JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

DyrFeature

Korleis finn dei vegen?

Eit vedvarande paradoks når det gjeld fugletrekket, er at det verkar både uforanderleg og fleksibelt på same tid.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Kortnebbgåsa hekkar på Island, Grønland og Svalbard og overvintrar i Mellom-Europa. Flokkar på trekk rastar gjerne i indre delar av Trondheimsfjorden og Vesterålen.

Foto: Sveinung Lindaas

5411
20240816
5411
20240816

For eit par månader sidan skreiv eg om gauken. Etterpå fekk eg brev frå to lesarar som undra seg over trekket til denne arten: Unge gaukar vert fostra opp av foreldre som høyrer til ein annan art, og har ikkje nokon artsfrendar å følgje når dei skal til vinterkvartera sine i tropisk Afrika. Korleis finn dei då vegen dit, og trekkjer dei i flokk eller åleine?

Spørsmåla gjeld eigentleg for alle trekkjande skapningar, men svara varierer frå art til art. Trekkåtferd hjå fuglar og andre dyr har lenge fascinert mennesket. Tru om 2000-talet, med stadig betre metodar for overvaking, sporing og oppfølging, skal levere nyklane til spørsmåla som har hopa seg opp gjennom tidlegare hundreår?

I ein forskingsartikkel publisert i 2006 i tidsskriftet Science som tok føre seg kunnskapsstatus om trekkåtferd hjå dyr, konkluderte eksperten på fugletrekk, Thomas Alerstam, med at forståing av korleis dyr orienterer seg i sine «finurlege og komplekse ferder, kjem til å krevje uventa langsiktig innsats». Artikkelen ber tittelen «Motstridande bevis når det gjeld langdistansenavigering hjå dyr».

Dermed er mykje sagt, men bak oppsummeringa ligg hundrevis av studiar utførte på enkeltartar, og gauken er ein god leiar inn i problemstillinga. Faktisk er han langt frå den einaste arten der ungfuglar må gje seg ut på den fyrste (og for mange siste) langferda utan direkte rettleiing frå vaksne. Hos ei rekkje songfuglar og vassfuglar reiser vaksne individ frå hekkeområda langt tidlegare enn ungane. Men gauken synest å dra einsemda i ferda lengst.

Det er fyrst nyleg at fuglar på hans storleik – det vil seie ikkje så store – har kunna utstyrast med GPS-sporarar som er så små at dei ikkje tyngjer flukta for mykje. Bruken av denne metoden har blant anna synt at gaukar helst trekkjer åleine og om natta.

Ein klassikar innan empirisk trekkforsking er såkalla flyttingeksperiment. Då vert fuglar tekne heimafrå, anten «heime» er fødsels-/hekkeområde eller ein fast overvintringsplass, og flytta langt av stad utan at dei kan sjå seg ikring. Så vert dei utstyrte med ring eller sporar og sleppte fri. Deretter kan ein sjå kor mange som finn vegen attende til den opphavlege plassen, eller til og med følgje dei opp gjennom ferda, dersom dei er utstyrte med sporar.

Bjørkefinken hekkar i nordiske område. Dei fleste individa som hekkar i Noreg, trekkjer til kontinentet og kan samle seg i flokkar på fleire tusen (av og til nokre millionar) fuglar i dei kalde månadene.

Dette vart gjort med eit tjuetal gaukar på 2010-talet: Både vaksne og ungfuglar vart fanga på Rybachy i Kaliningrad-regionen og flytta 1800 kilometer austover til Kazan i Vest-Russland. Der vart dei også utrusta med kvar sin GPS-sporar og sette fri.

Resultata overraska: Ungfuglane syntest å ha ei evne til å kompensere for flyttinga som svara omtrent til måten vaksne individ endra kurs på. Det var også store skilnader mellom individa. Det er i skrivande stund uvisst korleis unggaukar i så fall klarer å navigere i ei ukjend verd. Dette stadfestar nok at forsking på trekket kjem til å krevje ein «uventa langsiktig innsats».

Eit vedvarande paradoks når det gjeld fugletrekket, er at det verkar både uforanderleg og fleksibelt på same tid. Uforanderleg i den grad trekkruter og overvintrings- og hekkeområde vert gjentekne, funne att og gjenbrukte gjennom generasjonar. Men stadig fleire studiar og observasjonar syner at nokre artar er i stand til å utforske nye trekkruter og etablere nye hekke- og vinterkvarter forbausande raskt.

Songfuglen munk er eit godt eksempel på dette. I løpet av dei siste 60–70 åra har mellom anna eit «omvendt trekk» oppstått, og individ som vart fødde på det europeiske kontinentet om sommaren, dukkar opp på Dei britiske øyane og sannsynlegvis i Norden vinterstid.

Både slike fenomen og flyttingeksperimentet med gaukane rokkar ved ein del av det etablerte synet på korleis fuglar orienterer seg når dei trekkjer. Men ein skal ikkje kaste ut babyen med badevatnet. Mange teoretiske forslag og empiriske oppdagingar som er gjorde før oppsvinget i sporingsteknologi, er framleis av stor verdi når ein skal gjere greie for fugletrekket.

Den klassiske modellen inneber eit medfødt orienteringsprogram som slår ut i ungfuglar. Der er timing (dermed også avstand) og retning nøkkelord: Eit individ arvar evna foreldra har til å følgje ein viss kurs, og til å gjere seg klar til å ferdast på visse tidspunkt.

Evolusjonsbiologisk lèt dette seg oppsummere med at dei som har arva visse kombinasjonar av kurs og timing i orienteringsprogrammet, har hatt høgare overlevings- og forplantingssjansar enn andre. Slike parametrar i trekkåtferd har synt seg å ha eit genetisk grunnlag. Dette kom fram gjennom eksperiment der fuglar, historisk sett munkar, med ulike trekkretningar eksperimentelt vart para med kvarandre. Avkomet trekkjer då i ei retning som ligg mellom kursane foreldra følgjer.

Men med erfaring kan fuglar bruke mange aspekt ved omgjevnadene sine for å orientere seg. Synet og luktesansen, spesielt det siste hjå ei rekkje havfuglar og nokre duer, har synt seg å vere viktige for å finne vegen heim.

Fuglar, til liks med ei rekkje insekt, har også ei evne til å bruke jordmagnetismen og posisjonen til stjernene på himmelen for å orientere seg og navigere. Og i større artar som trekkjer i flokkar eller grupper – traner, storkar, gjæser og nokre rovfuglar – er det sosiale aspektet grunnleggjande, med vaksne som vegvisarar.

Naid Mubalegh

naid.mubalegh@gmail.com

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Fleire artiklar

Setten vindpark nordaust for Setskog i Akershus.

Foto: Geir Olsen / NTB

Ordskifte

«Eg trur ikkje 'folk flest' er klimaskeptikarar, dei er derimot sterkt imot tiltaka som vert sette inn.»

TrondSundby

Erik Bjerck Hagen er professor i allmenn litteraturvitskap ved Universitetet i Bergen.

Foto: Hedda Cecilie Hagen

BokMeldingar

Kielland i fyr og flamme

Erik Bjerck Hagen gjev oss eit gjensyn med heile romanuniverset til Alexander Kielland og klarer å visa fram kvalitetane.

Jan Inge Sørbø

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis