Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

ReportasjeFeature

Fjordane i Valdres

NORAKER: Det er ikkje lett å få auge på landemerke og milepålar etter dei viktige vassvegane.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Aurdalsfjorden med utsyn mot beite på vestsida.

Alle foto: Håvard Rem

9659
20200918

Valdres

Del 2 – fjordane

Håvard Rem skriv frå regionen Valdres i fortid og notid.

Flatemål: 5406 km2
Folketal: 17.579
Kommunar: Etnedal, Sør-Aurdal, Nord-­
Aurdal, Vestre Slidre, Øystre Slidre, Vang
Fylke: Innlandet

11. september:
Del 1 – hyttefolket

Regionar i Noreg

havard@dagogtid.no

Utsynet frå Noraker i Aurdal femnar dalen i sør, fjorden rakt framføre oss i vest, og i nord ein kvitflekka fjellheim. På austsida av Aurdalsfjorden, oppi høgda, har eg møtt Nils Noraker, bonde her i fjortande generasjon.

Garden har røter i vikingtid, truleg før, og er nemnd i skriftlege kjelder frå tidleg 1300-tal, før svartedauden. Slekta kan ein fylgja attende til 1500-talet, då ein brann tok kyrkjebøkene og sletta eldre spor.

I dag heiter verksemda Noraker gard og rakfisk. I år er Rakfiskfestivalen i Valdres avlyst, men garden har fleire gonger vunne fyrsteprisen. Eg dreg herfrå med ostar og spekemat frå geit nytta til nedbeiting.

Valdresbassenget

Med Aurdalsfjorden – utan fartøy og sjømerke å sjå – byrjar det sentrale Valdres, som me av to grunnar kan kalla Valdres-bassenget: Det er eit topografisk basseng, med liten intern høgdeskilnad, eit platå mellom havet og fjellheimen, ein terrasse mellom flatbygdene i sør og Jotunheimen i nord.

Og det har vore eit basseng for ferdsle med båt, slede og kjelke. Heile åtte europavegmil, men berre 150 høgdemeter, skil sørenden av Aurdalsfjorden frå nordvestenden av Vangsmjøse (der er ein berre 60 kilometer frå Sognefjorden). Begnavassdraget, som definerer Valdres, breier seg ut som farbare fjordar det meste av vegen: Etter oppdemming er berre éi av desse åtte mila ufarbar, og på den mila bur ikkje folk. Grendene har lagt seg attmed fjordane.

Den lokale samferdsla var særs god, men korleis kom valdrisen seg ut eller heim – før dei nyare hjulvegane? Kva var vegen opp og inn i Valdresbassenget?

Aust- og vestvegen

Noraker-husa står i ei lomme mellom to vegar. Å vera nær veg har vore så viktig at landeveg vart bygd mellom viktige stader. Ned mot fjorden ligg traseen til gamle Valdresbanen, no skjenelaus sykkelveg, og litt oppi lia går Europaveg 16, Oslovegen, som han heiter.

Her i Valdresbassenget går dei parallelt. Det gjer dei heilt sør òg, der Tyrifjorden samlar vegane opp frå Oslofjorden.

Men mellom deler dei seg ­– i ein austleg veg attmed Randsfjorden (gamle Valdresbanen) og ein vestleg veg attmed Sperillen (E16). Båe ligg attmed fjordane av di dei fyrst gjekk fjordane, sumar som vinter, på vatn og is. I Valdres i hedensk tid (1923) skriv Jan Petersen: «Vintertidi var det let framkomelegt på elvane og vatni.»

Men vassvegar lèt ikkje etter seg landemerke og milepålar, korkje på vatn eller is, og forsvinn med kjølvasstripa, snøfallet eller våren. Difor er dei gjerne underrapporterte i bygdebøkene. Det er landevegar det handlar om i «Veghistorie» òg, ei god og oversynleg ferdsleutstilling i Valdresmusea på Fagernes.

Vestvegen

Sørvaldrisane nytta gjerne vestvegen, i dag E16, frå Tyrifjorden til innsjøen Sperillen, som Begnavassdraget munnar ut i. Men delar av vassdraget var lite farbart. Frå nørdst i Sperillen til Aurdalsfjorden og bassenget var det lange mil.

Eg les i fjerde bandet av Valdres bygdebok (1954): «Når byhandlarane frå Sør-Valdres skulle fara frå Branes [Bragernes i Drammen] og heim, leigde dei med seg køyrarar over Lieråsen, opp Paradisbakkane og til Svangstrand ved Holsfjorden. Så laut dei leiga seg båtar og rodde farmane [lasten] over Tyrifjorden og opp i Hønsfjorden. Der tok dei land i Busund [nær Hønefoss]. Sume rodde til Sundvollen. For kvar båt betalde dei vanleg 3 mark. No leigde dei køyrarar til Valdres-støa ut i Adalen. Så var det å få leigt båtføring oppetter Ytterelva (no Ådalselva), gjennom Kongstraumen og inn i Spirillen. Over han gjekk det greitt til dei møtte Storelvi [Begna]. Så rodde dei oppetter henne til Sørum i Beindalen. Etter vass-vegane – også på Tyrifjorden og Spirillen – rodde dei vara på småe føringsbåtar.»

I aust var føringsbåtane eit vanleg syn på Mjøsa òg, der dei vart kalla mjøsjakter. Dei forsvann då jarnvegar med damplokomotiv batt saman vassvegar med dampskip, som Noregs fyrste jarnbane mellom Mjøsa og Oslofjorden.

Samstundes opna ny ingeniørkunst nye vassvegar gjennom kanalisering og slusekammer. Den imponerande Telemarkskanalen stod ferdig i 1892 og batt i lag havet og innlandsbygda Dalen, med ein høgdeskilnad og lyftehøgd på 72 meter. I Stortinget drøfta dei om kanalisering eller jarnbane var rett for å binda saman Byglandsfjord og Setesdalen med Kristiansand og kysten.

Valdresbassenget låg for høgt til kanalisering. Jarnbanen kom, og forsvann, som føringsbåtane, som Fagernes lufthamn. I Valdres, med ein E16 under hektisk utbetring, har i dag bilane transportmonopol.

Austvegen

Nordvaldrisane nytta gjerne austvegen. Frå kystbyane var det grei ferdsle til nørdst i Randsfjorden, der stasjonsbyen Dokka oppstod, i Nordre Land, ein kommune som grensar til helvta av Valdres-kommunane ­– i sørvest mot Sør-Aurdal, i vest mot Etnedal og i nord mot Nord-Aurdal.

Kor langt er det frå havet til Dokka? Frå Lierstranda inst i Drammensfjorden er det 16 mil. Med bil går det på eit par timar. Men før bilen og toget? Landtransport har vore mange gongar så tid- og kostnadskrevjande som vasstransport. Var det 16 mil på kløvveg i norsk innlandstopografi?

Nei, berre fire av dei 16 mila gjekk over land. To mil frå havet (0 moh.) til Sylling og Tyrifjorden (63 moh.), som baud på to og ei halv mil med vassveg. Så var det to mil over land, til Jevnaker, og derfrå heile åtte mil på Randsfjorden (130 moh.).

Bønder på veg heim kryssa Tyrifjorden, før dei «leigde køyring på varone til Glasverket [Hadeland] ved søre enden av Randsfjorden. Herfrå leigde dei båt til Tingvoll eller Odnes [ved Dokka]. Der hadde byhandlarane syrgt for at det var møtt fram folk med hestar som køyrde varone heim».

I 1838 opna ei båtrute på Randsfjorden. 30 år seinare opna så Randsfjordbanen frå Drammen til Jevnaker. Med tog og båt kom ein seg frå havet til Dokka og fjellet. Men Valdresbassenget ligg bak fjellet.

Over Himalaya

På austvegen frå Dokka vann ein ikkje over fjellet før i 1906, då Valdresbanen vart opna. For frå nørdst i Randsfjorden kjem den harde etappen, ikkje berre på vegen til Valdres, men på heile vegen frå havet til fjellheimen. Her har folk kjempa seg over, lenge før lokomotiva gjorde det, for her ligg ikkje berre Gamle Kongevegen, men Eldgamle vegen òg.

Til Aurlandsfjorden er det fire bratte mil, den lengste vasslause etappen mellom Oslofjorden og Jotunheimen. Skjenegangen vart lagd i ein boge nord om Himalaya, ein topp med ein heil tidel av høgda til namnesyskenfjellet i Asia. No skal ein over fjell, ikkje høgfjell, men fjell lell.

Nei, det fanst og finst ikkje vassveg inn i bassenget. Er det difor hedølingar og andre sør­valdrisar nedi flatbygdene nyttar talemåten «opp i Valdres» – som om dei sjølve ikkje budde der, som om dei med Valdres meinte bassenget?

Valdresfjordane

Men når ein fyrst har kome seg opp i Valdresbassenget, 300 meter over havet, er det godt med vassvegar rakt inn i fjellheimen.

– Vatna her heiter gjerne fjordar. Det gjer dei ikkje i Gudbrandsdalen, fortel Nils Noraker.

Sanneleg. Sørfrå: Aurdalsfjorden (kjend som Dokkafjorden òg), Fløafjorden, Strondafjorden, Ferisfjorden og Slidrefjorden. Det er fyrst og fremst dei som utgjer Valdresbassenget.

«Dei tusen sjøars land» seier ein om Finland. Eg tel: Av eit kvart tusen av dei større innsjøane i Noreg har færre enn éin av ti fjord i namnet. Og helvta av dei få som har det, ligg i Valdres eller på vegen hit sørfrå.

Den andre helvta ligg for det meste i Telemark og Agder, som del av Numedals- og Otravassdraget.

Dei ligg ikkje i Trøndelag og Nord-Noreg. Sett bort frå Storfjorden i Gloppen ligg dei heller ikkje på Vestlandet, der ein med fjord meiner saltvassfjord.

Alle dei norske ferskvassfjordane ligg aust for vasskiljet. Der kunne ein nytta endinga utan at ho vart forveksla med dei fjordane som har gjort ordet internasjonalt.

Det kjem av verbet å fara, fer, fór, har fare. Uavhengig av saltinnhaldet er fjorden ein ferdsleveg.

Nørdste råka

Ja, kva er ikkje i eit namn? Jamvel om gardsnamnet verkar sjølvforklårande – nordåkeren – spør eg Nils Noraker om etymologien. Han byr på ei forklåring medan han peikar på det smale sundet rakt nedanfor oss, der ei halvøy her på austsida møter eit lite nes på vestsida og Aurdalsfjorden går over i Øvstevatnet.

Den vesle høgdeskilnaden mellom Øvstevatnet og Aurdalsfjorden skapte straum og stryk i sundet. I nyare tid har ei oppdemming på tre meter utlikna skilnaden.

– Straumen var sterk før oppdemminga, fortel Noraker.

Der det var straum, fraus ikkje isen skikkeleg til, og det vart ei råk. Med fjorden som ferdsleveg var ei råk like farleg som ei grunne på havet. Ein laut vita om råka, så ein kunne styra unna. Ein trong landemerke, ikkje minst om vinteren.

I Historia Norvegiæ, Ågrip og Heimskringla vert det fortalt frå ei vinterferd over Randsfjorden på 800-talet, der Halvdan Svarte, den svarthåra sonen av Harald Hårfagre, gjekk gjennom ei råk og drukna med hestane.

Noraker peikar:

– I Aurdalsfjorden var dette den nørdste råka, eller som me seier på målet vårt: nålåk.

Kan henda er det opphavet til namnet på garden. Han låg som eit tydeleg landemerke på høgd med den nørdste råka, og åtvara dei farande, som eit varselskilt frå gamal tid. Dei finst likevel, vegmerka etter vassvegane.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Grendene har lagt
seg attmed fjordane.

Helvta av norske ferskvassfjordar ligg i Valdres eller på
vegen hit.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eystein Hanssen då han talte på LOs representantskapsmøte i 2020, første gong Forfatterforbundet var med som eige LO-forbund.

Foto: Vidar Ruud / NTB

KommentarSamfunn

Forfatterforbundet på ranstokt

Kanskje skulle Forfatterforbundet ha noko å vise til før dei speler ut grådigskapen sin. Som ei byrjing kunne dei offentleggjere medlemslista.

Jan H. Landro

Bjørn Rasmussen vaks opp blant dyr – ikkje minst hestar. Det har forma forfattarskapet hans.

Foto: Frida Gregersen

LitteraturKultur

I fri dressur

Når vi endeleg får lese kontroversielle Bjørn Rasmussen på norsk, handlar det om ei hestejente. Men skinnet bedrar.

Marita Liabø

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis