JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Feature

Blant gullstøv og gamle bøker

I den vesle gullgravarbyen Clunes og delstatshovudstaden Melbourne er litteratur og brukte bøker blitt faktorar å rekne med.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen

Alle foto: Chris Hopkins

Alle foto: Chris Hopkins

10714
20170818
10714
20170818

janh@landro.bergen.no

Kva er det som får ein pensjonert bladfyk til å oppsøkje ein gammal gullgravarlandsby down under? Kva anna enn bøker? Der finn eg òg diagnosen min; i Samuel Johnsons legendariske A Dictionary of the English Language frå 1755. Ein definisjon på bookworm råkar meg midt i planeten: «ein som er usunt opptatt av bøker og lesing».

Han kunne ha føydd til: «og som heller ikkje ønskjer å bli lækt».

Det er noko eige med fellesskapen mellom bokormar, gleda over å utveksle leseopplevingar, over å kunne bla i gamle og nye bøker, lukte på dei, opne dei forsiktig og sjå kva skjulte skattar som kan gøyme seg bak ein kanskje uspennande tittel. Eit liv utan bøker er ikkje mykje til liv.

Berre å komme heim frå ein bokby med fascinerande skildringar av dei eldste sivilisasjonane, eller ei bok med tittelen Why Hell Stinks of Sulfur. Eller å ha fått bla i førsteutgåva av Diderots Encyclopedie. Tenk berre på alt du ikkje veit, og ikkje eingong ante at du ikkje visste fordi du ikkje visste at det var å vite!

O, salige stund utan like

No skal ikkje etableringa av bokbyen ha æra for alt det gode som har hendt i den gamle gullgravarbyen dei siste ti åra. Men snakkar du med the locals, vil dei fleste nemne selskapet «Creative Clunes Inc.» og satsinga på bøker som ein viktig faktor. Og den australske regjeringa nyttar Clunes som mønsterby, døme på kva ein kan få til med initiativ, idérikdom og dugnadsinnsats.

Som den første på den sørlege halvkula med status som internasjonal bokby, held Clunes seg sjølvsagt òg med ein eigen festival. Han går over ei helg, og då blir talet på innbyggarar tidobla, frå 1600–1700 til 17.000–18.000, den største regionale bokhendinga i delstaten Victoria.

Til denne landsbyen, som ligg i ein dal omgitt av utdøydde vulkanar, der innfødde av stammen Dja Dja Wurrung var einerådande i hundrevis av år, kjem om lag 60 bokseljarar frå heile Victoria og andre delar av Australia med bøker i titusental.

Ein nasjonal verkebyll

Mengda av bøker av australske forfattarar viser at det gror godt i landets eigen litteratur – sjølv om lite av dette når den norske marknaden, og sjølv om det har gått 44 år sidan den notorisk usympatiske Patrick White som einaste australiar fekk nobelprisen i litteratur.

Tematisk synest ikkje denne litteraturen å skilje seg nemnande frå det som blir skrive i andre vestlege land. Det forklarar kanskje også kvifor etter måten få australske forfattarar har nådd ut med bøkene sine. Men på eitt område står den nyaste litteraturen fram som noko særskilt. Omsider har somme tatt tak i ein nasjonal verkebyll – tilhøvet til urfolket og korleis dei har vore handsama i meir enn 200 år.

Fleire skriv om dette med utgangspunkt i eiga familiehistorie, som Kate Grenville. Ho er også omsett til norsk. I Den hemmelige elven (2005), som har vunne fleire internasjonale prisar, byrja ho med historia til forfaren sin, ein engelsk fange som kom til Australia i 1806. Så blei det gradvis ei fiksjonsforteljing om møtet mellom innfødde og invaderande.

– Romanen blei til slutt min freistnad på å seie «unnskyld» til the indigenous people, fortalde ho meg mellom oppdraga på Clunes-festivalen.

Ho har òg skrive den frittståande oppfølgjaren Sarah Thornhill. Medan den delvis biografiske romanen The Lieutenant omhandlar eit lagnadsfylt møte mellom dei aller første kolonisatorane og urfolket.

Men korleis står det til heime?

Statlege og andre overgrep mot samar og taterar og andre utsette grupper har til no funne svært få nedslag i skjønnlitteraturen. Kanskje er tida inne til å nytte slike tema litterært her på berget òg. Truleg ventar mange sterke historier på å få si røyst. I den tredje krimromanen om psykologen og kickboksaren Ina Grieg, Den stille flokken, som kom tidlegare i år, går Lars Mæhle inn på vanlagnaden til taterane. Han meiner at måten den norske staten behandla desse folka på gjennom 1900-talet, oppfyller alle dei fem kriteria i FNs folkemordkonvensjon.

Sjølv om Kate Grenville og nokre få andre skriv om urfolket og freistar leve seg inn i situasjonen deira, er det viktigare kva dei innfødde sjølve ytrar. Tidleg på 1970-talet skreiv kunstnaren og poeten Kevin Gilbert av Wiradjuri-stammen dramaet The Cherry Pickers, som fekk stor merksemd for den opne skildringa av alkoholisme, vald og fortviling, og korleis dette kan føre til kulturell og åndeleg død.

Urfolket skriv

Men først på 2000-talet har forfattarar frå urfolka nådd ut til eit større publikum med bøkene sine. Med Carpentaria og The Swan Book har Alexis Wright vunne mange lesarar. Jane Harrison har fått prisar og internasjonal merksemd med skodespel og romanen Becoming Kirrali Lewis medan Kim Scott fekk eit gjennombrot med den historiske romanen That Deadman Dance. Felles for dei tre er at dei tek opp ulike sider ved urfolks liv og historie. I den dystopiske framtidsromanen The Swan Book gjer Wright attpåtil ein innfødd til Australias første president.

Eit tydeleg vitnemål om at desse bøkene blir kjøpte og lesne, er at dei ligg framme på bordet hjå mange av bruktbokseljarane på festivalen. Desse har slått opp partytelt langs så å seie heile den gamle hovudgata, som i festivalhelga er sperra av. Og Fraser Street er ikkje ei gata som alle andre. Ho har behalde det meste av fasadane frå andre halvdelen av 1800-talet, med ei rad intakte bygg. Derfor har Clunes også vore kulisse for mange TV-seriar og spelefilmar, som Mad Max, Ned Kelly, Picnic at Hanging Rock og fleire.

Dei fire–fem faste bokhandlane i småbyen – færre kan jo ikkje ein internasjonal bokby halde seg med – held sjølvsagt ope. Men også andre forretningar i Fraser Street har utvida sortimentet denne helga. Til å hyse godt under 2000 fastbuande har Clunes ei imponerande rekkje butikkar og utsal: I tillegg til kafear og bokhandlar finn vi supermarknad, grønsakhandel, bakeri, slaktarbutikk, vinhandel, apotek, take away-sjappe, aviskiosk, antikvitetsbutikk, nokre kunstgalleri, bibliotek, bymuseum, eit par brukthandlar, eit hotell og seks–sju bed & breakfast-tilbod, bensinstasjon. Nok til å betene ein mellomstor norsk by.

Graeme Johnstone, den gjestmilde verten min, og ein av initiativtakarane til bokbyen i 2007, er stolt av det dei har fått til.

– Vi måtte finne på noko som kunne få fart på byen og sving på økonomien. Og det skulle vere noko unikt. Så valde vi brukte bøker. Vi visste at vi kunne rekne med oppslutnad frå lokalbefolkninga, og i dag har festivalen over 300 frivillige hjelparar.

Han talar om ein robust småby og ein farmarfellesskap med sterke band. Sjølv er han høgt og lågt i festivalperioden, klar til å ta eit tak der det er trong for det, smilande hjelpsam andsynes tilreisande som ikkje heilt klarar å orientere seg i mylderet.

Unesco litteraturby

Kven som har inspirert kven, skal vere usagt. Men delstatshovudstaden Melbourne, halvannan togtime austover, har skaffa seg status som Unesco litteraturby. Det vil seie at han er del av eit internasjonalt nettverk av litteraturbyar som for tida tel 20 i 18 ulike land, men ingen norske, og som kan få fleire medlemer om ein berre stettar krava. Dei føreset mellom anna ein viss forlagsaktivitet, litteraturundervisning på alle nivå i skuleverket, festivalar, bibliotek og bokhandlar som arbeider med å spreie og fremje nasjonal og omsett litteratur.

Litteraturbyordninga er ein del av Unesco Creative Cities Network, som også omfattar seks andre kategoriar. Til dømes kan Bergen kalle seg Unesco gastronomiby. Helsinki er designby, medan Reykjavik er den einaste nordiske litteraturbyen.

David Ryding er sjef for den australske litteraturbyen. Hovudoppgåva hans er å etablere og utvikle kontakt med andre litteraturbyar, få og gi impulsar og idear slik at desse kan komme til nytte for det litterære miljøet i Melbourne og heile Victoria.

Og så arbeider han støtt for å skaffe pengar, så australske forfattarar kan reise til andre land. Han ser den geografiske isolasjonen som det største problemet for forfattarane.

På bokbyfestivalen i Clunes er han mest observatør. Han går ikring og studerer utbodet av bøker, talar med tilskiparar og seljarar og slår seg ned i skråninga rett ovanfor Fraser Street. Der er det stadig konsertar med små orkester og band av ymse slag.

Mellom dei som underheld er også eit kor og eit orkester frå Wesley College, som i 2000 oppretta ei avdeling i Clunes. Hit kjem kvart semester om lag 80 unge frå velståande heimar, 15–16-åringar som i åtte veker må lære seg å stå på eigne bein og ikkje få alt opp i hendene. Colleget og alt det førte med seg, er også ein viktig del av suksesshistoria Clunes.

Då folketalet var på det lågaste, ned mot 300 menneske for 30–40 år sidan, og alt gjekk feil veg, mista clunarane togstoppet dei hadde hatt i 120 år. Men då vinden snudde, og folketalet hadde passert 1000, tok dei opp kampen, og for seks år sidan fekk dei på ny toget til stoppe på stasjonen, som også er fullproppa av bøker. Er det råd å sjå føre seg at noko tilsvarande kunne skje i sentraliserte Noreg?

– Noko av det gode med Clunes er at vi har klart å ta vare på identiteten vår, seier Graeme.

Han legg til at suksessen dei har hatt, har skapt tillit mellom folk til å prøve nye ting.

Sjølvsagt blir Clunes også invadert av forfattarar under festivalen. Det gamle rådhuset er gjort om til både scene, «bakrom» og kjøken for dei skrivande gjestane. Men dei får ikkje mykje ro på seg; heile tida renn dei att og fram mellom opplesing, intervju, panelsamtalar og boksignering.

For styreleiar og programsjef Tim Nolan er dette nett det dei ønskjer å få til:

– Bokbyfestivalen vår skal vere ei feiring av bøkene og dei viktige samtalane og store ideane dei utløyser.

endra litterært landskap

David Ryding meiner at arbeidet med litteraturbyen og bokbyen har endra det litterære landskapet i Melbourne, ja, kanskje i heile Victoria.

– Vi ser korleis litterære aktivitetar har auka, i smått og stort. Vi har fått tre nasjonale litteraturfestivalar i Melbourne, og mange forfattarar har flytta hit frå andre delstatar.

Eit litterært kart over Melbourne syner at Ryding ikkje fer med tomme ord. Innanfor det etter måten avgrensa sentrumsområdet finst 29 bokhandlar, somme heilt spesialiserte – kokebøker, reisebøker, okkulte bøker – somme meir generelle. Utanfor sentrum ligg åtte til.

I «storebror» Sydney kan du trave dei lange sentrumsgatene opp og ned utan å få auge på ein einaste bokhandel. Og er du så heldig å finne ein, vil han som regel vere liten og med eit avgrensa utval.

Vi ser det igjen. Det er ikkje alltid storleiken det kjem an på.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

«Eit liv utan bøker er ikkje mykje til liv.»

Emneknaggar

Fleire artiklar

Sigrun Slapgard er forfattar og journalist og har skrive ei rekkje kritikarroste biografiar og dokumentarbøker, særleg om sterke kvinnelagnader.

Foto: Agnete Brun

BokMeldingar

Frikjend av Slapgard

Alle var på fornamn med statsministerektefellen Werna Gerhardsen på 1950-talet. Også KGB.

ArildBye

Tekniske problem mellom Carlsen og Niemann.

Foto: Chess.com

Kunnskap
Atle Grønn

Skandaleduellen

«Før Speed Chess Championship var eg 'gira'. Dette var så spanande som moderne sjakk kan vera.»

Kor mykje skal den enkelte forelder ha å seie over barnet? Spørsmålet er til vurdering når barnelova skal oppdaterast.

Foto: Sara Johannessen Meek / NTB

PolitikkSamfunn
Christiane Jordheim Larsen

Flytterett eller vetorett?

Skal mor eller far kunne ta med seg barna og flytte langt bort etter eit samlivsbrot? Barne- og familiedepartementet vil gjere det vanskelegare for fleire, men møter motstand.

Den norske komponisten Sigurd Lie (1871–1904).

MusikkMeldingar
Sjur Haga Bringeland

Klår kulokk

Der er både norsk og tysk nasjonalromantikk i Sigurd Lies romansar.

Tordis Ørjasæter er 97 år gamal og reflekterer rundt det å bli eldre, om litteratur, og dagane som går, og tida som har gått.

Foto: Mari Parelius Wammer / Cappelen Damm

LitteraturKultur

Å gå på vatnet i ein blå draum

– Alt er så sterkt no som døden er så nær. Og eg drøymer så mykje og så intenst, ei natt drøymde eg at eg gjekk på vatnet!

Hilde Vesaas

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis