Vil setje ord på det vanskelege
Nora Dåsnes har berre gitt ut tre «seriøse» bøker, grafiske romanar, men er alt for prisgrossist å rekne. I haust toppa det seg med Nordisk råds pris for barne- og ungdomslitteratur.
Nora Dåsnes fekk Nordisk råds litteraturpris i haust.
Foto: Agnete Brun
Litteratur
jan.h.landro@gmail.com
Den unge oslokvinna skriv for born og ungdom, men har òg noko å seie dei vaksne. Ho tek opp dei store temaa i tilværet – venskap og kjærleik, også skeiv kjærleik (Ti kniver i hjertet), 22. juli-terroren (Ubesvart anrop) og klimakrisa (La skogen leve). Ho meiner at skal vi klare å leve saman, må vi i det minste klare å setje ord på alt det vanskelege, anten det er privat eller politisk.
– Å mangle språk for det ein står oppi, er eit stort problem både i privat og demokratisk perspektiv. Derfor er det viktig for meg å kunne bidra til å gi eit språk til dei som ikkje heilt finn orda for dette, det er kanskje ein jobb eg kan gjere. Gi dei som har vanskeleg for å uttrykkje seg, formuleringar som set ord på opplevingar og røynsler dei balar med. Mange born og unge og unge vaksne kjenner seg ikkje heilt støe der.
– Bøkene dine røper ein tydeleg ambisjon om å gjere desse store temaa så konkrete og nære som råd er. Korleis går du fram?
– Først må eg ha ei forståing av kva eg snakkar om. Det kan eg få ved å lese sakprosa eller tale med røynde folk. Før eg skreiv La skogen leve, var eg til dømes med Natur og Ungdom på aksjon, det hjelpte til å gjere stoffet litt friskare.
Så byrjar prosessen med å koke stoffet ned.
– Mykje av jobben er å finne ut for meg sjølv kva eg ønskjer å seie, og om eg faktisk klarer å få sagt det. Og då på måtar folk vil lese. Så: er det ekte, eller er det kanskje noko eg kan seie betre i handling eller bilete enn i ord? Det er tale om ein lang redigeringsprosess, der eg er i stadig dialog med forlagsredaktøren min.
– Bøkene dine syner at du ikkje berre veit å finne dei rette orda, men at du likeins evnar å la bileta tale for seg sjølve når det er naturleg. Er dette noko du nyttar mykje tid på?
– Mykje av arbeidet handlar om komposisjon. Når treng eg meir tekst? Når er det behov for eit pusterom i form av store biletoppslag? Kva bør forteljast med bilete i staden for med ord? Å finne den ferdige forma på stoffet krev ein del eksperimentering. Eg arbeider meg fram mot den rette løysinga, det synest eg er eit morosamt puslespel. Det gjeld å gi nok, men ikkje for mykje, informasjon.
Utøya
– Ubesvart anrop har ein heilt annan stil en dei to andre bøkene. Fargane er duse, mykje går i svart-kvitt og her får bileta tale i langt større grad. Det kom vel av temaet?
– Ja, det blei langt færre ord der totalt. Boka inneheld mange minne, og dei kan lett uttrykkjast i bilete. Effektive er dei òg. Så er boka langt stillare enn den skravlete Ti kniver i hjertet. I Ubesvart anrop finst det mange som ikkje veit kva dei skal seie. Noko av det eg liker så godt med dette formatet, er at det gir rom for å vere heilt stille.
Nora Dåsnes (blir 27 nyttårsaftan) er den yngste som nokosinne har fått ein litteraturpris frå Nordisk råd. Om prisvinnarboka seier juryen mellom anna at ho «engasjerer, berører og får leseren til å reflektere rundt både kollektive, politiske samfunnsspørsmål og individuelle, eksistensielle spørsmål». Spør du henne kvifor ho ville gi seg i kast med eit så vanskeleg tema som 22. juli-terroren, svarar forfattaren at det byrja med at Aschehoug forlag bad henne skrive ei sakprosabok for ungdom om temaet. Ho tok til å lese seg opp, men innsåg at dette kunne bli eit enormt prosjekt.
– Så tok hovudpersonen, Rebekka, til å dukke opp i den prosessen. Då bad eg forlaget om å få lage dette som teikneserieroman i staden, og fekk ok til det. Eg innsåg også at eg først hadde undervurdert, eller ikkje tenkt på, at det fanst eit behov hos mange for å lese om dei som stod på sida av dramatikken. Og Rebekka korkje var på Utøya eller kjende nokon av dei som deltok der. Men det gjekk lang tid før eg kjende at eg hadde skrive noko eg kunne stå inne for.
– Det spesielle med historia du fortel, er at Rebekka kjenner seg så sterkt plaga sjølv om ho ikkje hadde ei tilknyting til terroroffera. Valde du det med eit ønske om å allmenngjere opplevinga til dei som blei råka, og seie at dette kjem oss alle ved?
– Poenget var helst å syne at å oppleve store, traumatiske hendingar berre gjennom media – slik vi gjer no med pandemien og krigen i Ukraina – er ganske heftig. Det er den allmenne biten, men eg ville også syne ungdomane som lever no, korleis mange av dei som var direkte råka, blei påverka av hendingane på ulike vis. Somme hengde seg opp i det, andre gjekk inn i politikken.
Til elleve land
Nora Dåsnes har ein bachelorgrad i Illustration Animation frå Kingston University utanfor London og har alltid vore interessert i teikning og skriving. Ho er sjølv ansvarleg for både tekst, illustrasjonar og omslag på bøkene sine. Som attenåring vann ho ein manuskonkurranse saman med venninna Hannah Mileman. Det blei opptakten til at dei skapte romanserien Gjenklang, ti bøker med handlinga lagd til Kristiania for om lag hundre år sidan.
Etter kvart kom ho i kontakt med Aschehoug og tok til å lage teikneseriebøker for born og unge, som til no har gitt henne Kulturdepartementets pris for beste teikneserie to gonger, Pondusprisen, Riksmålsforbundets barne- og ungdomslitteraturpris og altså i haust den gjævaste nordiske prisen.
Bøkene hennar er alt selde til elleve språkområde. Det gler henne spesielt at Ti kniver i hjertet snart kjem ut på polsk, eit land som gjer livet stadig vanskelegare for skeive.
– Korleis opplevest det å vinne prisar for alt ein gjer?
– Svært fint, kjem det med ein stille latter. Eg blir takksam for at folk seier eg skal lage fleire bøker. Men når eg jobbar med nye prosjekt, prøver eg å ikkje tenkje så mykje på det, for det legg lista høgt. Då tenkjer eg heller på kven eg skriv for, og korleis eg kan gi dei ei god leseoppleving.
– Kven skriv du for?
– Det er fascinerande å skrive for og om born på spranget inn i ungdomsskulen. Då skjer det så mykje med identitet og venskap og endra forhold til foreldre – og så er dei så morosame å formidle til, noko som er blitt ein stadig viktigare del av forfattarjobben. Dei er så opne når eg møter dei, og blir så engasjerte når eg først får dei med. Men eg ser jo at fleire enn den aldersgruppa eg skriv om, les bøkene mine, især Ubesvart anrop.
Forelskinga
– Reknar du med å nå fleire unge lesarar ved å skrive grafiske romanar?
– Den første laga eg utan å tenkje slik, gjorde det berre fordi det var gøy. Så har eg fått respons frå ungdom og foreldre som likte boka. Fleire fortalde om lesesvake og lite lesevande som fekk ei kjensle av meistring ved å komme seg gjennom ei bok på 250 sider.
– Kjærleiken, eller forelskinga, har sin plass i alle dei tre bøkene?
– Eg har ein redaktør som er litt glad i romansar! I den første romanen var det jo eit sentralt tema. På vidaregåande snakka vi mykje om kjærleik og forelsking, dette som var viktig, men som òg kunne gjere ting vanskelege. Derfor var det naturleg å bringe inn forelskinga også i Rebekkas historie i Ubesvart anrop. I den siste boka er det ei av jentene som ikkje er så flink til å uttrykkje kjensler på ein produktiv måte, og då kan forelsking løyse på noko. Dessutan er det mange lesarar som synest kjærleik og forelsking er gøy å lese om, og eg liker det jo sjølv òg.
– I to av bøkene går dei same tre jentene igjen, elevar på spranget inn i ungdomsskulen. Får også den tredje jenta sin eigen roman?
– Ja, eg har lyst til å skrive meir om dei. Eg har drodla litt om kva prosjektet hennar blir, ho er den som er mest ivrig på å bli ungdom fortast mogleg. Det er heilt annleis enn slik eg var i den alderen, så dette blir spennande å gå inn i. Ho er også den av dei tre som er mest på nett, og det er eit stort tema som eg ikkje har gått så mykje innpå. Men den boka kjem ikkje før i 2024. Til no har eg gitt ut bok år etter år, men stadig meir formidling og skulebesøk gjer at eg treng ein pause. Eg vil ikkje pushe på for å halde det same utgivingstempoet framover.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Ensemblet til Sigurd Hole då dei spelte konsert på samtalefestivalen TronTalks ved foten av Tronfjellet.
Foto: Ragnhild Tromsno Haugland
Naturens advokat
Ensemblet realiserer ambisjonane til Hole på framifrå vis.
«I dag har eg ikkje snakka med eit menneske. Eg har flytt på vasslangane, stelt meg mat, sola meg – og lese litt.»
Foto via Wikipedia Commons
«Ørjasæter var fyrst god ven med diktarbroren sin frå Gudbrandsdalen, men så fekk han høyre ting om Aukrust som skar han 'gjenom hjarte som eit tvieggja sverd'.»
Han heitte John Guillot, men skifta namn til Johnnie Allan og blei pub-rockar.
Arkivet: For tida framstår ikkje USA som det lova landet, men hausten for 50 år sidan var Elvis Presley på hitlistene i USA og England med «Promised Land»
Mogleg trasé for jarnbane mellom Narvik eller Bjørnfjell til Tromsø.