Lillebjørn vart norsk folkeeige
Lillebjørn Nilsen er eit framifrå døme på at di meir lokal diktinga er, di meir universell kan ho verta, og di fleire kan ho nå.
Lillebjørn Nilsen fotografert under tildeling av St. Hallvard-medaljen i Oslo Rådhus i 2017.
Foto: Håkon Mosvold Larsen
Då Lillebjørn Nilsen (1950–2024) steig fram som visesongar, markerte han seg som ein av fleire i den norske «visebylgja» kring 1970-talet. Eg opptredde fleire gonger saman med han, og vi treivst bra i lag. Han vart snart ein populær artist som gav ut ein straum av plater, heile tida med fokus på at hovudstaden var hans «plass på jorda».
Lillebjørn vart norsk folkeeige, og han turnerte også utanlands. Meir enn ein bytrubadur var han ein Oslo-trubadur, lokalisert til Alexander Kiellands plass. Han er eit framifrå døme på at di meir lokal diktinga er, di meir universell kan ho verta, og di fleire kan ho nå.
Plateselskapet Grappa planla ein omfattande plateboks med hans innspelingar. Eg vart beden om å skriva ein større artikkel om heile Lillebjørns produksjon, som skulle inngå i CD-boksen Stilleste gutt på sovesal 1. Det vart til saman 10 soloalbum, frå debuten Tilbake (1971) til Nære Nilsen (1993) – alle platetekstane følgde med dei ulike CD-heftene.
«Ein Oslo-trubadur vernar om ein Oslo-poet.»
For min del gjekk seinsommaren og tidleg haust med til at eg lytta meg gjennom heile livsverket, som eg kjende ein del av frå før, men ikkje alt. Eg sat i Nice i Frankrike, lytta og skreiv, teksten vart godkjend av Helge Westbye på Grappa, CD-boksen vart lansert i Oslo på Lillebjørns 60-årsdag 21. desember 2010. Seinare inngjekk min tekst i essaysamlinga Kánon/ kannon/ kanón (2016).
Det er stas når Svein Gjerdåker spør om å få trykkje han opp att som eit minneord om Lillebjørn Nilsen i Dag og Tid. Vår trubadur hadde, som vi veit, eit levande tilhøve til det nynorske språket.
Det er imponerande at Lillebjørn Nilsen, som ikkje gav ut noka ny plate dei siste 30 åra av livet, heldt fram med å vera like populær alle dei åra. Han visste å halda kontakt med publikummet sitt.
Lillebjørn vart min kontaktmann, han ringde meg når det var ting som var feil i hovudstaden. Slik hadde det seg at den bortgøymde bysten av Olaf Bull vart flytta til den gjenoppliva Olaf Bulls plass på Skillebekk. Ein Oslo-trubadur vernar om ein Oslo-poet.
Og ikkje å forgløyma: Tanta til Beate, som vernar om gitartradisjonen frå Django Reinhardt. Nordmannen Lillebjørn Nilsen, han inngår i det store fellesskapet.
Jan Erik Vold
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Vladimir Putin har grunn til å vera nøgd med stoda i krigen i Ukraina.
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB
FN-soldatane er det internasjonale samfunnets gissel mellom Israel og Hizbollah, seier Robert Mood.
Reisande på Gardermoen i juni i år. Oslo lufthamn er i særklasse den mest lønsame flyplassen Avinor driv. Dei aller fleste norske flyplassane går med underskot.
Foto: Javad Parsa / NTB
Avinor-krisa tok ikkje slutt da pandemitiltaka gjorde det. Kan det vere styringsmodellen det er noko gale med?
Han Kang er den fyrste sørkorearen som vinn Nobelprisen i litteratur.
Foto: Yonhap News Agency / NTB
«Det er språkarbeidet og dei poetiske scenene, som råkar lesaren.»
Sørkoreanaren Han Kang får Nobels litteraturpris for 2024
Nihon Hidankyo fekk Nobels fredspris i år. Japanaren overlevde atombomba i Hiroshima i 1945.
Foto: Kim Kyung-Hoon / Reuters / NTB