JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Feature

Når ordet kjem, er det ei god stund

– I attdiktingsarbeidet mitt har eg valt ut tekstar som har i seg eit ekko av mine eigne tankar og førestillingar, seier Johannes Gjerdåker.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Johannes Gjerdåker har omsett både frå islandsk, tysk, engelsk, latin og persisk.

Fotokreditt

10377
20170901

Johannes Gjerdåker

Fødd i 1936 på Voss

Forfattar og attdiktar

Aktuell med boka Glimesteinar frå islandsk visetradisjon

janh@landro.bergen.no

Johannes Gjerdåker er ute med attdiktingar frå islandsk visetradisjon. Med dei islandske visene, som mest er som fireliners epigram og svarar til det norske versemålet gamlestev, knyter omsetjaren seg så å seia til det persiske storverket Ruba’iyat, som han attdikta for tjue år sidan.

– Dei islandske visene du har samla i Glimesteinar, har den same kortforma som persiske Ruba’iyat. Kva er det med denne forma som appellerer så sterkt til deg?

– Det er nok denne diktarevna til å formidla ei oppleving, eit heilt livssyn eller meininga med livet i få ord. Dei 145 versa eg har med, er skrivne av 60–65 ulike forfattarar. Det syner kor utbreidd denne sjangeren har vore, og framleis er, på Island.

– Ein lyrisk folkesport?

– Det kan du trygt seia.

Han har vore skulemann, drive einmannsforlaget Vestanbok, vore kulturhistorikar, skrive lokalsoge og vore ein mangslungen kulturpersonlegdom og ein framifrå tradisjonsberar. Alt utan fast institusjonstilknyting. Men meir enn noko har Johannes Gjerdåker vore ein av dei finaste attdiktarane Noreg har hatt dei siste generasjonane.

Etter å ha studert i Oslo, arbeidde han på fleire hovudstadsskular og to år på Forsøksgymnaset. Ikkje av di han var misnøgd med det tradisjonelle gymnaset, men av di han kjende fleire i lærarmiljøet der. Men han ville attende til sitt heimlege Voss. Der las han Edward FitzGeralds engelske attdikting av iranske Omar Khayyams (1048–1131) Ruba’iyat, og då var det gjort: Han måtte læra seg persisk, og deretter omsetja Omar Khayyam til sitt eige mål.

– Kva var det med desse nesten tusen år gamle dikta som tala så sterkt til deg?

– Det har med verseform og oppbygging å gjera, og den språklege konsentrasjonen. Og filosofien hans. Khayyam var ein lærd mann som kjende den islamske tradisjonen godt. Dette kjem fint fram i dikta, utan at dei vert forkynnande.

– Kva var det dei formidla?

– Det heng saman med livsforståinga hans. Denne diktinga har noko djupt religiøst ved seg, kanskje noko som finst i alle religionar.

– Og som råka noko i deg?

– Det òg, ja. Noko sentralt ved det einsame mennesket som Omar Khayyam skriv ut frå. Det einsame mennesket i samfunnet, i universet.

– Som du kjenner deg att i?

– Ja, eg meiner det. Khayyam har eit stort publikum i heile verda. FitzGerald omsette han i 1850-åra, seinare er han vorten omsett til alle verdsspråk.

Han er vorten kalla bohem, men nokon dragnad i den vegen har Johannes Gjerdåker aldri kjent. Til det har han altfor stor vørdnad for bondelivet, det rotfaste. Slik han ser det, er eit av dei største tapa i verda i vår tid at det tradisjonelle jordbruket held på å forsvinna.

Denne mannen, som er høvisk i all si ferd og all si tale, kan ikkje heilt styra seg når det er tale om «desse moderne idiotane» som er skuld i at jordbruket er ved å bli borte mange stader. Rett nok kjem det med ein avvæpnande smil under den grå luggen, men det finst ikkje tvil om at han meiner det. Kvart ord:

– At born og ungdom ikkje lærer å arbeida med hendene! Allsidig kroppsarbeid er heilt basalt for menneskeslekta, trur eg. Og det held på å gå tapt. Dette kulturtapet opptek meg ein god del. Før vart dei unge orienterte i tilveret gjennom arbeid med natur og buskap, dei lærte noko om livet.

I 1978 gav Johannes Gjerdåker ut diktsamlinga Skot på gamal stuv, som rett nok inneheldt fleire attdiktingar enn eigne dikt. Sidan kom det aldri fleire diktsamlingar frå handa hans. Kvifor?

Mannen i den svarte gyngestolen tenkjer seg om. Kastar eit blikk på dei velfylte, men noko uorganiserte bokhyllene. Det er ikkje så lenge sidan han flytta inn i eit nytt husvere, og hyllene er ikkje prega av system. Men det gjer ikkje noko. Han veit kvar bøkene står, og treng ikkje leita for å finna fram. Han som ikkje har fjernsyn, PC eller skrivemaskin, les desto meir og skriv manuskripta sine for hand. Lite av det han les, er nytt. Han les heller bøker som har vore med han i fleire tiår. Han kan bla opp og lesa litt i opptil ti–tolv bøker på ein dag. Han veit kva han er på jakt etter og nett kor han finn det.

Men så var det denne eigne diktinga som det aldri vart så mykje av.

– Eg har vel vore meir oppteken av attdikting. Ein kan få fram det ein har på hjarta i slikt arbeid òg. Eg vonar eg har greidd det. Eg har då valt ut tekstar som har i seg eit ekko av mine eigne tankar og førestillingar.

– Likevel, kva var det som gjorde omsetjing av lyrikk til sjangeren din?

– Eg kan ikkje seia nett kva som gjorde det. Det tok til i studietida. Eg studerte tysk, men nytta kanskje endå meir tid på å læra meg engelsk. Av tysk poesi har eg omsett frå Goethe og Schiller og fram til Hugo von Hofmannsthal. For meg har omsetjinga vore eit kjærleiksarbeid, det var dette som tiltala meg sterkt og gav meg hug til å føra denne diktinga over til mitt eige språk.

Vossingen er ein tradisjonsdyrkar, eit menneske som meiner at me har mykje å læra av dei som levde før oss. Det gjer han lei at mange unge berre er opptekne av dagen i dag og ikkje ser dei som har gått føre. Då eg omtalar alt han har omsett som eit «livsverk», vrir han seg litt i stolen. Han likar ikkje så store ord om gjerninga si. På spørsmål om kva som har vore drivkrafta hans gjennom alle desse åra, bit han seg i leppa.

– Det har å gjera med tilhøvet mitt til det nynorske målet. Ivar Aasen byrja òg tidleg å setja om. Me deler nok ynsket om å føra dei gode dikta frå andre mål over til nynorsk. For meg gjeld det diktarar og dikt eg er glad i, tekstar eg kjenner meg att i.

– «Høgre ris det, mitt verk, enn pyramidars tind/ bronse varer visst, men mitt verk har lengre liv», skreiv Horats i omsetjinga di frå latin. Har dette ynsket om å overleva si eiga tid også vore ei drivkraft for deg?

– Gode attdiktingar kan leva like lenge som eit originaldikt. Horats har rett til å seia det han seier, eg kjenner meg ikkje rettkomen til det. Men eg kan jo ynskja det.

– Då har det òg eit verde at arbeidet ditt har hausta viktige prisar og uvanleg mykje ros?

– Det er absolutt gledeleg å få høyra at ein har nådd fram til nokon. Slikt kan gje eit lite lyft i arbeidet, lyst til å arbeida vidare.

– Lagar du attdikting, omsetjing eller eigne kunstverk?

– Sjølvsagt er det eg gjer, sterkt påverka av originalteksten. Men ei omsetjing eller attdikting får likevel eigeverde og vert eit sjølvstendig kunstverk. Same kva, så er det tale om tolking. Men til betre ein gjer seg kjent med originalen, til betre vert det.

Difor freistar Gjerdåker arbeida seg så djupt ned i originalteksten som han kan, før han tek til med omsetjingsarbeidet. For alle dikt har eit tankeinnhald, og det må ikkje gå tapt. Elles er det rytmen, metrikken i det heile, som særleg opptek han.

Johannes Gjerdåker er ikkje av dei som kan gjera ei omsetjing i eitt kast. Men han har røynt at dersom han var «i den rette sinnstilstanden», kravde den første versjonen mindre omarbeiding eller etterarbeid enn elles.

– Denne stemninga må koma frå teksten sjølv, strekar han under.

– Kor lenge kan du grunda over eit ord eller ei formulering?

– Det varierer mykje. Er det eit ord eg merkar at eg verkeleg treng, og det eg har nytta, ikkje held, kan det ta lang tid å finna det rette. År, somme tider. I mellomtida arbeider eg sjølvsagt med anna. Når så ordet kjem, er det ei glad stund, seier han med ein brei smil som ikkje gjev tvil om at han meiner det.

Spør du denne kjennaren av verdsdiktinga kven han set høgst, kjem svaret utan nøling: Robert Burns. Han er ærleg, har vørdnad for den skotske tradisjonen, er patriot. Og han vert lesen over heile verda.

– Burns er folkeleg, har humor i stor mon, men òg mykje alvor. Gjennom det klåre, tydelege, levande målet når han fram til folk. Her heime har eg alltid sett opp til Olav Nygard, Olav Aukrust og Per Sivle, og ikkje minst Ivar Aasen, som med sine folkelege songar minner om Burns.

Johannes Gjerdåker har ikkje alltid halde seg til dei gamle klassikarane. Både med The Beatles og Joni Mitchell har han hatt nokre sidesprang. Den canadiske songaren og låtskrivaren omtalar han som «ein artist av rang», og han trur songane hennar vil leva. Han har dikta om «Both Sides Now» og kan godt tenkja seg å attdikta fleire. For hjå denne kunstnaren finn han «sentralt menneskeleg innhald». Medan han ser Beatles-songar som «meir slagerprega», meiner han at Mitchell ligg på eit heilt anna nivå.

– Eg ser ikkje nokon stor skilnad mellom Mitchell og Burns.

Større ros kan Johannes Gjerdåker knapt gje.

Om sine eigne bragder vil han helst ikkje høyra tale. At han har omsett eller attdikta frå islandsk, engelsk, tysk, fransk, latin og persisk, er visst ikkje så mykje å leggja brett på. Men han talar gjerne om korleis han fekk kjærleiken til lyrikk med seg frå heimen på Gjerdåker, ein gard med åtte–ti kyr og 30 sauer, og der dei dyrka korn, poteter og grønsaker.

– Far min var mykje oppteken av lyrikk. Mor òg, og fleire av syskena deira. Ingen av dei las utanlandske språk. Det gjekk i Sivle, Garborg, Vinje og Aasen, sjølvsagt. Mykje av den tidlege nynorsklyrikken kunne dei utanboks. Dei las høgt, og dei resiterte utdrag.

– Nynorsken din, har han noko førebilete?

– Førebiletet over alle er Ivar Aasen, men eg nyttar ikkje rettskrivinga hans. Olav Aukrust, Olav Nygard med fleire er folk eg likeins ser opp til. Og Per Sivle, på grunn av nærleiken hans til det levande talemålet, særleg i bygdene. Målet mitt skal òg helst liggja nær den tala nynorsken.

– Nynorsken har vore gjennom nokre revisjonar i di levetid. Kor lenge hang du med?

– Til eg var tidleg i 40-åra. Så fekk eg nok. Den sterke endringstrongen i nynorsk kan eg ikkje med. Sjå på islandsk, eller persisk, som er mest det same målet i dag som for tusen år sidan. Ein kan meina mykje om Stalin, men då ein «nystavar» ville overtyda han om føremonen med å ha ei rettskriving i pakt med samtida, svara diktatoren: «Det som var godt nok for Pusjkin, er godt nok for meg.» Det tykkjer eg var eit retteleg godt svar.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

– Allsidig kroppsarbeid er heilt basalt for menneskeslekta, trur eg. Og det held på å gå tapt.

– Eg ser ikkje nokon stor skilnad mellom Joni Mitchell og Robert Burns.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Sigrun Slapgard er forfattar og journalist og har skrive ei rekkje kritikarroste biografiar og dokumentarbøker, særleg om sterke kvinnelagnader.

Foto: Agnete Brun

BokMeldingar

Frikjend av Slapgard

Alle var på fornamn med statsministerektefellen Werna Gerhardsen på 1950-talet. Også KGB.

ArildBye

Tekniske problem mellom Carlsen og Niemann.

Foto: Chess.com

Kunnskap
Atle Grønn

Skandaleduellen

«Før Speed Chess Championship var eg 'gira'. Dette var så spanande som moderne sjakk kan vera.»

Kor mykje skal den enkelte forelder ha å seie over barnet? Spørsmålet er til vurdering når barnelova skal oppdaterast.

Foto: Sara Johannessen Meek / NTB

PolitikkSamfunn
Christiane Jordheim Larsen

Flytterett eller vetorett?

Skal mor eller far kunne ta med seg barna og flytte langt bort etter eit samlivsbrot? Barne- og familiedepartementet vil gjere det vanskelegare for fleire, men møter motstand.

Den norske komponisten Sigurd Lie (1871–1904).

MusikkMeldingar
Sjur Haga Bringeland

Klår kulokk

Der er både norsk og tysk nasjonalromantikk i Sigurd Lies romansar.

Tordis Ørjasæter er 97 år gamal og reflekterer rundt det å bli eldre, om litteratur, og dagane som går, og tida som har gått.

Foto: Mari Parelius Wammer / Cappelen Damm

LitteraturKultur

Å gå på vatnet i ein blå draum

– Alt er så sterkt no som døden er så nær. Og eg drøymer så mykje og så intenst, ei natt drøymde eg at eg gjekk på vatnet!

Hilde Vesaas

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis