JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Feature

Livet er skummelt, men det går likevel

Det Kjersti Annesdatter Skomsvold kjenner at ho treng skrive om, er ting som rører djupt ved henne. Der er ho
i sin nye roman, Barnet, som blir
lansert i dag.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
– Aldri kjenner eg større ro enn når eg skriv – sjølv om eg skriv om uro eller otte, seier Kjersti Annesdatter Skomsvold.

Foto: Anniken C. Mohr

10303
20180803
10303
20180803

janh@landro.bergen.no

–Går eg djupt nok i meg sjølv, trur eg det eg skriv vedkjem andre, òg. Det må finnast ein sterk kjenslemessig nærleik i teksten frå forfattarens side, då kan teksten bli universell. Då eg merka at boka tok til å bli ferdig, var det som å lese noko ein annan hadde skrive, men som eg likevel kjenner meg igjen i. Dette er ein roman og ingen sjølvbiografi.

38-åringen har sett til verda to ungar i løpet av halvtanna år, og på eit vis vender boka seg til den yngste av dei. Mora lurte seg til å skrive litt kvar dag mens ungane sov, det blei eit arbeidsmønster for ei som kjenner seg betre når ho får skrive.

– Eg tenkjer at arbeidsvilkåra viser igjen i teksten, gjennom korte scener, og stadige tankesprang, seier ho. Når barna vakna, var arbeidsdagen over.

Lenge låg manus føre berre som lause fragment, først då det andre barnet blei født følte Skomsvold at ho fann strukturen som gjorde det til ein roman.

– Det var berre eg og dottera mi der heime i leilegheita eller på trilletur, så eg snakka med henne, og slik fekk romanen si form.

I Barnet kjem forfattaren tett på livet, enten det gjeld svangerskap, fødsel, samliv og ansvar for eit par små sjeler, eller skriving og kjærleik. Svært mykje får ho plass til på godt og vel 120 sider. Om fødselen skriv ho så han også blir ei fysisk påminning om døden: «å bære frem et barn er å forfalle, skjelettet ramler fra hverandre, bekkenet løsner, kroppen revner, det er å bli minnet om at jeg skal smuldre opp og bli til jord, det er å fremskynde prosessen.»

– Eg var ganske sjokkert over kva eit svangerskap og ein fødsel kan gjere med ein kropp. Fødslene minna meg også om døden fordi naturen tar fullstendig over, det er eit tap av kontroll, og kanskje er det å føde det næraste eg har komme opplevinga av å døy?

– Du er visst eit engsteleg menneske?

– Der ligg mykje av grunnen til at skrivinga er så viktig for meg. For i litteraturen kan eg gjere denne otta om til noko anna. Skal eg berre bere henne i kroppen, blir det ikkje til å halde ut. Eg trur dette er ein motor for skrivinga mi.

– Elles vil eg meine at det er all grunn til å vere engsteleg. Å tru noko anna, er sjølvbedrag. Når eg skriv om det, kjenner eg meg sjølv igjen. Då finn eg ei slags ro, merker at det hjelper. Aldri kjenner eg større ro enn når eg skriv – sjølv om eg skriv om uro eller otte.

Handlar om å oppdage seg

Skrivinga er så sterkt til stades i alt Skomsvold gjer, at ho finn det uråd ikkje å skrive om å skrive. Slik blir den nye romanen hennar også ei bok om å skrive.

– Gjennom romanane eg skriv oppdagar eg alltid noko nytt om sjølve skrivinga, og kva litteraturen har å seie for livet mitt. Eg blir aldri utlært, kanskje er det også noko av grunnen til at eg må halde fram med å skrive.

– Men ikkje minst er dette blitt ei bok om livet og samlivet?

– Ja! Det er heilt vilt å bu saman med eit anna menneske! Utruleg fint, men når du har levd aleine så lenge som eg har gjort, er det også veldig rart. Eg trudde det handla om å oppdage eit nytt menneske, men så dreier det seg minst like mykje om å oppdage kven du sjølv er. Slik er det når du får barn, òg, for du blir plassert i situasjonar du på førehand ikkje anar korleis du skal reagere på. Så lærer ein mykje nytt om seg sjølv. Eg tenkte eg skulle bli kjent med meg sjølv ved å skrive, men du ser vel så mykje inn i deg sjølv ved å utsette deg for andre menneske og liva deira.

– Mot slutten av boka skriv du at det er smertefullt å oppdage seg sjølv. Kva ligg smerta i?

– Å sjå at ein ikkje alltid er eit menneske ein liker. Det er lett å tru at ein er eit fantastisk menneske med andre når ein berre er aleine. Så møter du nokon, og då viser det seg at du kan vere urimeleg, småleg, barnsleg, dum, uklok osb. Dei nære relasjonane med andre menneske er jo svært krevjande. Og alt dette kan bli sett på spissen når ein hamnar i ein ny situasjon ved å få eit barn. Det kan få fram det verste, men også det beste, i deg.

– Det smertefulle er når ein ser at ein ikkje er betre enn som så, men så er det fantastisk å oppleve at ein kan vere betre enn ein trudde. Sjølv fann eg m.a. ut at eg er ein meir tolmodig person enn eg hadde trudd.

– Det verkar som om det etter barnefødslane er blitt endå meir prekært for deg å skrive?

– Det har alltid vore prekært etter at eg først byrja skrive. Den langvarige ME-sjukdommen gjorde at eg flytta ut på eit vis. Men ved å skrive klarte eg etter kvart å vere i verda. For å sleppe inn andre menneske, enten det var sambuar eller barn, måtte eg gi slepp, kunne ikkje sitje i stolen og skrive heile tida. Det var kjempeskummelt, derfor var det også svært viktig for meg å kunne halde litt på skrivinga.

Å finne redning frå seg sjølv

– Eg var 36 og 37 då eg fekk borna. Når det skjer store endringar i livet, kan det kjennest vanskeleg å skrive. Eg treng ro, rutinar og eit regelmessig liv for å kunne vere i skrivinga, og små ungar representerer det motsette. Men då blir det nesten endå viktigare å halde fast på skrivinga når ho er kjernen i meg sjølv.

– Du skildrar ei frykt for å skade barnet. Kvar trur du ho kjem frå, denne frykta?

– Når ein får barn, blir ein sårbar og hudlaus på ein heilt ny måte, fordi ein innser alt det forferdelege som kan skje. Det går opp for ein kor skjørt livet er, og at det er mitt ansvar å tryggje barnet. Å gå ned ein trapp blir overveldande, for tenk om ein mister barnet. Og straks ein har tenkt den tanken, tenkjer ein «tenk om eg blir galen og kastar frå meg barnet». Du føler deg jo litt galen den første tida, når alt verker så sterkt.

Kjersti Skomsvold har eit heilt spesielt forhold til skogen. Det kjem til uttrykk i fleire av bøkene hennar, også denne, der ho m.a. skriv: «I kjærligheten og skogen og diktningen finner jeg en redning fra meg selv, tankene og følelsene blir helbredet.» Likeins siterer ho nobelprisvinnaren T.S. Eliot på at «Poesien er ikke et utløp for følelser, men en redning fra følelser.»

– Kva er det du prøver å flykte frå?

– Eg trur eg slepper meg sjølv litt i skogen, blir som eit anna menneske der, ikkje den urolege, engstelege versjonen. Eg kan nesten gå meg vill, utan å engste meg. Eg har ein kjerne av ro i meg, men ikkje heile tida, det kjem an på kvar eg er. I skogen og i skrivinga har eg det slik, slepper meg sjølv, er ikkje engsteleg.

– Det paradoksale er at til nærmare eg kjem desse vanskelege kjenslene, eller personlegdommen min, om du vil, til friare kjenner eg meg.

Når eg les ei bok der eg merker at forfattaren ikkje berre «finn på», ikkje skal vise meg noko, men prøver å finne ut noko for seg sjølv, då føler eg eit slags samband, at eg i større grad kan kjenne meg igjen og finne ut noko for meg.

Ei sjølvransaking

– Boka er skriven til dottera di. Men det er ikkje noko glansbilde ho får av mor si?

– Sjølv om eg tek utgangspunkt i eige liv, så tenkjer eg nok ikkje på denne mora som meg sjølv, men kanskje ein mogeleg versjon av ho eg er, som i dei andre bøkene mine. Og det ville jo vore dårleg gjort om eg ga dottera mi eit glansbilde av meg sjølv, ho ville vel dessutan aldri trudd på det. Når folk kan vere ærlege om ting som er vanskelege, kan eg lettare relatere til dei, forstå dei og sjølv bli «lækt».

– Boka er jo også ei sjølvransaking?

– Ja, det er sant. Liker ein ikkje seg sjølv betre om ein syner fram dei veike sidene sine i staden for å skape eit bilde som ein trur verda vil ha, men som ein sjølv ikkje kjenner seg igjen i? Sjølv om eg har skrive dette til eit barn, har eg ikkje tenkt på at borna mine ein gong skal lese det. Dersom dei les romanen, håper eg at det kan gjere dei betre rusta for livet. Så kan dei skjøne at livet er skummelt, men det går likevel.

Ein vanskeleg del av Barnet er skildringa av forholdet til ein ikkje namngitt skrivelærar, forfattarkollega og nær venn som tar livet sitt. Dei innvigde vil skjøne at det er Stig Sæterbakken. Sitt eige forhold til han vil ikkje Skomsvold gå inn på, berre korleis kvinna i romanen opplever det. Ho er nøye med å peike på at det her sjølvsagt ikkje eksisterer noko 1:1-forhold mellom fiksjonen og røyndommen.

– I boka handlar det om kva døden hans har betydd for henne, og kva eit slikt sjølvmord får henne til å tenkje om sitt eige liv og relasjonen dei hadde. Især ei kjensle av skuld, kanskje. Ofte når eg skriv, får eg ei kjensle av at dette kan eg ikkje skrive, men då veit eg at det er det eg må gjere. Eg tenkte at eg kunne ikkje skrive om å få barn, og det same tenkte eg om dette sjølvmordet. Ein grunn til at ein ikkje blir ferdig med eit sjølvmord, er at det er så vanskeleg å forstå og forsone seg med, og sorga har forandra ein for alltid. Men no opplever eg at å skrive om det har hjelpt på eit vis, det har sett eit punktum. Og ein lever jo vidare, og så skjer nye ting.

Å halde oppe og dra ned

– Boka er også ei historie om å bli dradd nedover og nedover dersom du ikkje har kraft til å bryte ut?

– Kvar einaste dag gir nok av grunnar til å bli dradd nedover, og det er lett å bli med på den ferda. Det krev kamp å halde seg flytande, og velje å sjå det gode. Du kan sitje i einsemd og meine det er skummelt å velje kjærleiken, men det er jo mykje meir skummelt å sitje aleine heime og berre skrive om dei døde. Paradokset med å skrive er at det er bra for skrivinga å tenkje på og vere i det som er vanskeleg, for det kan bli god litteratur av det, men for livet kan det vere bra å bevege seg vidare, leggje ting bak seg, velje annleis.

– Blant mykje anna har du òg skrive ein kjærleiksroman om ein mann som ikkje vil gi opp ei avvisande kvinne, og ei oppvakning til kjærleiken frå hennar side?

– Det er fantastisk at han ikkje gir opp! At han ser ei framtid ho kanskje ikkje ser, viser kor viktig det er å ha menneske kring seg som ser livet litt annleis. Dersom ein har det vanskeleg og kanskje isolerer seg i ei boble, blir verda gjerne svært lita. Då er det desto viktigare å ha menneske som kan peike på at livet treng ikkje vere nett slik, at det finst andre vegar å gå.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

– Ofte når eg skriv, får eg ei kjensle av at dette
kan eg ikkje skrive, men då veit eg at det er det
eg må gjere.

Kjersti Annesdatter Skomsvold, forfattar

Emneknaggar

Fleire artiklar

Tyske langdistansetog har vorte 20 prosent mindre punktlege på ti år. No får dei ikkje lenger køyre inn i Sveits om dei er forseinka. Sveitsarane fryktar at tyske tog vil skape forseinkingar på eige jarnbanenett.

Foto via Wikimedia Commons

Samfunn

Den rustne kjempa

Tyskland treng strategiske investeringar, men både politikarar og veljarar har angst for risiko. No blir det nyval i Europas største økonomi.

Sigurd Arnekleiv Bækkelund

Marianne Nielsen i hovudrolla som Winnie. Gerald Pettersen spelar Willie.

Foto: Sebastian Dalseide

TeaterMeldingar
Jan H. Landro

Beckett-klassikar av godt merke

Glade dager byr på ein strålande skodespelarprestasjon av Marianne Nielsen.

Ingrid Storholmen har teke utgangspunkt i eit stort datamateriale om folkehelsa i Nord-Trøndelag.

Foto: Merete Haseth

BokMeldingar
Hilde Vesaas

Våren over mannalivet

Ingrid Storholmen gjer tørre helsedata om til levande liv i Bloddråpetall.

Takumi (Hitoshi Omika) og dottera Hana (Ryo Nishikawa) lever eit roleg liv på bygda, som no kan få ein «glampingplass».

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Djevelen i detaljane

By mot land er eit sentralt tema i endå ein framifrå film av Ryusuke Hamaguchi.

Ein brannmann arbeider i eit bustadområde i Odesa, som vart råka av ein sverm av russiske rakettar 17. november i år.

Foto: Bergingstenesta i Ukraina

KrigSamfunn

Putin og fullmånen

Trump har lova å få slutt på Russlands krigføring 21. januar. Spørsmålet er kor Musk og Orbán står då, og kor sint Putin er.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis