Ein fri mann
Ottar Grepstad er eit heilt nynorskapparat aleine. I tjue år har han vore ein einmanns knutepunktsinstitusjon. Det oppstår eit betydeleg tomrom når han no pensjonerer seg frå Nynorsk kultursentrum på Ivar Aasen-tunet.
– Vi nynorskbrukarar er avhengige av at bokmålsbrukarane skjerpar seg ved å ta vare på språket sitt og ikkje vere så lemfeldige med engelsk som mange er, seier Ottar Grepstad.
Foto: Sponland
janh@landro.bergen.no
Spør du Ottar Grepstad kva som har gjort han til nynorskstrategen framfor nokon i vår tid, får du eit ærleg svar: Han har arbeidd for å skaffe seg makt og skulle gjerne hatt mykje meir av det slaget enn han fekk. Når du sit i ein posisjon, skal du bruke han til noko, meiner han. Ikkje for deg sjølv, men for å skape endring. I dette tilfellet til å skape eit samfunn der bokmål og nynorsk ikkje berre er to jamstelte, men også nesten like viktige språk.
– Du må tenkje: Kva er viktig å få til og korleis skal du klare det? Eg har ein allmennpolitisk bakgrunn, og strategi er ein del av den mentale kvardagen min. Men det krev at andre er samde med deg. Eg har hatt mine metodar for å vinne tillit hjå folk. Det gjeld å ikkje bli teken i lettvintheiter eller ha andre motiv enn dei du seier, og du skal vere reieleg og vedgå feil.
– Måtte lykkast
Grunntanken hans har vore å snakke over hindera og prøve å vere suveren på vegner av nynorskbrukarane. Ikkje fortape seg i offerrolla og dei endelause dommedagsprofetiane.
– Føresetnaden for dei som sette i gang Aasen-senteret, var å forstå nynorsk på nynorskens eigne premissar, og det har vi prøvd å gjere.
– Kva såg du for deg då du tok til som sjef for Nynorsk kultursentrum i 1999?
– Eg hadde den haldninga at vi måtte lykkast frå dag éin. Om ikkje, ville nokon bruke det mot nynorsken og nynorskbrukarane. «Sjå der: Ikkje eingong det fekk dei til, og pengar kostar det.» Den tanken var sjølvplagande. Då eg søkte stillinga, la eg vekt på fagleg substans og marknadsorientering i meininga å gjere noko som andre har bruk for.
I valet mellom åremål og fast stilling, tok Grepstad det siste. Det gav ein tryggleik, det gjorde at han ikkje ville sitje siste året på oppseiing, og dersom han lykkast, var det opp til han sjølv kor lenge han skulle bli der. Han veit godt at han har fått lov til å setje sitt preg på organisasjonen han har leia gjennom nesten tjue år. Det innebar mellom anna å sjå bort frå Jon Fosses råd om å halde sosiologane borte. Han meinte det var viktigare for senteret å tolke Tarjei Vesaas’ tekstar enn å la sosiologane kommentere menyane på Kaffistova.
– Vi er mange
– Kva ser du som ditt viktigaste bidrag til målarbeidet?
– Eg sprengde rammer. Det var aldri på tale med noko anna enn at eg skulle etablere Aasen-tunet og Dei nynorske festspela og få til eit samspel med forskingsmiljøet ved Høgskulen i Volda. Etter eit halvt år spurde eg styret: Kor lenge skal Aasen-tunet vere einaste adressa vår? Der gjekk eg heilt på tvers av stortingsvedtaket om å slå saman museum i same område, eg arbeidde heller for ei tematisk løysing. Dermed sit vi no med tre avdelingar og tre festivalar, og eg meiner at vi har greidd å byggje ein høgare himmel over både Aasen-tunet, Olav H. Hauge-senteret og Vinje-senteret. Det gir gjestane og brukarane våre mykje meir, og det gir dei tilsette langt meir å spele på. Slik har vi markert ein gong for alle at Ivar Aasen-tunet er ein nasjonal organisasjon. Men vi har brukt mykje CO2-kvotar for å halde på den posisjonen.
– Kva resultat har du sett av innsatsen din?
– Vi er ikkje blitt så mange fleire nynorskbrukarar. Men vi er mange. Har eg fått til noko, er det å vere offensiv, peike på moglegheiter, skape sjølvtillit, insistere på nynorskbrukarane sine rettar i samfunnet og snakke om meir enn berre skulemål og skulemål.
Ideen til Språkåret 2013 kom frå Ottar Grepstad. På spørsmål om effekten viser han til at ein kvart million menneske ved Språkårets slutt hadde skifta meining i viktige språkpolitiske spørsmål, men han vil ikkje hevde at årsaka berre er å finne i det som skjedde det året.
– Språkåret var ein del av oppvurderinga av mangfald. Eg veit om folk som byrja skrive nynorsk fordi dei las boka mi, Historia om Ivar Aasen. Det er nesten ikkje til å fatte. Aasen-året 1996 auka forståinga for arbeidet hans og for nynorsken. Med si breie framheving av heile det språklege spekteret i Noreg, gjorde Språkåret mangfaldet meir sjølvsagt. Eg veit eksplisitt at det reduserte barrierane for ein del språkmiljø til å snakke med kvarandre.
Bokmålsbrukarane
Med ei gruppe amerikanske forskarar i ryggen strekar Grepstad under at norsk i internasjonal samanheng er eit vitalt språk. Dei plasserer norsk i kategori éin, med berre dei internasjonale språka over seg. Til grunn for denne vurderinga ligg at norsk er gjennominstitusjonalisert, det er regulert i lova, det blir undervist i skulen, det har økonomiske støtteordningar og skrifta gjennomsyrer kvardagen vår. Og, legg han til, dette gjeld både nynorsk og bokmål.
– Men vi nynorskbrukarar er avhengige av at bokmålsbrukarane skjerpar seg ved å ta vare på språket sitt og ikkje vere så lemfeldige med engelsk som mange er. Primært er dette eit leiaransvar.
– Du bidrog til Språkmeldinga. Synest du ho fekk oppfølginga ho fortente?
– Nei. Ho var godt skriven, men oppfølginga rakna. Synd, fordi ho er uvanleg rik på framlegg til konkrete tiltak. Saksordførar i Stortinget den gongen var Trine Skei Grande. No er ho kulturminister, og ho har sagt at det skal komme ei ny språkmelding.
– Kvar svikta det?
– Det må du spørje fem–seks kulturministrar om. Kanskje blei meldinga borte i den økonomiske delen av Kulturløftet.
– Det stod i meldinga at ho gjaldt alle departementa. Eg har ikkje sett noko som tyder på at ho har gjort inntrykk i andre departement.
– Heilt rett. No har Grande sagt at alle stortingsmeldingar og proposisjonar frå departementet hennar skal komme på nynorsk. Tenk om også Olje- og energidepartementet skjerpa seg og opna oljefelta språkleg.
– Du har ofte hevda at det går betre med nynorsken enn før. Kor mykje ære kan du ta for det?
– Mindre enn du trur. Institusjonen har nok hatt ei rolle, og eg skulle gjerne sett at nokon kunne analysere dette. Ei av dei store endringane er at fleire applauderer mangfald, også språkleg, men kor djupt stikk det? Passiv godvilje er ikkje nok. No har TV 2 fått pålegg om å bruke nynorsk i skrift, og eg vil skrive til TV 2-sjef Olav T. Sandnes og fortelje at vi gjerne er med på å drøfte korleis det kan gjerast på ein smart måte.
Har aldri vore sikker
– Du har tolka Ivar Aasens arbeid med utvikling av nynorsk som eit ledd i det norske demokratiserings- og moderniseringsprosjektet. Korleis ser du ditt eige arbeid i eit slikt perspektiv?
– Langs desse to store linjene har eg prøvd å resonnere og arbeide heile tida. Samspelet mellom språk og demokrati i Noreg fascinerer meg djupt. Det er eit av dei få felta der kommunane bestemmer kva staten skal gjere, og det er ganske radikalt. I kyrkja, i skulen, i kommunane har fleire hundretusen vore med på debattar, folkerøystingar og vedtak om språk i over hundre år. Det gjer noko med eit samfunn og er ein del av forklaringa på kvifor nordmenn er så opptekne av språk.
– Nynorskleksikonet Allkunne kallar deg den fremste talsmannen for nynorsk i det offentlege Noreg, ein institusjonsbyggjar og ein nasjonal strateg for nynorsk skriftkultur. Tek dei feil?
– Som ansvarleg redaktør i Allkunne tek eg sterkt avstand frå slike lausaktige omgrep. Den artikkelen har ikkje eg lese, og eg hadde sjølvsagt ikkje noko med han å gjere.
– Snakk deg ikkje vekk. Tek forfattaren feil?
– Sakleg svar: Så er det nokon som meiner det, då. Eg kan ikkje karakterisere meg sjølv. Hallo, ver litt grei. Rett nok er eg ikkje sjølvutslettande, men sjølvbiletet mitt er heilt annleis. Eg har aldri vore sikker på om det eg gjer og seier, har vore godt nok. I alle år har eg levd med ei uvisse som eg trur eg somme tider har klart å utnytte positivt.
– Du har oppnådd mykje. Men Einar Økland gav deg i si tid oppgåva å gjere rødvin til raud vin. Det makta du visst ikkje?
– Polet har Nynorsk raudvin, men han kunne vore betre. Eg ville ikkje hatt med ordet nynorsk. Kan vi ikkje heller berre ta det for gitt? Eg trur òg at fleire pol har nynorsk som administrasjonsspråk.
I tolv år heldt Ottar Grepstad informative årstalar om stoda i nynorsken. Sjølv forklarar han det med eit ønske om å halde seg fagleg på hogget ved å gå inn i felt han ikkje visste så mykje om. Det kravde innsats, men gav vel så stor glede å oppdage noko han ikkje før hadde visst.
– Oppdagingsgleda har følgt meg heile tida.
– Apropos den allmennpolitiske bakgrunnen din: Som tidlegare leiar av Unge Venstre jubla du då partiet ditt gjekk i regjering med Høgre og Framstegspartiet.
– Eg jubla over kul-
turministeren.
Kan miste synet
– Du sit med nasen heilt nede i tastaturet når du skriv. Kor dårleg er synet ditt?
– Elendig, eg har aldri visst kva godt syn er. Og det er ein grunn til at eg har vore oppteken av å skrive det eg meinte var viktig å skrive, for eg veit ikkje kor lenge eg kan. Eg har både grå og grøn stær og nyttar linser med minus 20. Legane vil ikkje gjere noko før dei absolutt må. Men blir det vesentleg verre, kjem dei til å gripe inn. Kanskje blir eg klarsynt til slutt.
Mannen som har rekna ut kor langt Ivar Aasen reiste på samlarferdene sine (over 25.000 km), har sjølvsagt òg fullt oversyn over kor mange boksider han sjølv har produsert. Talet kjem prompte, det viser seg å vere litt for lågt, men det blir raskt korrigert til imponerande 20.602 sider. Eit livsverk i seg sjølv, men berre halve skriveverket i dette tilfellet. For Grepstad har ikkje rekna med alt han har skrive av artiklar på mindre enn 48 sider. Dei utgjer om lag 20.000 boksider til.
I tillegg kjem alle dei upubliserte talane og foredraga.
– Eg har sett mi ære i ikkje å halde same foredraget fleire gonger.
Ny artikkelsamling
Snart er han ute med ei ny, meir personleg viktig bok, artikkelsamlinga Skriftkultur. Tidssignal frå det 21. hundreåret, der han skriv om retorikk, litteratur og språk. Og der han mellom anna prøver å utrydde omgrepet «målform», som kom inn med jamstellingsvedtaket i 1885. For Grepstad er nynorsk og bokmål to norske språk. Punktum.
– Korleis får vi merke den autoritativa stemma di i åra som kjem, for du har vel ikkje tenkt å halde kjeft?
– Okk, alle desse adjektiva dine! For det første går eg i sjølvpålagd karantene frå Nynorsk kultursentrum i eitt år. Dei skal sleppe å høyre meg seie noko om det dei no gjer. Eg har lyst til å lytte meir enn snakke og lese meir enn skrive. No synest eg at eg har lov til å slutte å springe etter kalenderen, og vere litt egoistisk. Eg skal ikkje lenger gå frå møte til møte. Og ikkje skal eg søkje autoritet ved å vere «tidlegare direktør», berre forfattar.
Seier han som ikkje har late seg freiste til å ta ein doktorgrad, sjølv om fleire av bøkene hans kvalifiserte til det. Han vil ikkje pynte seg med titlar.
Ottar Grepstad skal ikkje lenger ha kontor i Aasen-tunet, men han har tilbode seg å ordne noko gammalt arkivmateriale i huset. Helst på kveldstid. No skal den djupt samfunnsengasjerte pensjonisten øve seg på å vere fri mann og tenkje på kva han skal gjere. Han treng tid til å venne seg til å ha ei anna rolle.
– Det første eg må gjere, er å halde munn. Og det kan bli vanskeleg nok.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Ottar Grepstad, forfattar
Fleire artiklar
Morgonfrisk fersking
«Ein kan kjenna seg frisk og sterk, vera åndsfrisk eller endåtil frisk som ein fisk, friskna til, verta frisk att frå sjukdomen og heilt friskmeld.»
150-årsjubilant: den austerrikske komponisten Arnold Schönberg (1874–1951).
Fredshymne
Kammerchor Stuttgart tolkar Schönbergs «illusjon for blandakor» truverdig.
Marianne Nielsen i hovudrolla som Winnie. Gerald Pettersen spelar Willie.
Foto: Sebastian Dalseide
Beckett-klassikar av godt merke
Glade dager byr på ein strålande skodespelarprestasjon av Marianne Nielsen.
Ingrid Storholmen har teke utgangspunkt i eit stort datamateriale om folkehelsa i Nord-Trøndelag.
Foto: Merete Haseth
Våren over mannalivet
Ingrid Storholmen gjer tørre helsedata om til levande liv i Bloddråpetall.
Takumi (Hitoshi Omika) og dottera Hana (Ryo Nishikawa) lever eit roleg liv på bygda, som no kan få ein «glampingplass».
Foto: Another World Entertainment
Djevelen i detaljane
By mot land er eit sentralt tema i endå ein framifrå film av Ryusuke Hamaguchi.