Per Kleiva då han stilte ut bilete på Moldejazz i 2005.
Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix
Per Kleiva
Kleiva vart fødd i Torsken i Troms i 1933, og døydde 17. september 2017, 84 år gamal.
Han voks opp i Troms og på Sunnmøre.
Frå 1972 budde han på Nesodden.
Han hadde utdanning frå kunstakademia i Oslo, Stockholm og København.

Ein av våre viktigaste kunstnarar har gått bort. Men verka står att som bautasteinar gjennom nyare kunsthistorie.
Per Kleiva var av dei første i landet som eksperimenterte innan popkunst. Folk sperra opp auga for verk som «Softly as in a Morning Sunrise» (1965). Her stikk ei sølvfarga plasthand ut av ei svart sol; Vårherre er erstatta av ein grådig, kapitalistisk guddom. Samanstillinga av billege bruksgjenstandar, så vel som den krasse bodskapen, var tøff kost for mange.
Den samfunnskritiske og særs ironiserande snerten vart ikkje mindre i tida som kom. Mot slutten av sekstitalet danna Kleiva den politiske protestgruppa GRAS saman med kunstnarar som Willi Storn, Morten Krohg, Anders Kjær og Victor Lind. Gruppa gav seg i kast med å utforske teknikken silketrykk. Tanken var å lage kunst til grasrota, kunst som alle hadde råd til. Den grafiske teknikken har eit glatt og reint formspråk som høvde godt for Kleiva. I det fruktbare, boblande miljøet utforma han motivet som han er mest kjend for: helikopter med sommarfuglvenger. I trykk med titlar som «Amerikanske sommerfuglar» (1971) flyg fagre helikopter over slagmarkene i Vietnam. På forunderleg vis verkar helikoptra endå meir brutale når dei er kledde i poetisk drakt.
Silketrykket «Ein annan stad» (1975) er karakteristisk for syttitalets Kleiva. Her ligg ein lidande, naken menneskekropp nedst i bildehjørnet. Komposisjonen er med på å understreke kor forsvinnande lite menneskeliv er verde, så lenge det er tale om framande menneske frå andre stadar. Eit blodraudt piggtrådgjerde med kvasse taggar hindrar mannen i å kome nærare betraktaren. Verket gjorde sterkt inntrykk første gong eg såg det. Det gjer minst like sterkt inntrykk når eg no har teke det fram att. Skildringane av meiningsløysa, lidingane, den skrantande omsorga for dei andre er like aktuell i dag.
På åttitalet handla fleire arbeid om fredsrørsla så vel som protestar mot opprustingskappløpet. Arbeida visualiserer på grelt vis korleis militærleiken kan ende.
Kleiva var ein av få kunstnarar som heldt fram med å lage politiske bilde utover nittitalet. Rett nok var dei nyare verka meir dempa, fleira handla om mellommenneskelege forhold. Figurane er rissa opp med enkle linjer mot steile vestlandsfjell. I dei svarte, monumentale fjellformasjonane lyser ein gedigen foss i kvitt. Det er freistande å tolke fossen som eit symbol for vill og utsoppeleg livskraft.
Eg er oppvaksen inst på Sunnmøre, og kjenner att fjella som Kleiva skildrar. Og fossen som snor seg på særeige vis gjennom store delar av arbeida, er Slufsa i Tafjord. Kvar gong eg køyrer hit, dreg blikket seg opp mot Slufsa. Då tenkjer eg på kunsten til Per Kleiva. Det er mest som om han har signert fjellpartiet.
Eva Furseth
Eva Furseth er kunsthistorikar.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.