos tilbodsaviser: Eg ville nok sjekka dei no for om mogleg å få endå betre prisar på lam.
Legg gjerne eit flott, nedsett lammelår eller ei surra steik i frysen, så har du til ein overdådig grillfest når dagane vert varmare. Men kva skal du krydre med? Dei fleste som følgjer med i denne spalta, veit at det vankar kvitlauk i oppskriftene mine tidt og ofte. Kanskje for ofte, og eg har jo lova å skjerpe meg, men klarar det liksom ikkje heilt.
Kvitlauk har eg alltid i kjøleskapet, men han held seg ikkje så lenge. Eg seier nett som kokkekjendisen Andreas Viestad: Eg kastar meir kvitlauk enn eg brukar. Når du kjenner på fedda og dei ikkje er harde lenger eller – skrekk og gru – har byrja å spire, då kan du med godt samvit hive kvitlauken, eventuelt plante han i ei potte. Då får du om nokre veker milde og fine smakar til maten din.
Ser du Eyvind Hellstrøm lage lam på TV, vil du alltid sjå at han nådelaust fjernar absolutt alle spirer frå inne i fedda, han har jo gått læretida si i Frankrike. Men det store spørsmålet er: Må me ha kvitlauk i lammet? Eg har byrja å tvile. Eg har laga lam på dei aller fleste måtane i mitt liv – over spidd på grillen, som kam eller kotelettar, eller som steik på Midtausten-vis, marinert i yoghurt.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.