– For Fønhus var menneska uinteressante
Kven ville tenkja at villmarksforfattaren Mikkjel Fønhus har mykje litterært til felles med Karl Ove Knausgård? Men når Tore Renberg seier det, må vi vel tru det.
Tore Remberg har nylese Mikkjel Fønhus.
Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix
Litteratur
janh@landro.bergen.no
Renberg har bidrege i Nasjonalbibliotekets serie der dei lèt ein lesar av i dag nylesa ein forfattarskap som i si tid var utbreidd, men som no er gløymd av dei fleste. Og Renberg valde Mikkjel Fønhus (1894–1973), som unge Tore i oppveksten hadde sett i mange bokhyller.
Han var på jakt etter noko «spanande usagt» ved Fønhus, og det meiner litteraturdetektiven at han fann ved å lesa 13 av Fønhus’ over 40 romanar.
– Dette er ein litteratur som ingen skriv i 2018. Kven er det i vår selfie-tid som skriv ut frå eit perspektiv der menneska er uinteressante og dyra og naturen så himla interessante? Fønhus hadde ein måte å sjå verda på som var grunnleggjande annleis enn vår. Likevel er det noko som gjer han til vår samtidige og ekstra potent: Vi lever i miljøvern- og naturverntida. Det gjorde ikkje Fønhus, men som naturvernar var han ein pioner. Eg opplever at Fønhus er ein god forfattar, på det aller meste. Produksjonen er ujamn, men dei beste romanane – rovdyrromanane, som er paradegreina hans – er eg glad for å ha lese.
– Du ser draumen om å reisa heim som eit kjernemotiv hos Fønhus. Kva slags heimreise er det tale om?
– I konkret meining er det heim frå storbyen til bygda, naturen og landet. Metaforisk er det heim til det ekte i mennesket, det som er vår sunne og gode situasjon, som framsteget, teknologien og byen tek frå oss. Der var Fønhus svært enkel i tankegangen og heilt nådelaus.
Fønhus såg lite positivt i hamskiftet Noreg stod i.
– Modernisering, jernbane- og vegbygging meinte han var fæle greier. Han lengta etter eit ekte tilvære, noko han såg gå tapt. Fødd inn i Nansens og Amundsens tid som han var, og prega av forfattarar som Jack London og Rudyard Kipling, søkte han mot det uroppriktige og ekte.
Mannevond
I desse spørsmåla er Fønhus mykje av ein moralist. Det verkar svært gammaldags, men seier ikkje Trygve Slagsvold Vedum det same kvar veke? Har ikkje Erlend Loe skrive om dette i Doppler? Og finst det ikkje mange som problematiserer tanken om at det moderne livet har framandgjort oss for naturen og det ekte? Jo visst.
– Du skriv ein stad at «Ser han ein bil, då ser han svart.» Det må vel vera ein karikatur?
– Slett ikkje. Han drog inn til Kristiania som ung, nysgjerrig student. Så såg han bilane og høyrde bråket og ville berre vekk. Den haldninga har han resten av livet. Ein så einøygd posisjon er det også noko forfriskande ved. Han tek eit standpunkt som ingen andre har, og argumenterer godt for det. På den andre sida er dette ein mann som ser og skildrar venleiken i naturen på ein måte som knapt nokon annan. Kjærleiken hans til naturen er grenselaus. Han er svært audmjuk og respektfull overfor alt som har med naturen å gjere.
I romanen Troll-Elgen skriv Fønhus: «Der mennesker er, der er vondt at være.» Dette kan få ein til å henta fram adjektivet mannevond, og Tore Renberg er ikkje framand for ein slik karakteristikk.
– Den typiske Fønhus-helten, er det dyr eller menneske?
– Absolutt dyret. Dersom han har eit menneske som helt, er det han som har vendt seg frå sivilisasjonen og lever livet sitt utan innblanding frå andre. Han ser menneskeætta som ei slekt av tåpelege dårar. Det er viktig å vita at han sjølv veit kor dårleg han er til å skriva om menneske, meiner Renberg.
– Om han hadde vore flinkare, trur du det ville ha påverka synet hans på menneska?
– Som forfattar sjølv vil eg seia at dersom han hadde blitt flinkare til å skildra menneske, ville han blitt ein betre menneskekjennar, og då hadde han komme lenger inn. Men om litteraturen hadde blitt betre, er uvisst.
Villdyrets ursituasjon
– At du måtte lesa Mikkjel Fønhus opp mot Jack London, låg vel i korta?
– Heilt opplagt, og eg finn både likskapar og skilnader. London ville visa at det ikkje er noko ideal å dra heilt tilbake til den barbariske og brutale naturordenen. Han ville ta parti for den siviliserte fornufta, etter kvart den sosialistiske fornufta. Fønhus, derimot, mytologiserer og applauderer ursituasjonen til villdyret. Der går han langt, noko som gjer han kontroversiell både politisk og litterært. Alt han definerer som grunnleggjande naturleg, også i menneskenaturen, skal ikkje tøymast.
– Var han reaksjonær?
– Absolutt. Den unge Fønhus var reaksjonær romantikar, så blei han meir nøktern etter kvart. Men han er så overtydande og kunnskapsrik i skildringa si av naturen at det ikkje går å berre hengja ein slik negativ merkelapp på han utan å gi ordet motstand.
– Finn du spor i forfattarskapen som peikar mot flørtinga hans med nazismen?
– Heilt klart. Fønhus heiar fram den steile, sterke posisjonen, heiar fram han som vinn i naturen og i mennesket, i den grad han skriv om folk. Han var ein svært sterk motstandar av Arbeidarpartiet i mellomkrigstida, og han takka ja til å reisa på foredragsturné i Hitlers Tyskland på slutten av trettitalet. Der var bøkene hans utgitt i kolossale opplag i bokklubben til nasjonalsosialistane.
Under lesinga slo det overraskande ned i Renberg at her fanst fleire parallellar til Karl Ove Knausgårds måte å skriva på. Først var det metaforteknikken til Fønhus som fekk han til å tenkja på vennen og forfattarkollegaen bak Min kamp-serien. Begge har det Renberg kallar «ein spesifikk arkitektonisk dreis» over metaforbruken, litt brutalistisk. Men det stoppa ikkje der.
– Har ikkje begge eit reaksjonært drag? Jo, begge har ein draum om noko ekte som vi menneske kan tapa i det moderne livet. Begge er litt menneskefråvende. Knausgård skriv rett nok mykje meir om menneske enn Fønhus, men har òg eit antisosialt drag. Begge er forfattarar som, når dei er sterke, er uhyre sterke på enkelte disiplinar, mens andre ting er dei svake eller nesten fråverande på. Plot til dømes, ingen av dei er interessert i plot. Så er dei einvise begge to, og dei presenterer ei tydeleg verd. Knausgård skriv ein singulær litteratur som han er åleine om, særmerkt, det same gjorde Fønhus. Ingen av dei er litterære allrounderar, det finst mange romantypar dei ikkje kunne/kan skriva.
Røynt sanning
– Du skriv: «Naturens brutale orden, rovdyrets vald, har nakkegrep om Mikkjel Fønhus.» Er det slik du primært ser han?
– Eg gjekk til lesinga med den oppfatninga, og ho blei styrkt i løpet av prosessen. Ikkje er det så ulogisk, heller. For dersom vi forfattarar blir gode, er det ofte fordi vi er nådelaust fascinerte av noko. Eg lærte ein heil del av å lesa desse bøkene, for Fønhus har inngåande kunnskapar og formidlingsevne på dette området. Han bygde på det gamle folk fortalde, og slikt han sjølv opplevde.
Renberg fortel at Fønhus kalla bøkene sine «virkelighetslitteratur» mange tiår før ordet kom på moten. Med det meinte han at det han skreiv, ikkje var påfunne, men røynt sanning. Han ville sjå seg sjølv som ein slags notar for det som var sant der ute og gi det til folk. Her har vi ein forfattar som heldt seg respektfullt og etterretteleg til førelegget.
– Du konkluderer med at «eiendommelig» er ordet som best summerer opp denne forfattarskapen. Kva ligg i det?
– Mikkjel Fønhus kan ikkje sy saman ein brei, episk roman, og han klarer heller ikkje å avslutta ein tekst. Men han får alltid til fabelaktige, dramatiske scener, til dømes der nokre haukungar et mor si i reiret og deretter går laus på kvarandre. I alle bøkene hans eg liker, lyser slike scener med sterk kraft. Her viser han naturens heilt eigne rørsler, og dette får han til kvar gong.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fønhus kalla bøkene sine «virkelighets-
litteratur», mange tiår før ordet kom på moten.
Tore Renberg, forfattar
Fleire artiklar
Marianne Nielsen i hovudrolla som Winnie. Gerald Pettersen spelar Willie.
Foto: Sebastian Dalseide
Beckett-klassikar av godt merke
Glade dager byr på ein strålande skodespelarprestasjon av Marianne Nielsen.
Ingrid Storholmen har teke utgangspunkt i eit stort datamateriale om folkehelsa i Nord-Trøndelag.
Foto: Merete Haseth
Våren over mannalivet
Ingrid Storholmen gjer tørre helsedata om til levande liv i Bloddråpetall.
Takumi (Hitoshi Omika) og dottera Hana (Ryo Nishikawa) lever eit roleg liv på bygda, som no kan få ein «glampingplass».
Foto: Another World Entertainment
Djevelen i detaljane
By mot land er eit sentralt tema i endå ein framifrå film av Ryusuke Hamaguchi.
Finaste finnbiffen med grøne erter, potet og tyting.
Foto: Dagfinn Nordbø
Finaste finnbiffen
«Seier eg at eg skal invitere på finnbiff, blir folk berre glade. Dei veit at dei skal få smake noko av det beste landet vårt har å by på av ingrediensar, med reinkjøt som helten.»
KrF-leiar Dag Inge Ulstein får ikkje Stortinget med seg på å endre retningslinjene for kjønnsundervisning i skulen.
Thomas Fure / NTB
Utfordrar kjønnsundervisninga
Norske skulebøker kan gjere elevar usikre på kva kjønn dei har, meiner KrF-leiar Dag Inge Ulstein.