JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

ReportasjeFeature

Festivalsommaren

Korleis klappar eg med ein øl i eine handa?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
6915
20240906
6915
20240906

Samandrag

Oppsummeringa er laga av AI-vertkøyet ChatGTP

Vis mer
Vis mindre

Festival varje dag, syng svenske Dungen. Slik kjennest det òg. Det verkar som kvar dal, kvart sund, kvar odde, skjergard og øy har ein eigen musikkfestival om sommaren. I juni, juli og august var det 113 musikkfestivalar i Noreg, ifylgje oversikta på nettstaden Rockman.

Namna på festivalane er ein eigen ting. Dei skal gjerne vera litt morosame; til helga er Hårfestefestivalen på Rennesøy, og seinare i månaden er Den Forvitnelege Countryfestivalen (tidlegare Den Intellektuelle Countryfestivalen) på Voss.

Mange namn gjev eit nikk til større festivalar, som Woodstock.

Ein gong fantaserte eg om å laga ein liten festival i hagen som skulle heita Kortstokk, eller Kortstock; eg bestemte meg aldri heilt, og så vart det ikkje noko av. No kan eg sjå at dei på Husnes har tenkt i same bane som eg, for der arrangerte dei Omstock i mai.

I Alvdal har dei Livestock og på Kvamsfjellet Rondaståk, som med ståk går over i ein annan namnetrend: å seia noko om lydnivået ein kan venta seg. I Herefoss har dei Fjordbrøl og i Kristiansand er Måkeskrik. Same by kompenserer med Palmesus.

Mange festivalar heiter noko som indikerer kor festivalen finn stad, Tysnesfest er på Tysnes, Trænafestivalen på Træna. Andre kan sjå ut som dei har namngjeve festivalen etter kor dei skulle ynskt at han fann stad, som Tahitifestivalen i Kristiansund.

Hovudingrediensen i lokale festivalar er eldsjeler som vil skapa noko i bygda si, og somme gongar er festivalen eit svar, ein motfest eller eit alternativ til noko anna. På Jæren var det ein venegjeng som i 2002 hadde sett seg leie på store folkefestar i distriktet, så dei arrangerte den vesle musikkfestivalen Hoggstokk på Hognestad.

Året etter flytta festivalen til Bryne og fekk undertittel «Rock mot skalldyr», eit stikk til Skalldyrfestivalen i Mandal. Sidan vart det «Rock mot Gladmat», men etter fire år med Hoggstokk og rocking mot mat skifta festivalen namn til Ranglerock, og etter kvart har den jærske farsen vorte eit fast tilbod i baren.

Det er framføre scena på Ranglerock eg er når eg ikkje veit korleis eg skal kunna klappa med ein øl i eine handa.

Kva gjer dei andre publikummarane? Eg ser meg rundt. Fleire set plastglaset mot munnen og held det oppe med tennene. Slik vert begge nevane frigjorde til applaus.

Eg prøver sjølv, lagar eit overbit og festar kanintennene nede under den vesle kanten langs glaset, men det går ikkje. Eg får det ikkje til. Er det kjeven min det er noko i vegen med?

Alltid har det vore slik at somme ting som verkar som dei passar for alle andre, ikkje passar for meg. Slik har eg det med alle hårbøylar eg har hatt, dei er forma annleis enn hovudet mitt. Dei held ikkje håret borte frå andletet, berre pressar på så eg får vondt bak øyro.

Sameleis med øyretelefonar ein har inni øyro. Medan andre kan jogga med dei kvite dingsane kvilande urørleg mellom brusken i det ytre øyra, må eg sitja heilt stille om dei ikkje skal dette ut att. Øyro mine er ikkje skapte for airpods, og kjeven min er ikkje skapt for å halde eit plastglas heller.

Kanskje om eg drikk litt meir, slik at det vert lettare å bera? Applausen stilnar før eg rekk å prøva, og me går inn i ein ny fase av konserten: tida mellom songane.

– No kjem ein song som handlar om ..., byrjar artisten frå scena, og eg tenkjer å nei!

Inntrykket mitt er at mange artistar fokuserer så mykje på musikken at dei gløymer dette opphaldet mellom låtane på settlista, før dei brått står der og skal seia noko.

Det har ført til ei lei utvikling av artistar som fortel publikum kva neste song handlar om.

Eg hadde høyrt mykje på musikken til Stein Torleif Bjella og tolka meg inn i tekstane hans då eg såg han live og han mellom songane fortalde kva dei handla om. Det var visst ikkje om meg og mitt likevel, men om Eric Clapton, George Harrison og nokon frå Hallingdal.

Kjære musikarar, kom ikkje med heile sanningi! Ikkje fortel meg kva songane dykkar handlar om!

Med mindre de gjer som Tønes, som var på scena tidlegare. Han sa: «Neste song handlar om angst», for så å spela «Fluene», som handlar om fluger.

Eg er her ikkje for musikken sin del, seier ein kjenning eg møter.

– Eg er her for rusen.

Publikum kan delast i tre, og denne karen er ein klassisk fyllesnakkar. Du ser han rundt baren eller langt frå scena, der han sjanglande og med halve augo kaprar folk for djupe samtalar.

Så har du dei oppglødde, høglydte minglarane, som er på festival for å møta andre, gjerne midt blant publikum, og skrika og le og ta mykje bilete samane med vennane sine.

Tredje publikummar går på festival for musikken sin del. Han irriterer seg grøn over dei to andre, sjølv om dei er kjenningar.

Kjenningar er det mange av på bygdefestivalar, spesielt om du kjem frå den aktuelle bygda sjølv. Slik hadde eg det på Bygdalarm i Norheimsund, helga etter Ranglerock. Der møtte eg gamle naboar, gamle vennar av syskena mine og folk eg knapt har sett nokon andre stadar sidan vidaregåande. Her var me jamstilte, hadde like armband og måtte stå i den same køen for å kjøpa øl.

Fyrste ølen, som kom i eit 0,4 liter-glas i plast, kosta 130 kroner. Akk ja, sånn er det blitt, tenkte eg. Men neste gong eg skulle kjøpa øl, leverte eg plastglaset inn att, og fekk 20 kroner i miljørabatt. No kosta ølen 110 kroner, noko som kjendest som eit tilbod.

Berre éin gong i livet har eg vore på ein musikkfestival der eg overnatta i telt, og det var på Roskilde i 2007. Alle som var på Roskilde det året, hugsar festivalen fyrst og fremst for éin ting: vêret. Når avisene no i juli skreiv om «våteste Roskilde på 17 år», viste dei til 2007 – den våtaste Roskilde gjennom tidene.

Eg gjorde ein tabbe, kanskje, då eg på avreisedagen frå Oslo bestemte meg for å dra to dagar seinare enn veninnene eg skulle dela telt med. Då eg endeleg kom til campen, hadde det meste hendt. Den interne humoren var sett, løyndommar var utveksla, og dei nære banda til danskane i naboteltet var alt knytte. Eg kom ikkje inn i gjengen, og venskapen vår vart aldri heilt det same igjen.

I tillegg var alt vått. Kleda, soveposen, skoa – alt. Eg gjekk til dei gratis fellesdusjane med kaldt vatn for å få litt varme i kroppen.

Tilbake til klappinga. Eg tørrtrenar med glaset mellom tennene medan Johan Berggren syng ein song som eg trudde handla om meg, men som handlar om ein landevegsrøvar frå Gudbrandsdalen. Om eg lagar eit lite overbit, legg haka ned mot brystet og tenkjer at eg er ei løvemor som held ungen min etter nakkeskinnet, får eg det til.

Det er fleire måtar å applaudera med eit plastglas i handa på. Éin dreg opp T-trøya medan han slår seg på magen. Andre hevar glaset i ei skål mot artisten og seier: «Woohoo!»

Den finaste varianten ser eg like til høgre for scena. Der står to kameratar som verkeleg har funne ut av det: Dei held kvar sitt glas og klappar dei to ledige nevane saman.

May Linn Clement

May Linn Clement er fast teiknar og skribent i Dag og Tid.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Tordis Ørjasæter er 97 år gamal og reflekterer rundt det å bli eldre, om litteratur, og dagane som går, og tida som har gått.

Tordis Ørjasæter er 97 år gamal og reflekterer rundt det å bli eldre, om litteratur, og dagane som går, og tida som har gått.

Foto: Mari Parelius Wammer / Cappelen Damm

LitteraturKultur

Å gå på vatnet i ein blå draum

– Alt er så sterkt no som døden er så nær. Og eg drøymer så mykje og så intenst, ei natt drøymde eg at eg gjekk på vatnet!

Hilde Vesaas
Tordis Ørjasæter er 97 år gamal og reflekterer rundt det å bli eldre, om litteratur, og dagane som går, og tida som har gått.

Tordis Ørjasæter er 97 år gamal og reflekterer rundt det å bli eldre, om litteratur, og dagane som går, og tida som har gått.

Foto: Mari Parelius Wammer / Cappelen Damm

LitteraturKultur

Å gå på vatnet i ein blå draum

– Alt er så sterkt no som døden er så nær. Og eg drøymer så mykje og så intenst, ei natt drøymde eg at eg gjekk på vatnet!

Hilde Vesaas
Skulpturen «Moren» av Tracey Emin utanfor Munchmuseet i Oslo.

Skulpturen «Moren» av Tracey Emin utanfor Munchmuseet i Oslo.

Foto: Anne-Line Aaslund

KunstFeature
ÅshildEliassen

«Moren» og søstrene hennar

Kor original er den ni meter høge skulpturen «Moren», som er plassert utanfor Munchmuseet? Før avdukinga 4. juni 2022 hadde kunstnaren Tracey Emin alt produsert og stilt ut nær identiske skulpturar på tre meter.

Kor mykje skal den enkelte forelder ha å seie over barnet? Spørsmålet er til vurdering når barnelova skal oppdaterast.

Kor mykje skal den enkelte forelder ha å seie over barnet? Spørsmålet er til vurdering når barnelova skal oppdaterast.

Foto: Sara Johannessen Meek / NTB

PolitikkSamfunn
Christiane Jordheim Larsen

Flytterett eller vetorett?

Skal mor eller far kunne ta med seg barna og flytte langt bort etter eit samlivsbrot? Barne- og familiedepartementet vil gjere det vanskelegare for fleire, men møter motstand.

Jasmine Trinca i hovudrolla som Maria Montessori, som med ein ny pedagogikk la grunnlaget for montessoriskular over heile verda.

Jasmine Trinca i hovudrolla som Maria Montessori, som med ein ny pedagogikk la grunnlaget for montessoriskular over heile verda.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Traust revolusjon

Det er null nytt i filmen om nyskapingane til Maria Montessori.

Låvesvala er ein utprega insektetar og jaktar helst i flukt. Dei korte beina eignar seg dårleg til å gå med, men er sterke til å gripe og finne feste.

Låvesvala er ein utprega insektetar og jaktar helst i flukt. Dei korte beina eignar seg dårleg til å gå med, men er sterke til å gripe og finne feste.

Foto: Sveinung Lindaas

Feature

Låvesvalehale

For å bestemme alder og kjønn hjå ei låvesvale skal ein ty til fargane i fjørdrakta og til lengda på dei ytste halefjørene.

Naïd Mubalegh
Låvesvala er ein utprega insektetar og jaktar helst i flukt. Dei korte beina eignar seg dårleg til å gå med, men er sterke til å gripe og finne feste.

Låvesvala er ein utprega insektetar og jaktar helst i flukt. Dei korte beina eignar seg dårleg til å gå med, men er sterke til å gripe og finne feste.

Foto: Sveinung Lindaas

Feature

Låvesvalehale

For å bestemme alder og kjønn hjå ei låvesvale skal ein ty til fargane i fjørdrakta og til lengda på dei ytste halefjørene.

Naïd Mubalegh

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis