Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

DyrFeature

Julefuglen i augustnatta

Havsvala tel blant dei minste sjøfuglane i verda. Ho er omtrent stor som ein sporv, men kan leve lenger enn tretti år.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Denne havsvala har fått ring kring beinet og skal snart flyge av garde. Mykje står att å lære om arten, som særleg sjømenn har møtt inntil nyleg.

Foto: Lars Tore Mubalegh-Håvardsholm

6870
20241213
6870
20241213

Det er denne fuglen ornitologar i Nord-Noreg kallar for julefuglen: havsvala. I desembermørket forlèt årets ungfuglar reirholet for fyrste gong og flyg til det eigentlege habitatet sitt: ope hav. Reira dei veks i, vert lagde på isolerte øyer og holmar, i naturlege holrom. Av og til overtek havsvalepar reir etter lundefugl eller kanin.

Havsvala tel blant dei minste sjøfuglane i verda. Ho er omtrent stor som ein sporv, men kan leve lenger enn tretti år. Snittalderen ligg rundt elleve år – ei æve samanlikna med det som er vanleg blant mange småfuglar. Også under hekkinga strekkjer havsvala tida. Etter pardanning og paring legg hoa eitt einaste egg, som veg cirka ein fjerdedel av kroppsvekta hennar. Dette egget og fugleungen som veks i det, toler usedvanleg godt nedkjøling, men då tek det òg tid før det vert klekt.

Hjå havsvaler som hekkar så langt nord som utanfor Nord-Noreg, vert egget ofte lagt seint, i august, og ungfuglen er klar til å kaste seg ut av reirholet i den mørkaste tida av året. Den fyrste ferda ut av reiret og over Atlanterhavet går sørover, for nokre individ til dei same breiddegradane som Sør-Afrika. Dei som overlever, skal fyrst verte kjønnsmodne etter nokre år, og kjem ofte attende til plassen der dei vart fødde, for å hekke.

«Nattelivet er sannsynlegvis med på å halde dødstala så låge og levealderen så høg.»

På portugisisk vert havsvala kalla alma-de-mestre, «skipsførarsjel»: Songen hennar har vekt assosiasjonar til bønene frå forliste skipsførarar. Registeret, som inneheld både song og fleire typar rop, er mangfaldig, med glatte, knirkande, malande og rullande lydar – det er ei røyst som minner om menneskestemme, seglbåt og, for oss moderne menneske, radioapparat i blanding.

Songen er repetitiv, noko mollstemd, men intens, full av spenning. Ei augustnatt bada eg i han i timevis. Den seinsommaren oppheldt eg meg i Stavanger og fekk kontakt med ornitologar frå Jæren. Vi møttest ved kysten i skumringa, alle fekk høyrselsvern i handa, og vi gjekk over sanddyna. På den andre sida låg stranda og havet, og ei ny verd openberra seg.

Her fylte den ramme lukta av rotnande tare lufta; padder hoppa og kraup i han. Flugene var så mange at det ikkje berre var summinga deira som lydde ustanseleg: Dei slo seg også jamt på dei daude trestammane som låg rundt omkring, med tørre lydar. Larvane til tangfluger utviklar seg i rotnande tang og tare, og kan verte svært talrike. Vadefuglar på trekk feitar seg opp på dei før dei reiser sørover, og jærstrendene er ein viktig rasteplass om seinsommaren og hausten.

Men denne kvelden var det ein sjøfugl med korte bein vi skulle lokke hit frå ope hav. Det var mørkt då vi sette opp netta. Så vart lyden, eit opptak av havsvalesong som gjekk om att og om att, skrudd på, på fullt volum, og vi måtte ta på oss høyrselsvern. Vi tok fleire steg tilbake og sette oss, ein på ein campingstol, ein på huk – langt nok frå netta til ikkje å skremme fuglar bort frå dei, men nær nok til at vi kunne sjå kva som hende.

Med si flaggermusaktige flukt kjem havsvaler seg lett ut, og det gjeld å vere rask når det fyrst kjem ei. Mørket, flugene, lukta, dei raude lysa som stadig blinka ein stad over havet, ventinga og ropa frå opptaket som nådde gjennom høyrselsvernet: Vi var i eit vakkert helvete. Lenger ute hang ei lett tåke, utstrekt over det svarte havet og svakt opplyst bakfrå av nokre kvite lys.

På stranda var alt så mørkt. Korleis gjekk det an å sjå noko? Men så hende det: Svartare enn natta kom han, ein skapning med flaggermusaktig flukt. Han flaug over nettet og forsvann. Noko skjedde mellom skikkelsane som hadde sete forsteina i infernoet av tangstank, havsus, fjerne kystlys og brølande skipsførarsjeler: No hadde dei reist seg opp, ropte til kvarandre og skunda seg til nettet.

Etter ei stund vart ei hovudlykt tend. Ho lyste på ei hand som heldt ein fugl. Denne fuglen syntest ikkje å ha noko felles med dei ein er van med på land. Frå den glatte, glinsande fjørdrakta kom ei lukt som låg mellom lêr og tran. Dei svarte beina med symjeføter var ekstremt korte i høve til kroppen, panna høg og avrunda. Ved rota av panna sat eit lite nebb. Det var toppa med eit røyr, som er karakteristisk for fuglar i den biologiske ordenen Procellariiformes, «stormfuglordenen». Han tel fire familiar med sjøfuglar som lever det meste av livet over ope hav, blant anna albatrossar. I røyret, som hjå havsvala er enkelt, sit dei to nasebora. Denne strukturen bidreg til at desse fuglane har utmerkt luktesans.

Havsvala brukar han til å finne mat over lange avstandar. Kosthaldet består i stor grad av zooplankton, men kan dessutan innehalde små fiskar eller blekksprutar. Luktesansen er også viktig for å kjenne att andre havsvaler, for lokalisering og attkjenning av eigen reirplass og av predatorar.

Naserøyra har ein annan avgjerande funksjon: Dei skil ut salt frå kroppen til den havvassdrikkande fuglen, ved å drype ut ei konsentrert saltløysing. Når dei kjenner seg truga av ein predator, spyttar havsvaler olje frå eigen mage – det var dette stoffet som lukta som tran og lêr i blanding. Dei er aktive om natta og vert forvirra av lys.

Havsvala er ein pelagisk art: Ho lever det meste av livet over ope hav.

Foto: Richard Crossely / Wikimedia Commons

Nattelivet i mørket, der luktesansen speler ei sentral rolle, er sannsynlegvis med på å halde dødstala så låge og levealderen så høg. Under fingrane var fjørene glatte som ei voksdrakt. Når vi var ferdige med å setje på ring og registrere informasjon om henne, vart havsvala sett på stranda og sat der ei stund som ein fisk på sandbotnen. Så vende vi bort hovudlyktene og andleta for at ho skulle kome seg frå lysforvirringa, men det var ikkje lett å snu hovudet.

Det vesle vesenet som hadde kome frå ein stad der bølgjer utgjer grunnen under føtene, hadde stor tiltrekkingskraft. Plutseleg letta ho og synte eit kvitt, breitt band som strekte seg over stjertrota. Vengjene var heilt svarte på oversida og stjerten utan kløyving, to kjenneteikn som skil havsvala frå den nære – og større – slektningen stormsvale. Så var ho borte, tilbake til det opne havet der ho lever det meste av livet sitt.

Sjømenn har lenge vore dei fremste menneskelege vitna til dette livet. Det vitskaplege namnet til havsvala, Hydrobates pelagicus, tyder «den som går på vatnet og lever på det opne havet». På engelsk heiter ho European storm petrel, der petrel viser til episoden då apostelen Peter byrja å gå på vatnet med oppmuntring frå Jesus, til dess han vart redd då han såg kor det bles, og trua svikta.

Den vesle, langliva havsvala søkk ikkje, og ho kjenner det opne havet som ingen annan. Ho trør lett med føtene på bølgjene når ho flyg lågt over havet og hentar næring.

Naïd Mubalegh

Naïd Mubalegh har bakgrunn i evolusjonsbiologi og arbeider som forskar, omsetjar og lærar.

naid.mubalegh@gmail.com

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

På veg gjennom Hallormsstadaskógur.

På veg gjennom Hallormsstadaskógur.

Foto: Harald Hognerud

ReportasjeFeature

Nordmenn planta ein million tre på Island

– Kva gjer du når du går deg vill i ein skog på Island?
– Du reiser deg opp!

Ottar Fyllingsnes

President Joe Biden ser på ein kvantedatamaskin hos teknologiselskapet IBM i New York hausten 2022. For tida går det føre seg eit globalt kappløp for å utvikle stadig kraftigare utgåver.

Foto: Andrew Harnik / AP / NTB

Samfunn

Mot ein ny teknologisk tidsalder

Om få år kan verda stå overfor ein kvanteteknologisk revolusjon. I Noreg bur næringsliv og tryggingsmiljø seg på ei omvelting ingen enno kjenner dimensjonane av.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis