JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

HumorFeature

Formelen for humor er 12c + ab3

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Sigardampande kokainslave som hadde ein teori om det meste.

Foto: Sigmund Freud Museum

4823
20201002

Harde konsonantar

*Cat: Nerdeerfaring viser at uttalen av harde konsonantar i slutten av humoristiske poeng fungerer betre enn mjuke. Ingen veit heilt eksakt kvifor, men somme trur det handlar om at vi blir litt skremde og overraska av ein hard konsonant.

Mens vi snakkar om hår – her ein eksemplarisk bruk av the rule of three, frå The Dick Van Dyke Show: – Kan eg by Dykk på noko? Kaffi? Smultring? Tupé?

«I can’t think of anything worse after a night of drinking than waking up next to someone and not being able to remember their name, or how you met, or why they’re dead.» (Laura Kightlinger)

Kjelder: Plato.stanford.edu, Wikipedia

Den som ler sist

Dagfinn Nordbø skriv om det som får oss til å le.

Dette er sjølvsagt ikkje heilt korrekt. Formelen kan ikkje forklare alt, men likevel ganske mykje. Vi skal nemleg ta for oss den dominerande teorien om humor, som blir kalla noko så drepande keisamt som inkongruensteorien. Vi har før nemnt Sigmund Freud og «letnadsteorien» hans, men ein kan jo ikkje stole på at ein sigardampande kokainslave som stort sett behandla rike wienerfruer, har sett lyset når det gjeld absolutt all humor.

Tidlegare tiders ovanfrå-og-ned-teori hoppar vi glatt over, sjølv om han har sine tilhengarar i Bibelen og liknande eventyrbøker. Ved profetens skjegg, ein kan da ikkje forklare all humor med at tilskodaren føler seg overlegen! Nei, eg stoler meir på herrane Kant, Schopenhauer og Kierkegaard, som alle bidrog til at inkongruensteorien vart stadig meir utfyllande og presis: Noko passar ikkje saman. Noko vi ser, blir presentert for eller tenker på, bryt med dei mentale standardmønstera våre. Desse forenkla premissane er nok til å forklare kvifor vi ler oss skrukkete av visse ting.

Ein av dei morosamaste filmane eg har sett, er den amerikanske dokumentaren Combover – The Movie. Sjå han om du kan, om du så må kalle inn ein 14-åring for å få lasta han ned. Filmen er eit djupdykk i åtferda til menn som har mista det meste av håret, men likevel finn ei løysing.

Og kva er det inkongruente? Jo, der du til dømes vanlegvis vil forvente å finne hår (på hovudet), har desse mennene ein heilt eller delvis skalla isse som dei dekker til på svært fantasifulle måtar, ved å hente strå frå andre delar av skallen. Men berre denne inkongruensen er ikkje nok: Like viktig er verknadene. Dette er jo ei særs synleg livsløgn, og det morosame er at dei fleste i filmen som driv med hentesveis, har mengder av sjølvironi på det.

Av kjende hentesveisarar i Noreg vil eg seie at den salige venstremannen Helge Seip hadde eit legendarisk grep om handverket. Den oransje presidenten er òg ein sterk kandidat, men den mannen manglar både humor og alle andre positive eigenskapar. Av lattervekkande ting ved han har vi i tillegg det ofseleg lange, knallraude slipset, som karikaturteiknarane for lengst har boltra seg med.

Dårskapen til menneska fører da til at alle desse mennene ser seg i spegelen og tenker: Ja, dette er jo heilt ålreit. Eg har henta om lag ein halv meter hår frå den eine sida og plassert det rundt på hovudet. Det gjer susen, jammen gjer det det.

Det er litt som den tjukkmaga som ser på seg sjølv og tenkjer at magen ikkje synest. Framanfrå.

Formelen i tittelen viser korleis ein enkelt kan få folk til å le ved å bevisst bruke inkongruens. I bransjen blir trikset kalla the rule of three, der du presenterer to element frå same kategori og bryt med det tredje. Til dømes dette memet som blir mykje delt på nettet for tida, og her er originalspråket best: Children want to be teenagers. Teenagers want to be adults. Adults want to be a cat. Memet er illustrert med eit svartkvittbilde av ein fager katt som ligg utstrekt på ryggen og kosar seg, bada i sollys. Brotet her er ikkje berre tematisk, det har òg noko å gjere med sjølve ordet cat, som fonetisk skil seg skarpt frå dei føregåande.*

Humor handlar altså svært ofte om å bryte forventningar, noko både Cicero og Aristoteles nemnde i skriftene sine. Ikkje noko nyhende, altså, men humorfaget er naturlegvis mykje meir enn berre dette aspektet.

Dei beste og mest suksessrike nyttar eit fleirfarga sett av ulike nøklar frå humorens verktøykasse og plasserer dei i ein herleg miks som smeltar tilskodarar og publikum – kvar einaste gong. Dessutan testar dei materialet så grundig at resultatet kan seiast på førehand.

Komikarar og andre bransjefolk må òg alltid ta omsyn til at humor er ferskvare: Verda forandrar seg i rasande fart, og noko vil bli utdatert nesten før det er ferdig. Da er det godt å vite at enkelte ting kjem til å få dei aller fleste til å ramle av stolen, uansett. Men – ein komikar på ein seks månader lang turné vil aldri levere ei siste framsyning heilt lik premieren. Det ville vore latskap.

Dagfinn Nordbø

Dagfinn Nordbø er tekstforfattar, satirikar og matmons.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Teikning: May Linn Clement

Kultur

Samlaren

Einar Økland vil helst høyra noko han ikkje har høyrt før – og så skriv han ein lyrisk tekst som han ikkje visste at han kunne skriva. Deretter held han fram med å samla.

Jan H. Landro

Olav Thon (1923–2024).

Olav Thon (1923–2024).

Foto: Heiko Junge / NTB

KommentarSamfunn

Stadutviklaren Olav Thon

Olav Thon skapte den moderne norske bygdebyen – med større bilbruk og fleire kjøpesenter.

Ronny Spaans

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis