Nordens Jerusalem
VILNIUS: Lyrikaren Indre Valantinaite er omsett til sytten språk. Den nyaste boka tek føre seg lagnaden til jødane i byen.
Den litauiske lyrikaren Indre Valantinaite ved den dominikanske Heilagande-kyrkja i gamlebyen i Vilnius.
Alle foto: Håvard Rem
Les også
Major Stian Stormo, leiar for Noregs motoriserte infanterikompani i Litauen, syner korleis sprengkrafta vil øydeleggja stålbjelkene i brua.
Alle foto: Håvard Rem
Å byggja bruer og sprengja dei
Les også
Vytautas Landsbergis, som fyller 90 år i haust, leidde Litauen ut av Sovjetsamveldet i 1990, som den fyrste utbrytarrepublikken.
Foto: Håvard Rem
– Her varte andre verdskrigen til 1990
Les også
I Stikliu gatve – som går frå universitetet til rådhuset i gamlebyen i Vilnius – øver eit nyvigt par seg på brurevalsen dei skal dansa om kvelden.
Alle foto: Håvard Rem
Nordisk-baltisk vals i Vilnius
LITAUEN
Del 3.
I Litauen møter Håvard Rem soldatar og poetar, politiske analytikarar og historiske aktørar.
Folketal: 2,8 mill.
Flatemål: 65.300 km2
Hovudstad: Vilnius
Religion: Romersk-katolsk (74 prosent)
Etnisitet: Litauarar (85 prosent), polakkar (6 prosent), russarar (4 prosent)
Sjølvstende: 1918
Okkupert (Sovjetsamveldet): 1940–1941/1944–1991
Landegrense til: Russland, Kviterussland, Latvia og Polen
Sjøgrense til: Sverige, Latvia og Russland
13. mai. Del 1. Nordisk-baltisk samarbeid
20. mai. Del 2. Verdskrig til 1990

havard@dagogtid.no
Den litauiske lyrikaren Indre Valantinaite skal eg møta på Cozy, stamkafeen i grannelaget hennar, berre 500 meter frå bustaden min i Didzioji-gata, men i ein del av gamlebyen som er så labyrintisk og eventyrleg ven at ein kan både gå seg bort og drøyma seg bort.
Eg studerer menyar. I Vilnius får ein framifrå og saftig kompe, komle, raspeball, med dott av kjøt, men det er for tidleg på dagen, for griseøyre òg, strimla og sprøsteikte, med chili og bitter. Fetasalaten freistar meir, men kva kallar dei han? Izraelietiskos salotos, israelsk salat. Det skulle ha teke seg ut i Oslo eller Stockholm. Vilnius er både nær og fjern. Ein sofistikert og moderne by, ja, men – som så mange område nord i Aust-Europa – nærast utan marxistar og muslimar. Ein overlever det i ei veke. På 1. mai såg eg ikkje éi markering.
Informasjonstavla
Men under den ljose og fredelege yta er det eit mørker. I kardemommebysmaua møter ein brått veggen i form av ei informasjonstavle med eit kart over den jødiske gettoen – for 80 år sidan åstad for likvideringar og ufattelege lidingar.
Nordens Jerusalem er Vilnius kalla. Kvifor? Nordens Paris var eit tilnamn Tromsø fekk av di folk der var så motemedvitne, Nordens Venezia kalla ein Arendal etter dei mange kanalane i sørlandsbyen, og Nordens Firenze var eit tilnamn rådmannen i Lørenskog gav Lørenskog då han laut legitimera ein studieopphald i Toscana.
Vilnius skal ha fått tilnamnet sitt av Napoleon. Han hadde alt vore i Midtausten då han reid gjennom Didzioji-gata i 1812, på veg mot Moskva og nederlaget. Halve byen var jødisk. I heile verda var Vilnius kjend som eit jødisk lærdomssenter.
Koseleg hyggje
Skal ein tru kartet, er eg framme, men på skiltet framføre meg står det Hygge, ikkje Cozy. Få skandinaviske ord slår an i halve verda, men hygge vart nyleg kåra til årets nyord i engelsk, eg har sett det på butikkskilt i Kirkwall, og no i Vilnius. Det vert tema for fyrste del av samtalen. Lyrikarar har eit teknisk tilhøve til språket, like opptekne av orda i seg sjølv som av nytteverdien deira.
– For eit samantreff at Cozy og Hygge ligg vegg i vegg, seier Indre Valantinaite over kakaokoppen og omsetjingsprogrammet.
For tjue år sidan forlét ho jesuittgymnaset i heimbyen Kaunas, ti mil frå Vilnius, dit ho så flytta, og snart bokdebuterte ho med diktsamlinga Av fisk og liljer (2006). For to år sidan kom den fjerde samlinga, Kledd i sol (2020). Dikta hennar er omsette til sytten språk, og ho vert invitert til litteraturfestivalar over heile Europa.
Nordens Jerusalem
Frå bustaden min i Noreg er det kortare veg til Litauen enn til Nordland. Kvifor har eg aldri vore i eit baltisk land før? Av di det var vanskeleg med visum då dei var smårepublikkar i Sovjetsamveldet? Vel, eg har heller ikkje vitja Baltikum i dei tretti åra dei har vore eigne land. Grannelanda har eg vitja – Polen, Russland, og Kviterussland. Men den litauiske hovudstaden? Nei. No er eg her.
Eit turistland er Litauen ikkje, men det kan jo vera endå ein grunn til å dra. I norske bokhandlar fann eg bøker om Tallin, hovudstaden i Estland, og om Riga, hovudstaden i Latvia, men ikkje ei einaste Vilnius-bok. Mange informasjonsskilt har berre litauisk tekst, særleg ute i distrikta.
Eg har alltid visst at eg ein dag skulle til Vilnius. Då eg som ung studerte songpoetane Leonard Cohen og Bob Dylan, la eg merke til at båe hadde røter i Kaunas, der mor til Cohen og mormor til Dylan var fødde.
At båe familiane flykta herfrå tidleg på 1900-talet, fortel at jødeforfylgingane byrja lenge før Hitler kom til makta. I mellomkrigstida vart den jødiske folkesetnaden i Vilnius redusert frå halvdelen til ein tredel, til drygt 50.000. Etter krigen var nærast ingen att.
Førre veke skreiv eg om lidingane til litauarar, under polakkar, tyskarar og russarar. Somme leid under litauarar òg. Pogromane var nådelause her. Meir enn ni av ti jødar forsvann.
Båe songpoetane har synt medvit om den litauiske bakgrunnen sin. «Eg kjem frå ein stad ikkje så langt herfrå», fortalde Dylan pressa fyrste gong han var i Skandinavia, i Stockholm i 1966. Cohen snakka varmt om bestefar sin som budde i Nordens Jerusalem.
«Gøymestaden»
– På nattbordet har eg Sylvie Simmons Leonard Cohen-biografi, som nett er komen på litauisk. Men eg visste ikkje at mor hans, og mormora til Dylan, vart fødde i heimbyen min, fortel Indre Valantinaite.
Ho orsakar seg og vert borte. Etter få minutt er ho attende på Cozy med ei bok, From the Jerusalem of the North, A Selection of Poems by Contemporary Lithuanian Poets (2020).
– Eg redigerte boka for to år sidan. Ho er trespråkleg, på litauisk, engelsk og hebraisk. Eg byrja med å skriva diktet «Gøymestad», om folk i Vilnius som risikerte livet ved å gøyma jødar. Då eg oppdaga at kollegaar hadde skrive om temaet òg, bestemde eg meg for å samla tekstane i ei bok.
– Kva er soga bak «Gøymestad»?
– For nokre år sidan flytta eg inn i grannebygget til Cozy, der det ligg eit nonnekloster. Ved inngangsdøra heng ei tavle med namna til tre av nonnene.
– Kva slag tavle?
–?Det er ei «Rettskaffen mellom nasjonane»-tavle som heidrar menneske som freista å hjelpa jødar før og under andre verdskrigen. Ved å halda dei gøymde i fleire år berga dei tre nonnene livet til tolv jødar, mellom andre kunstmålaren Samuel Bak. Ein tenkjer: Kva ville ein gjort sjølv? Kva krev det å overvinna si eiga frykt? Eg gjekk forbi tavla kvar dag og skreiv diktet.
– Etter å ha vitja gøymestaden?
– Nei, då visste eg ikkje at den eigenlege gøymestaden var rakt framom vindauga mine. Fyrst eit år etter at eg skreiv diktet, vart eg ven med systrene, som framleis budde der. Det synte seg at den eldste nonna hadde ein stor, gamal spegel på rommet sitt, slik eg såg det i diktet. I dikt kan ein stundom bryta ut av tida og koma i kontakt med framtida og fortida.
«Fridomsbulevarden»
– Som i «Fridomsbulevarden», spør eg.
Diktet har namn etter ei kjend gate i Kaunas. Det er henta frå samlinga Trumpametraziai (Kortfilmar, 2017), og ein kan lesa det på baksida i denne utgåva av Dag og Tid.
– Besteforeldra mine på farssida budde på Fridomsbulevarden. Dei var fattige og leigde eit loftsrom. Bestemor mi var syerske. Sjølv var ho dotter av ei ballerina. Mange litauarar har ein slik blanda bakgrunn.
– Alle dei politiske omveltingane har ført til dramatiske klassereiser?
– Me er vandrande romanar. Bestefar min møtte eg aldri.
– Og bestemor di tok livet av seg?
– I 1950-åra, før eg vart fødd. I dag er far min over åtti, men han var femten år den gongen og vart overlaten heilt til seg sjølv. For få år sidan var eg invitert til opninga av ein trendy restaurant i etasjen under. Berre eit tynt tak skilde meg frå det vesle rommet ovanpå, frå den tragiske hendinga, frå den andre verda, den verda me ikkje kan sjå. Med eitt vart ulike tidsplan blanda.
– Alle har me smertelege familiesoger. Vona er å skapa fred med det tragiske. For då hjelper ein dei òg, legg ho til.
– Dei som vart råka? Korleis?
– Ved å vera lukkeleg. Ved å fullbyrda livet. Ved å oppleva fridom. Ved å skapa fred med dei tragiske hendingane. Du skjønar kva eg meiner. Nei, ho er ikkje her, men på grunn av henne er eg her. Om eg er lukkeleg, trur eg det hjelper henne.
Religiøs
Av dei femten republikkane i det tidlegare Sovjetsamveldet var Litauen, den fyrste utbrytarrepublikken, den einaste romersk-katolske. Tre av fire litauarar høyrer til kyrkja. Berre éin av ti reknar seg som ateist. Frå bustaden min i gamlebyen har eg utsyn til ei kyrkje som i sovjettida vart gjort om til «ateismemuseum».
– Gode dikt lyg ikkje. Eg finn styrke i dikta. Og i trua. Dikt og bøn lækjer. Eg er eit religiøst menneske, fortel Indre Valantinaite.
–?Katolsk?
–?Ja, eg er katolikk. For få år sidan, mellom bok tre og fire, vart eg religiøs. Det kom av eit under. Eg hadde freista å ordna livet på min måte. Det verka ikkje. No freistar eg berre å søkja etter von, jamvel i dei mørkaste stadene. Det handlar om von. Etter kvar grufulle hending er det likevel von. Vona finn deg. Ekte dikt kjem utan ein grunn. Dei berre kjem, og slik veit ein kva som er kva.
– «Fridomsbulevarden» er meir enn ei gate?
– Ytre sett er det ei gate i heimbyen min, men diktet handlar vel så mykje om ei indre kjensle, ein indre stad, svarar ho. «An inner feeling, an inner place.»
– No som du veit at cosiness tyder hygge på norsk, vil du vita kva det tyder, ordet du nytta no?
– Kva for eit?
– Inner.
– Eit viktig ord. Kva heiter det på norsk, spør ho over kakaokoppen og omsetjingsprogrammet.
– Indre.
Gøymestad
I år flytta eg
for femte gong i livet.
Bygningen høyrde ein gong til eit nonnekloster
og har ei tavle på veggen
som namngjev Rettskafne mellom nasjonane.
Ein heil del jødar vart gøymde
og berga mellom veggene her.
Vener sa:
«Så fredeleg det er her, men
så mykje frykt veggene har kjent!»
Eg svarte:
«Men så mykje mot gjennomtrengjer staden,
og takksemd frå alle som berga livet!»
I går drakk eg te
men den eldre grannen min.
Eit skap i soverommet hennar.
I skapet ein spegel
med kantar svartna og fuktskadde
av sukk frå menneske
som pusta inn von, pusta ut frykt
i same mål.
Ingen kunne vita korleis
den mørke soga ville enda.
Det finst inga trugsmål i livet mitt.
Eg er mett og sunn. Ingen forfylgjer meg.
Uniformerte marsjerer ikkje i gatene.
Det som snøgt skjelv under huda mi, er kjærleik.
Eg pustar inn von og pustar ut frykt,
båe i same mål.
Omsett frå engelsk av Håvard Rem etter ei omsetjing frå litauisk av Rimas Uzgiris. Diktet «Sleptuve» («Gøymestad») er henta frå samlinga Apsisiautusios Saule (Kledd i sol), 2020.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Fiskemiddag: Ja, men pass på – det er ikkje berre paneringa som skjuler noko her.
Foto: Pxhere.com
Du skal aldri, aldri, aldri skode fisken på pakningen.
Foto: Agnete Brun
Med den monumentale boka Sjøfareren Erika Fatland gitt oss eit uvant, og skremmande, perspektiv på europeisk kolonialisme.
Kongsbonden Johan Jógvanson bur i den Instagram-venlege bygda Saksun. Men sjølv om han skjeller ut turistar, er det ikkje dei han er forbanna på. Det er politikarane inne i Tórshavn.
Alle foto: Hallgeir Opedal
Turistinvasjonen har gjort Johan Jógvanson til den sintaste bonden på Færøyane.
Finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) på pressekonferanse etter framlegginga av statsbudsjettet måndag. For dei som er opptekne av klima, var ikkje budsjettet godt nytt.
Foto: Fredrik Varfjell / NTB
Kapitulasjon i klimapolitikken
Regjeringa veit ikkje om statsbudsjettet bidreg til å redusere eller å auke klimagassutsleppa. Derimot er det klart at det nasjonale klimamålet for 2030 ikkje blir nådd.
Foto: Gyldendal
Erfaringar av tap og nytt liv
Debutdikta til Anngjerd Rustand eig omhug for omverda og er skrivne med klårleik og vent, sanseleg nærvær.