🎧 Fyrsteleg gravmæle
BERGAMO: Bartolomeo Colleoni hadde ballar, faktisk tre par av slaget. Sjølv om han aldri blei meir enn fyrste på liksom, er gravkapellet hans ein renessansefyrste verdig.
Bergamos hovudattraksjon: Det kuppeldekte Capella Colleoni frå 1470-åra markerer byrjinga på renessansearkitekturen i Lombardia. Til venstre for kapellet står den slanke forhallen (1300-talet) til sjølve kyrkja, Santa Maria Maggiore (1100-talet).
Foto: Sjur Haga Bringeland
SERIE: Sjur Haga Bringeland har dei siste åra vitja italienske byar på jakt etter kunst og arkitektur som representerer det ypparste innan sin epoke.
BERGAMO
By i norditalienske Lombardia med 120.000 innbyggjarar
Heitte Bergomum i romersk tid
Blei fri bykommune på 1100-talet og kom under Venezia i 1428
Kom under Austerrike i 1815 og blei del av kongeriket Italia i 1859
Hyser mellom anna eit kunstgalleri og eit viktig gravkapell frå renessansen

Lytt til artikkelen:
Det er lite dolce vita å spora på domkyrkjeplassen, Piazza del Duomo. Folk slentrar ikkje forbi eller blir ståande og skravla med kvarandre, men skrittar tagalt og målmedvitne tvers over allmenningen. For det er kulse i dag, her oppe på åsryggen, der Bergamos gamleby ligg omkransa av festningsverk frå renessansen. Han er som kvite silikonfugar, tørrsnøen som vinden har blåse saman langs veggene kring brusteinsplassen.
Dei fleste kyrkjer og butikkar held stengd no midt på dagen. Føremiddagen har gått med til å vitja Accademia Carrara, eit lite, men viktig biletgalleri like utanfor bymurane mot vest. Det hyser ei utsøkt samling måleri av den venetianske skulen, for i dei fire hundre åra Bergamo var del av republikken Venezia, oppheldt fleire venetianske kunstnarar seg i byen. Det nyklassisistiske museumsbygget er frå byrjinga av 1800-talet. Men utstillingsareala, der kunstverka er ordna i kronologisk rekkefylgje over to etasjar, er moderne, med god informasjon om måleria både på italiensk og engelsk.
Spedbarnsgomme
Kva for måleri gjorde mest inntrykk? Der var flotte portrett og helgenbilete både av Rafael og Botticelli. Men måleriet som fengde mest, var Andrea Mantegnas vesle «Madonna med barnet» frå kring 1475, som har dei tydeleg teikna konturane og milde fargane eg elskar ved den italienske tidlegrenessansen. Jesusbarnets blodraude korallarmband kan vel tolkast som frampeik på lidinga som ventar, og med det himmelvende blikket er det som om Frelsaren tek sorgene på forskot. Men det var ein annan, heilt menneskeleg ting som fascinerte mest: korleis kunstnaren her har framstilt ein ekte baby, med spedbarnsgomme der spissen av to små mjølketenner tittar ut. Mantegnas Jesusbarn er eit barn av renessansen, langt frå dei vaksne kroppane i minska målestokk me kjenner frå mellomalderen.
Polenta med kanin
På domkyrkjeplassen opnar dei to kyrkjene etter siestaen. Mot nord er plassen avgrensa av det gotiske rådhuset, og bak dette ligg Piazza Vecchia, Bergamos gamle marknadsplass, som er omgjeven av restaurantar. Der var det eg i går kveld fekk servert den regionale spesialiteten, maisretten polenta, som blei sett fram saman med ein gratinert terrin med herleg timiankrydra kanin kokt i fløyte og kvitvin.
Den største kyrkja her er ikkje katedralen, men den romanske Santa Maria Maggiore, som blei påbyrja i 1137, den gongen bergamaskane styrte seg sjølve som fri bykommune. Hovudinngangen ligg i det nordre tverrskipet, den som peikar mot plassen, og har ein baldakinaktig forhall i fornem, fleirfarga 1300-talsstil. At kyrkja faktisk manglar fasade, legg ein ikkje merke til med det same, for inntil forhallen ruvar eit mektig tilbygg som tek all merksemd: Capella Colleoni, som blei reist samstundes som Mantegna måla Jesusbarnet sitt i 1470-åra. Dette firkanta, kuppeldekte gravkapellet er Bergamos hovudattraksjon, kledd som det er med kostesame kvite, grå og rosa steinsortar og forseggjort bilethoggararbeid. Det markerer inntoget til renessansearkitekturen i Lombardia, den nye stilen frå Firenze som arkitekten og bilethoggaren Giovanni Antonio Amadeo (1447–1522) her har tolka på sin særeigne, lombardiske måte.
Kven var så byggherren som kunne bryska seg med eit slikt gravmæle, og som attpåtil var frekk nok til å riva sakristiet i den ærverdige Santa Maria Maggiore for å få plass til det?
Don Colleoni
Den adelege bergamasken Bartolomeo Colleoni (kring 1400–1475) hadde ballar. Tre par av dei, faktisk – på våpenet sitt, vel å merka. Det skriv seg frå eit ordspel, for på italiensk tyder coglioni «testiklar». Ballane er felte inn i smijernsporten framfor kapellet. Og dei er alltid nypussa, for det skal bringa lukke å gni dei når ein går forbi.
I framferd stod ikkje Don Colleoni attende for Don Corleone i Gudfaren-filmane. Han var ein av 1400-talets største condottieri, som generalane for privathærar i Italia blei kalla før statane byrja å halda seg med ståande armear. Lojaliteten til condottierane var proporsjonal med betalinga dei fekk. Difor kunne Colleoni det eine året gå i milanesisk teneste mot Venezia, og det andre året mot Milano i venetiansk teneste. Dette gjorde han søkkrik, og jo mettare han blei på dukatar, desto svoltnare blei han på politisk makt; slik sett likna han på enkelte milliardærar i dag. I denne bransjen kunne ein då òg nå langt – condottierkollegaen hans Francesco Sforza hadde i 1450 greidd å bli hertug av Milano, sjølv om han ikkje hadde ein drope adelsblod i seg.
Kompromiss
Colleoni blei militær øvstkommanderande for Venezia på livstid. Som Bergamos store son tykte han difor det kunne passa at Venezia avsto heimbyen til han. Men venetianarane nølte; dei ville korkje avstå land eller gje éin mann for mykje makt. Samstundes laut dei stå på god fot med generalen, elles ville dei ikkje bli tilgodesett i testamentet hans. Lagunerepublikkens kløktige diplomatar forhandla difor fram eit kompromiss: Colleoni skulle bli fyrste over Bergamo på liksom, med eige hoff i den nærliggjande borga Malpaga, men utan jurisdiksjon over sjølve byen. Sjølv om ekte italienske fyrstar residerte i byar, ikkje på landet, gjekk Colleoni med på dette. Malpaga-borga kan ein i dag vitja; i lang tid fungerte ho som oppdrettsanlegg for silkeorm.
Men når det gjeld pakt og sjølvbilete, stod ikkje Colleoni attende for renessansefyrstar flest. Éin ting er ressursane det må ha kravd å reisa bygget. Noko anna er biletprogrammet som er framstilt på fasaden, der Colleoni propaganderer dygdene sine gjennom kompliserte allegoriar og set seg i samanheng med romerske herskarar og generalar. Døme på dette finn ein i dei to nisjane over vindauga i fyrste etasje, som har byster av Julius Caesar og keisar Trajan. Condottieri som Colleoni likte å samanlikna seg med desse; Caesar var då det fremste militære førebiletet og Trajan sinnbiletet på den rettvise herskaren.
Lombardisk dialekt
Amadeo var fyrst og fremst bilethoggar, ikkje arkitekt. Fasaden er då òg så rikt skulpturert at der knapt finst eit roleg punkt å kvila augo på. Puristiske arkitekturhistorikarar har kritisert Amadeo for dette, som dei såg på som ei lombardisk forvansking av Firenzes klassiske arkitekturspråk – detaljrikdomen var ein leivning frå gotikken som ikkje hadde noko på eit klassisk renessansebygg å gjera. Dei klaga òg på manglande strukturell samanheng mellom det ytre og det indre ved bygget.
Men som skulptør var Amadeo i alle høve ein einar. Spesielt godt likar eg dei kvite marmorrelieffa i augehøgd på begge sider av inngangen, som syner scener frå Bibelen og klassisk mytologi om einannan. (Kombinasjonen kan verka merkeleg i dag, men i renessansen var han comme il faut.) Det naturtru muskelspelet i dei nakne, velproporsjonerte mannskroppane vitnar om Amadeos kjennskap til antikkens skulpturkunst – på dette feltet var han altså ein fullgod renessansekunstnar.
Løve og kjempe
Colleoni var overtydd om at han ætta frå Herkules. Denne mytologiske helten er avbilda i basisen (fotstykket) til den venstre hjørnepilasteren (flatsøyla), der han er godt i gang med å fullføra dei tolv storverka sine. På det eine relieffet drep han den blodtørstige løva frå Nemea, som har så sterkt skinn at korkje sverd eller spyd bit på henne. Løysinga blir å kvela henne ved å køyra armen ned i løvehalsen. Nemea-løva blei seinare send til himmelen, der ho danna stjernebiletet med same namn.
På det andre relieffet ser me Herkules i brytekamp med den libyske kjempa Antaios. Men Antaios er ei hard nøtt. Gong på gong legg Herkules han i bakken, men der får han berre ny kraft – det er mor hans, Gaia, altså Jorda, som gjev han kreftene. Men så lenge Antaios ikkje har kontakt med bakken, er han ikkje sterkare enn andre menn. Herkules løyser difor saka gjennom å halda han i vêret, og i eit sterkt armtak kveler helten Antaios òg.
Nyslakta kylling
Ein openberr arv frå gotikken er det svære rosevindauget over hovudinngangen. Også det har ein referanse til byggherrens bragder. For stavane i vindauget er forma som kanonrøyr – Colleoni skal nemleg ha vore den fyrste som nytta kanonar i eit ope feltslag.
Fem låge trappetrinn fører inn i sjølve kapellet, der det sit ein eldre mann i brun dress bak ein skranke og spelar brettspel. «Buongiorno!», seier eg. «No photo», svarar han, utan å lyfta blikket frå spelet.
Ein skulle venta seg at altaret stod på den mest prominente plassen, altså rett overfor hovudinngangen. Men altaret har måtta vika for Colleonis marmorsarkofag (også den rikt skulpturert av Amadeo) og står ved ein av sideveggene. Stilistisk er interiøret mindre einskapleg enn eksteriøret, for her inne blei det arbeidd fram til langt utpå 1700-talet. Tydelegast er dette i taket, som har freskomålarstykke i varme rokokkofargar. Fresken «Halshogginga av døyparen Johannes» merkjer seg ut. I 1733 har venetianaren Giovanni Battista Tiepolo her tolka motivet så drastisk at jamvel den hardkokte Colleoni ville ha lyfta på augebryna: Som ein hovudlaus kylling heng skrotten til døyparen over ein steinsokkel. Or halsen pumpar blodet nedover trappetrinna, medan bøddelen held hovudet hans opp etter håret og granskar det, som for å forsikra seg om at det verkeleg er av.
Feil markusplass
Det lir mot kveld, og eg har eit tog å rekka. På veg ut kan eg ikkje dy meg, og gjev ein av pungane på porten eit raskt gnikk. Colleoni-kapellet er med god grunn Bergamos hovudattraksjon, då særleg fasaden, som lèt seg lesa som ei god bok. Eg skulle likevel gjerne ha opplevd han i klårvêr og sett sola blenkja i den fleirfarga marmoren.
Det einaste som blenkte i dag, var den forgylte ryttarstatuen på Colleonis sarkofag. Men denne statuen er ikkje så stor, og faktisk av tre, slik det var vanleg i mellomalderen. På Colleonis tid hadde ein derimot – for fyrste gong sidan antikken – greidd å støypa ein frittståande, fullskala ryttarstatue i bronse av typen romerske keisarar blei heidra med. Og var det godt nok for ein keisar, var det godt nok for Colleoni – ein slik statue ville han ha.
Då Colleoni testamenterte formuen sin til republikken Venezia før han døydde i 1475, var det difor på vilkår av at ein ryttarstatue i bronse, laga av den vidspurde florentinske kunstnaren Verrocchio, skulle reisast på Markusplassen i hjartet av lagunebyen. Og statuen med den stramme generalen står den dag i dag i Venezia – men ikkje på Markusplassen, for dei slue venetianarane hadde nok aldri i sinne å heidra ein enkelperson i sentrum av republikken på denne måten. Dei vrei difor på ordlyden i testamentet og fann ein meir diskret stad som i alle fall hadde noko med «Markus» å gjera: plassen framføre huset til Markus-lekbrørne, Scuola Grande di San Marco – altså ein markusplass på liksom.
Sjur Haga Bringeland
Sjur Haga Bringeland er musikar, musikkvitar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Colleoni meinte han ætta frå Herkules.
Fleire artiklar
Morten Søberg er direktør for samfunnskontakt i SpareBank 1 og har skrive fleire essaysamlingar om økonomi, politikk og skriftkultur.
Foto: Spartacus
Fall og vekst i Sør-Atlanteren
Morten Søberg er best når han ser vidare enn pengestellet.
I heimen sin på Norneshaugane ved Sogndal har Idar Mo forfatta eit hundretal innlegg om norsk samferdslepolitikk, dei fleste om uforstanden i satsinga på jernbanen.
Foto: Per Anders Todal
Talknusaren og den store avsporinga
For Idar Mo i Sogndal er ikkje buss for tog noko å sukke over. Det er framtida.
Tanya Nedasjkivska i Butsja i Ukraina sørger over ektemannen, som var mellom dei mange myrda sivilistane som russiske invasjonsstyrkar på retrett lèt etter seg langs gatene i 2022.
Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB
«Utan den militære støtta ville Ukraina i dag vore okkupert av Russland.»
Kart: Anders Skoglund, Norsk Polarinstitutt
Arvingane til Amundsen
Om lag 200 menneske vitjar Sørpolen kvart år. Denne sesongen sette fire nordmenn av garde på ski. Ikkje alle kom fram.
Hübner (t.v.) mot verdsmeister Karpov i 1979.
Foto: Rob Croes / Anefo
Doktor utan fjas
Den mest akademiske sjakkspelaren i historia døydde sundag 5. januar, 76 år gamal.