JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

HumorFeature

Hallo i uken!

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Espen Beranek Holm, Else Michelet og Are Kalvø gav seg med Hallo i uken etter 20 år. Den nye versjonen av  programmet heldt det gåande i halvtanna år.

Foto: Terje Bendiksby / NTB

4594
20201009

Den som ler sist

Dagfinn Nordbø skriv om det som får oss til å le.

Hallo i Uken

Då kanalomlegginga blei gjennomført («Einar i tre kanalar»), blei Hallo i Uken flytta til P2, kulturkanalen, og redaksjonen laga straks slagordet «Kulturkanalens nest morsomste program». Klagene blei færre, blant anna fordi den store hopen av lyttarar faktisk hadde sveisa fast kanalveljaren på den største kanalen, P1.

Programmet heldt fram med svært gode lyttartal heilt til Else Michelet skulle pensjonere seg, og Are Kalvø og Espen Beranek Holm slutta. Ein ny redaksjon våga ikkje å hoppe etter Wirkola og forandra konseptet fullstendig. Etter kort tid blei det lagt ned.

For dei som vil lytte til Hallo i Uken-galskapen, finst det ei lang rekkje CD-ar med høgdepunkt frå programmet, og noko kan høyrast via strøyming.

Satireprogrammet Hallo i uken på NRK radio var eit humorflaggskip. Vekeaktuell satire, med dramatiserte kommentarar på nyhenda i veka, levert av dei beste skodespelarane og tekstforfattarar som var fulle av faen.

Ideen kom frå Totto Osvold, og store delar av folket benka seg rundt radioapparata kvar laurdag føremiddag for å høyre vrien som satirikarane og lystigperane hadde på det som hadde hendt i veka. Programmet skifta redaksjon fleire gonger på dei dryge 20 åra moroa varte, og var etter kvart også med på å forsterke den store flodbølgja av imitasjon som heimsøkte norsk humor frå 1990 og utover.

Unge Are Kalvø blei eit kjent namn for folket gjennom Hallo i uken, og hans skarpe penn, usedvanlege lyse hovud og fasetterte talent fekk utfalde seg fritt under produsent Else Michelet, saman med folk som Knut Nærum og fleire titals andre forfattarar og humoristar.

I starten var programmet relativt traust, ein hadde for eksempel innslag med kåseri av Ståle Eskeland midt i, men etter kvart blei det langt meir balstyrig.

Og kven laga programmet? Ein stor bunke frilansarar frå heile landet. I mange år var den einaste faste NRK-tilsette produsent Else Michelet, og i nokre år Kai Sibbern. Michelets erfaring og myndige leiing heldt godt styr på den store gjengen av villstyringar, og resultatet blei eit av dei mest folkekjære og omdiskuterte programma i radiohistoria.

I byrjinga gjekk programmet på P1, og med sendetid laurdag føremiddag fekk mange godtfolk kaffien i halsen og sende inn fortørna klager. Det som vidare skjedde, var som følgjer: Kringkastingsrådet samla seg til møte, det aktuelle innslaget blei sendt i opptak, alle lo, radiodirektør Tor Fuglevik og kringkastingssjef Einar Førde lo aller høgast, og deretter blei saka lagd til sides.

Ikkje alle fann seg i dette laussleppet. Kristelig Kringkastingslag sette seg kvar veke ned med opptak frå programmet og gav ut detaljerte rapportar om kvar enkelt sending, der dei nitid talde opp alle døme på banning, sex og blasfemi – eller det dei sjølve meinte var blasfemi. Radarparet Bjarne og Gunnar (Jens Brun-Pedersen og Otto Jespersen) var dei iallfall ikkje særleg glade i, og dei blei melde til rådet tallause gonger: Eitt av innslaga handla om Yitzhak Shamir: «...det var en figgur som Ivo Caprino ikke var fornøyd med og pælmet på dynga, men trur du fan meg ikke den knortekjeppen klarte å karre seg ned og bli statsminister i Israel, a gitt!»

Dette gjekk ikkje spesielt heim i KrF-krinsar, heller ikkje banninga, som gjentekne gonger blei klaga på. Etter at rådet hadde behandla saka, lydde det frå Bjarne og Gunnar i neste Hallo i uken-sending: «Nå må’re for faen i hælvette bli slutt på all denna banninga fra de jævla fordømrade kommunista i radion!»

Kjell Magne Bondevik fekk naturlegvis kraftig gjennomgå i statsministerperioden sin, og Hallo i uken gløymde aldri å peike på at det berre var to land i verda med prestestyre: Iran og Noreg. Kalvøs imitasjonar av Bondevik er legendestoff.

Men å seie at Hallo i uken var venstrevridd, er ein tynn påstand. Satiren er fri, han skal ta alle som fortener det. Torbjørn Jaglands temmeleg aparte konstruksjon Det Norske Hus blei gjenstand for nådelaus parodiering, for ikkje å snakke om Sponheim, Gro og Jens Stoltenberg.

Programmet inneheldt også nyskrivne viser, og vi avsluttar med mi eiga vise om KrFs Dagfinn Høybråten:

«Ja jeg elsker Dagfinns blå blå øyne

når de ser på meg da fryder meg min sjel

de gir bud om evig liv et sted langt fremme

lyser opp og slår den onde satans makt i hjel.

Han har Bokens ord så sterkt og godt i minne

la hver jævla homo steke i et helvetes bål

Hvis det murres litt om Dagfinns sterke linje

Blir hans vilje enda sterkere enn stål.»

Dagfinn Nordbø

Dagfinn Nordbø er tekstforfattar, satirikar og matmons.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Juliette (Izïa Higelin) dreg til heimbyen for å besøke familien. Det viser seg at faren ikkje klarer å uttrykkje kjenslene sine, mora har blitt meir eksentrisk enn nokon gong, systera er i ei midtlivskrise, og bestemora har hamna på aldersheim.

Foto: Arthaus

FilmMeldingar

Vår Juliette har overraskande tyngde til å vera pakka inn så lett

Brit Aksnes

Ivo de Figueiredo.

Ivo de Figueiredo.

Foto: Agnete Brun

BokMeldingar

Få kjenner Munch betre

Ivo de Figueiredos tobindsbiografi om Edvard Munch er nyansert og underhaldande.

Henrik Martin Dahlsbakken

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis