Vossanova!
Femi Kuti: fullt trøkk og fullt på dansegolvet.
Alle foto: Dagfinn Nordbø
Vossa Jazz
Festivalen blei fyrste gong arrangert i 1974, same helga som verdscupen i alpint gjekk av stabelen på Voss. Tanken var at ski og jazz passar saman som hand i hanske.
Etter 1986 har festivalen alltid blitt arrangert i palmehelga.
Sidan 2007 har den fargesprakande Trude Storheim vore festivaldirektør.
Kjelde: Wikipedia

Folk som kjenner meg, veit at eg ikkje er på Voss under Ekstremsportveko. Å nei, du, dit reiser eg på jazzfestival. Ikkje set eg meg i den drustelege gondolen heller – med min høgdeskrekk er det så vidt eg vågar meg opp på andre trinnet av ei gardintrapp.
Men jazzfestivalen har mykje å by på sjølv om ein er trygt på bakkeplan tre dagar til ende. Festival er òg ekstremsport. Nokre trur det er mogleg å få med seg alt, men lir du av FFÅM, den nynorske varianten av Fear Of Missing Out, vil eg ikkje tilrå Voss i palmehelga.
Det sydar og kokar og boblar i byen frå klokka tolv til godt over midnatt, så ein er pukka nøydd til å velje noko og velje anna bort. Med tanke på kor mykje god mat og vin ein kan få i seg på Voss, er det uansett uråd å kome seg opp til frukosten på hotellet. Løysinga er medbrakt Wasa og smøreost på tube, eller ei lynkjapp pølse med brød på Esso før konsertmaratonen startar.
Sidan eg er tungt råka av jazzbergers syndrom, har eg sidan min første jazzfestival i 1975 lært meg at tid er eit knappleiksgode, skal eg få med meg musikken. I den fullsette Vossasalen fekk eg fredagen oppleve både den eteriske og arabiskinfluerte musikken til Siwan, før det eksploderte med den heftige pulserande afrobeaten til Femi Kuta.
Nett slike konsertar, breiddfulle av rytmar, sveitte, opprør, dans og sensualitet, er blant dei viktigaste på jazzfestivalar, synest no eg. Det kan lett bli for intellektuelt og akademisk, altså det motsette av det son til Fela Kuti har å by på med sitt fosskokande nimannsorkester, inkludert tre dansande koristar i krigsmåling og luftige gevant.
Det tok ikkje lange tida før det litt trauste og forsiktige publikumet dansa ekstatisk framfor scena og skråla og song «Stop the hate!» av full hals.
Voss har alltid freista med det mest eklektiske og varierte programmet av alle dei norske jazzfestivalane. Kva andre stader enn Voss kan by på strupesong, iskonsert, folkemusikk, Zappa-inspirert kunstrock og klassikarar frå The Great American Songbook på ein og same dag?
Det herlege ordspelet Vossanova har eg skamlaust og ærleg stole frå Kjartan Fløgstad, som opptredde i kulturhuset med sitt poetiske og rockande band. Hadde nokon fortalt meg at eg ein vakker dag skulle få høyre den litterære keisaren Fløgstad rappe, ville eg sporenstreks ringt etter psykiatrisk legevakt. Men det fekk eg altså høyre, og sjølv om det var den typen rap som dei dreiv med på Det Norske Teatret i åttiåra, sat det jaggu som ei kule.
Odin Staveland på trommer og syntar var eit heilt lite eventyr, og Steinar Raknes er det einaste eg veit om som kan få kontrabassen til å låte som heile Black Sabbath. Tom Stalsberg er i denne settinga endå meir Stalsberg enn vanleg, noko som set ein nostalgisk-poetisk prikk over i-en.
Sa eg pølse med brød? Denne spaltisten har høgare ambisjonar, og fredag og sundag var det mogleg å få bord på Park Hotel Vossevangen. Vinnaren var utan diskusjon fjordauren og kveita, der sistnemnde var fløyelsmjuk og kom med ein kaviar/løyromsaus til å døy for – minst. I kjellaren der i garden finst glimrande vin i lange banar, eg har vore der og sett på godsakene, og flyttar gjerne ned dit ei veke eller sju.
Det må nemnast at eg fredagen rota vekk baskarlua mi på hotellrommet, av alle stader. Så eg måtte gå rundt i Voss som ein komplett anonym person og ikkje bli attkjend av nokon – ikkje eingong av folk eg meiner å kjenne godt. Laurdagen fann eg lua, og det blei noko heilt anna: Stadig vekk kom folk bort til meg og sa: «Deg kjenner eg att. Du skriv i Dag og Tid.» For ei lukke!
Festivalfolket på Voss er òg merkbart meir sosiale enn det eg er van med frå andre jazzbyar. Folk tek spontant kontakt med framande, og det er nett slik livet bør vere. Jazzen er i seg sjølv ein multikulturell svamp som tek opp i seg impulsar frå heile kloden, fullstendig utan fordomar. Det er ei lise at vi no endeleg kan nyta det i fulle drag, og 100 prosent bombesikkert er eg på plass på jubileumsfestivalen neste år.
Vel blåst!
Dagfinn Nordbø er
tekstforfattar og satirikar.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Festival er òg
ekstremsport.
Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.