Kva er som manna i Egyptens land?
Øl høver i varme Thailand.
Alle foto: Dagfinn Nordbø
Vårt øl
Hvad er som manna i Egyptens land?
Hei tim timmelim timtim
Hei tim timmelim timtim
Hvad er som morgenduggen
på ørkensand?
Hei tim timmelim tim tim tim tim!
Vårt øl! Vårt øl! Vårt øl!
Hill dig, dronningen bland væsker,
du som svaler og lesker!
Skjenk oss av din gylne flom,
for nå er seidlen tom, tommelom
tom tom!
Hvad skyller sorger og bekymring vekk?
Hei tim timmelim timtim
Hei tim timmelim timtim
Hvad er som balsam på den tørre flekk?
Hei tim timmelim tim tim tim tim!
Vårt øl! Vårt øl! Vårt øl!
Hill dig, du som forfrisker,
du som klukker og hvisker!
Skjenk kun av din gylne flom
nå er min seidel tom, tommelom
tom tom!
Frå Smørekoppens Visebok, 1947
Vårt øl
Hvad er som manna i Egyptens land?
Hei tim timmelim timtim
Hei tim timmelim timtim
Hvad er som morgenduggen
på ørkensand?
Hei tim timmelim tim tim tim tim!
Vårt øl! Vårt øl! Vårt øl!
Hill dig, dronningen bland væsker,
du som svaler og lesker!
Skjenk oss av din gylne flom,
for nå er seidlen tom, tommelom
tom tom!
Hvad skyller sorger og bekymring vekk?
Hei tim timmelim timtim
Hei tim timmelim timtim
Hvad er som balsam på den tørre flekk?
Hei tim timmelim tim tim tim tim!
Vårt øl! Vårt øl! Vårt øl!
Hill dig, du som forfrisker,
du som klukker og hvisker!
Skjenk kun av din gylne flom
nå er min seidel tom, tommelom
tom tom!
Frå Smørekoppens Visebok, 1947
Ei av dei første kokebøkene eg åtte, heiter Ølvännarnas Matbok og er signert den kjende svenske humoristen Lasse Åberg. Det er ei tynn, gjennomillustrert lita skattkiste med enkle oppskrifter på mat det høver å drikke øl til. Ifølgje Åberg er den saka ikkje så komplisert: Øl kan du drikke til alt unntatt asparges. Eg vil tru bryggeribransjen hadde ein finger med i spelet, men det kan eg ikkje sjekke, for boka er naturlegvis borte frå mine hyller.
Å drikke øl er uansett ein tradisjon som sit djupt i dei fleste land på kloden. Ikkje alle land klarer å produsere ein toppklasse vin, men å bryggje akseptabelt øl, det klarer alle.
I barndomen min på sekstitalet var det ikkje noko problem for meg å få kjøpe øl i butikken. Så lenge eg hadde handskriven lapp frå foreldra eller vaksne søsken, fekk eg det eg ville ha, sjølv om eg knapt hadde begynt på skulen. Eg hugsar framleis utvalet: pilsner, bokkøl, bayerøl, eksportøl. I jula: juleøl. Det var det heile.
I dei ville sekstiåra skulle det jo ifølgje historikarane vere ungdomsopprør, men det einaste eg hugsar av søskens heimefestar anno 1968, var at dei hygga seg med store mengder øl (som eg hadde slept mykje av inn frå samvirkelaget.) I tillegg dansa dei til tidas heitaste musikk, som eg hadde den store gleda av å administrere på platespelaren. Damene brukte hårspray, gutane Brylcreem, og kveldane var fylte med heftig rock ’n’ roll og svart soulmusikk. Ei herleg tid.
Men er det verkeleg sant at du kan drikke øl til alt unntatt asparges? Nja. Du kan sjølvsagt drikke øl til ein reinsdyrfilet med tung viltsaus, steikt sopp og tyttebær. Ingen vil arrestere deg for det, sjølv om dei kanskje burde gjort det. For det aller beste valet er naturlegvis raudvin, til dømes ein Crozes-Hermitage. Han matchar dei markante smakane mykje betre, og ein skulle nesten tru franskmennene odla han for at han skulle vere akkompagnement til det eventyrlege norske viltkjøtet. Drikk du denne vinen utan mat, vert han for tung.
Går du til norsk tradisjonsmat, vil øl vere passande følgje til det aller meste: spekeskinke, fenadlår, sild i alle former, røykt fisk, kjøtkaker, komle, sodd, biddos, lapskaus... O herre, gi meg ein iskald øl til, og livet leikar.
Men med skreien, som no er i sesong og kan serverast som mølje med lever og rogn, vil jo ikkje ølen ha ein sjanse. Den lekre, feite levra treng syre, og ein Crozes-Hermitage vil ikkje gjere jobben. Heller då ein tørr Riesling eller ein lettare raudvin.
Vinkulturen i Noreg er faktisk av ganske ny dato. Vi har alltid vore øldrikkarar, av den enkle grunn at klimaet vårt ikkje høver til å dyrke vindruer. Men det skal klimaendringane snart gjere slutt på: Skåne i Sverige seglar no opp som eit av framtidas mest lovande vindistrikt.
I Noreg har vi hatt ein del vinproduksjon på privaten, og Groruddalen segla på syttitalet opp som eit stort vindistrikt. Heimelaga vin frå rimelege byggjesett stod og putra på kjellargolvet i dei tusen heimar, og den enorme mengda treverdige alkoholar medførte skallebank, armbrot, skilsmisser og unødig tap av hjerneceller i lange tider.
Så, utover åttitalet, bytta ungdomen ut litt av ølet med tyske kvitvinar: Piesporter, Black Tower, Schwarze Katz, Reiler vom Heissen Stein og Liebfraumilch.
Eg hugsar Wilfried, den første kollegaen min i reklamebransjen, erfaren art director frå Düsseldorf, som var himmelfallen over at nordmenn i stort tal tylla i seg Liebfraumilch: «Aber doch, Dagfinn, Liebfraumilch! Det er jo det de drikker unter broene i Tyskland!»
Men øl sluttar vi nok aldri å drikke. Eg har i mi eiga Smørekoppens Visebok, utgjeven av Akademisk Forlag Smørekoppen, NTH, Trondheim 1947. Ho inneheld songar studentar skal syngje medan dei drikk øl. Eg tenkjer det er mykje betre enn å sitte og kope ned i mobilen.
Av nyhende i desse tider ser vi òg at 80 prosent av sakene handlar om dei siste to åra med pålagde restriksjonar på folkets frie inntak av øl på kneiper. Og gløym ikkje den stolte historia: Arkeologar gjorde for nokre år sidan eit funn av 3000 år gammal pilspiss.
Dagfinn Nordbø er
tekstforfattar og satirikar.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Groruddalen segla på syttitalet opp som eit stort vindistrikt.
Fleire artiklar
Foto via Wikipedia Commons
«Ørjasæter var fyrst god ven med diktarbroren sin frå Gudbrandsdalen, men så fekk han høyre ting om Aukrust som skar han 'gjenom hjarte som eit tvieggja sverd'.»
Han heitte John Guillot, men skifta namn til Johnnie Allan og blei pub-rockar.
Arkivet: For tida framstår ikkje USA som det lova landet, men hausten for 50 år sidan var Elvis Presley på hitlistene i USA og England med «Promised Land»
Mogleg trasé for jarnbane mellom Narvik eller Bjørnfjell til Tromsø.
«Tanken om å realisera tog til Tromsø gjennom Sverige er på ingen måte ny.»
Daniel Sommer, Johannes Lundberg og Arve Henriksen.
Foto: Kristin Lidell
Fint nordisk samarbeid
Her er det ikkje spor av langhalm.
Polakkane er skumle bridgespelarar. Her frå avslutningsseremonien under World Bridge Games i Buenos Aires nyleg.
Foto: Poli Zolto / World Bridge Federation
Dąbrowskis masurka
For to veker sidan vann Polen gull i det som uformelt blir kalla bridgens olympiade, i Buenos Aires.