Gode fotturar på Lesja og Dovre
1. Nedre Floten: Dette er ei 4 km lang, flat strandline skapt på slutten av istida av ein bredemd sjø. For folk og hestar på veg til seters, var ho ein ypparleg kvileplass. For dei som ikkje skulle til fjells, men ville langsetter dalen, var flata ein lett transportveg. I dag er desse vegane mest brukte til turgåing og terrengsykling. Namnet Floten har samanheng med adjektivet flat. Her er det verkeleg flatt, jamført med dei bratte dalsidene både ovanfor og nedanfor.
2. Øykjesvee: Du startar frå Fokstugu på Dovrefjell i retning mot Grimsdalshytta. Du har gått i vel ein time og er komen opp i nesten 1400 moh. Då blir du overraske over å finne ei grasslette i denne høgda der det elles er mest stein og ur. Eg har høyrt folk seia at dette er den vakraste staden i fjellet. I dag beiter sauer her, men her må det òg ha vore beite for hestar (øyk = hest). Båe e-ane på slutten av ordet skal uttalast; den siste blir då trykklett.
3. Storstyggesvånådalen: Dalen ligg mellom dei kjende fjellpartia, Snøhetta og Svånåtindane. Inne her er det storslege og vakkert, men i sjølve namnet ligg det ein protest. Det målber det gamle synet på fjellet. Var det steinete og bratt, var det stygt. Svånå kjem av sva, så namnet tyder Store-stygge-stein-dalen. På biletet ser ein eit nydeleg mønster som fortel om permafrost i jorda. Det er omkransa av Brure og Langvasstinden i høvesvis venstre og høgre biletkant.
Øyvind Nordli
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
1. Nedre Floten: Dette er ei 4 km lang, flat strandline skapt på slutten av istida av ein bredemd sjø. For folk og hestar på veg til seters, var ho ein ypparleg kvileplass. For dei som ikkje skulle til fjells, men ville langsetter dalen, var flata ein lett transportveg. I dag er desse vegane mest brukte til turgåing og terrengsykling. Namnet Floten har samanheng med adjektivet flat. Her er det verkeleg flatt, jamført med dei bratte dalsidene både ovanfor og nedanfor.
2. Øykjesvee: Du startar frå Fokstugu på Dovrefjell i retning mot Grimsdalshytta. Du har gått i vel ein time og er komen opp i nesten 1400 moh. Då blir du overraske over å finne ei grasslette i denne høgda der det elles er mest stein og ur. Eg har høyrt folk seia at dette er den vakraste staden i fjellet. I dag beiter sauer her, men her må det òg ha vore beite for hestar (øyk = hest). Båe e-ane på slutten av ordet skal uttalast; den siste blir då trykklett.
3. Storstyggesvånådalen: Dalen ligg mellom dei kjende fjellpartia, Snøhetta og Svånåtindane. Inne her er det storslege og vakkert, men i sjølve namnet ligg det ein protest. Det målber det gamle synet på fjellet. Var det steinete og bratt, var det stygt. Svånå kjem av sva, så namnet tyder Store-stygge-stein-dalen. På biletet ser ein eit nydeleg mønster som fortel om permafrost i jorda. Det er omkransa av Brure og Langvasstinden i høvesvis venstre og høgre biletkant.
Øyvind Nordli
Fleire artiklar
Morten Søberg er direktør for samfunnskontakt i SpareBank 1 og har skrive fleire essaysamlingar om økonomi, politikk og skriftkultur.
Foto: Spartacus
Fall og vekst i Sør-Atlanteren
Morten Søberg er best når han ser vidare enn pengestellet.
I heimen sin på Norneshaugane ved Sogndal har Idar Mo forfatta eit hundretal innlegg om norsk samferdslepolitikk, dei fleste om uforstanden i satsinga på jernbanen.
Foto: Per Anders Todal
Talknusaren og den store avsporinga
For Idar Mo i Sogndal er ikkje buss for tog noko å sukke over. Det er framtida.
Tanya Nedasjkivska i Butsja i Ukraina sørger over ektemannen, som var mellom dei mange myrda sivilistane som russiske invasjonsstyrkar på retrett lèt etter seg langs gatene i 2022.
Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB
«Utan den militære støtta ville Ukraina i dag vore okkupert av Russland.»
Kart: Anders Skoglund, Norsk Polarinstitutt
Arvingane til Amundsen
Om lag 200 menneske vitjar Sørpolen kvart år. Denne sesongen sette fire nordmenn av garde på ski. Ikkje alle kom fram.
Hübner (t.v.) mot verdsmeister Karpov i 1979.
Foto: Rob Croes / Anefo
Doktor utan fjas
Den mest akademiske sjakkspelaren i historia døydde sundag 5. januar, 76 år gamal.