Krabbekompis
«Kor e hammaren, Edvard» blei sjølvsagt sungen tidleg på kvelden.
Alle foto: Dagfinn Nordbø
Taskekrabbe
Taskekrabben ligg nedgraven i sediment og gøymer seg om dagen. Om natta leiter han etter mat opp til 50 meter frå skjulestaden sin, som regel krepsdyr og blautdyr, som han opnar skallen til med dei kraftige klørne sine.
Hannane er spesielt aggressive, det hender dei drep kvarandre. Dei kjenner kvarandre att på storleiken på klørne, som menn flest.
I 2012 frårådde Fiskeridirektoratet å fange taskekrabbenn frå Bodø til Lofoten. Analysar av eit avgrensa tal krabbar viste høgt innhald av kadmium. Men pytt – vi et sjølvsagt krabbe berre éin dag i året. Eg har høyrt at kvitvin nøytraliserer kadmium.
Kjelde: Wikipedia

Å, som eg elskar hausten. Det er tida nå. Tid for å hauste inn og tid for å ete krabbar. Eg er så heldig å ha ein krabbekompis. Han bur i nærleiken og veit alt som er verdt å vite om denne vedunderlege gåva til menneska.
Kvar haust reknar han ut nøyaktig kva dag ein bør gå til innkjøp av årets krabbar; eg trur han praktiserer ein slags krabbeastrologi – eller kanskje han driv voodoo med krabbeklør eller noko slikt, for å få den rette informasjonen. Så iler han til favorittfiskedisken sin på Røa, ber om å få dei eksemplara som ligg der, vegne, og bestemmer seg for tre av dei. I år var fangsten på cirka ein kilo kvar. Det er nokre skikkelege ruggar. Det er vi som skal ete dei òg, men det er ei anna historie.
Spør meg gjerne om hummar, som er så fisefint og mat for dei rike her i landet. Eg føretrekkjer krabbe kva dag som helst. I Thailand tinga eg husets største hummar då eg ved eit tilfelle trefte favoritten min blant svenske visesongarar, Göran Fristorp, og syntest det måtte feirast. Hummaren kom på bordet, fullstendig øydelagd av krydder. Eg vil kalle det fåkunne, feil bruk av tradisjonar eller kanskje til og med forakt for råvara. Hummar har ein einskapleg smak på det meste av kjøtet, mens krabben er mykje meir variert.
Så kva med dei såkalla krabbeskjela, pakka inn i plastfolie, som kjedene tilbyr kvar haust? Nokon må seie det: Det er buss for tog. Kjøtet er nesten prosessert, og ein mistar fullstendig den teksturen som ein får ved å kjøpe heil krabbe. Spørsmålet er berre: Er eg i stand til å gjere opp dette staselege dyret så eg får alt det som er etande, ut?
Ikkje mange kan det. Men Krabbekompis kan. I år brukte han litt lang tid. Vi to andre sat der og venta. Klok av skade etter ein septembersk fårikålmiddag, der to av oss ved ein inkurie hadde med ei heil flaske akevitt kvar til bordet, noko som fekk både resultat og konsekvensar, hadde vi denne gongen berre ei flaske kvitvin. På deling. Pluss nokre få små øl.
Krabbekompis sat der og pirka og pirka ut maten av den første ruggen. Det tok si tid. Og vi var svoltne. Vi kunne berre sitje der og vere til stades mens Krabbekompis sat der og hygga seg og smatta og saug høglydt på ein brystdel, som forskriftsmessig var delt i to på langs med ei solid kjøttøks. Vi to andre fekk nøye oss med ei loffskive så lenge. Det som høyrer til på fatet, er sjølvsagt elles naturelt. Krabbekompis sver til ein spesiell type loff, deretter den sjølvsagde majonesen på glas, og sitronskiver. Kverna pepar er bra, men krabbekompis insisterer på uraffinert fint havsalt. Om ein i det heile tatt treng salt.
Når alle krabbane er reinsa, kan måltidet omsider begynne. Det er naturlegvis heilt himmelsk, og kanskje særleg fordi ein ikkje har to heile flasker Skåne Akvavit på bordet. Krabbane blir fortærte på høvisk vis, med ein enkel sauvignon blanc. Vi blir einige om å halde fram med å tilbe krabbe. Vi vil etter vår død sitje ved Den Store Krabbas høgre hand for å tipse levande og døde om den heile krabbens framifrå kvalitet. Vi skal gjere alle folkeslag til våre disiplar. Vi skal kritisere paven, vi skal iallfall ikkje ete han. Paven må takast ut.
Krabbane har vore her betydeleg lenger enn oss. Det kan vere fordi dei går sidelengs. Eg er ikkje heilt sikker, men kan hende kunne vi redde verda viss vi alle begynte å gå sidelengs. Vi går for mykje rett fram her i verda. Lat oss heller byrje på nytt.
Lat oss flytte oss til botnen i havet og leve av det vi finn der. Tang, tare, småting som svømmer og kravlar. Krabben har skjønt dette for lenge sidan. Han er ikkje interessert i industrielt plastpakka kjøt som er pumpa opp av antibiotika. Ikkje for det, slenger ein ut ein preglaus Nortura-kotelett i fjæra, forsvinn han nok ned i krabbemagen temmeleg fort. Men då som ei eingongshending.
Som sagt, krabbane har vore her lenger enn oss. Lat oss frelse og bevare dei og verne dei frå rovdrift, slik at også våre barnebarn og oldebarn kan sitje og smatte høglydt på eit langsdelt krabbebryst mens dei ventar på endå meir godt. Med eller utan akevitt.
Og lat oss absolutt vurdere dette med å begynne å gå sidelengs. Eg trur det kan redde verda – iallfall kan det bestemt redde humoren.
Dagfinn Nordbø er
tekstforfattar og satirikar.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Krabbane har vore her betydeleg lenger enn oss. Det kan vere fordi dei går sidelengs.
Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Krigen er ei ufatteleg ulukke for Ukraina. Men også for Russland er det som skjer, ein katastrofe.
Tusen dagar med russisk katastrofe
KrF-leiar Dag Inge Ulstein får ikkje Stortinget med seg på å endre retningslinjene for kjønnsundervisning i skulen.
Thomas Fure / NTB
Utfordrar kjønnsundervisninga
Norske skulebøker kan gjere elevar usikre på kva kjønn dei har, meiner KrF-leiar Dag Inge Ulstein.
Jens Stoltenberg gjekk av som generalsekretær i Nato 1. oktober. No skal han leie styringsgruppa for Bilderberg-møta.
Foto: Thomas Fure / NTB
Jens Stoltenberg blir partyfiksar for Bilderberg-møta, ein institusjon meir i utakt med samtida enn nokon gong.
Den rumenske forfattaren Mircea Cartarescu har skrive både skjønnlitteratur, lyrikk og litterære essay.
Foto: Solum Bokvennen
Mircea Cărtărescu kastar eit fortrolla lys over barndommen i Melankolien
Taiwanarar feirar nasjonaldagen 10. oktober framfor presidentbygget i Taipei.
Foto: Chiang Ying-ying / AP / NTB
Illusjonen om «eitt Kina»
Kina gjer krav på Taiwan, og Noreg anerkjenner ikkje Taiwan som sjølvstendig stat. Men kor sterkt står argumenta for at Taiwan er ein del av Kina?