JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

RestaureringFeature

Forfallet tapte i klyngetunet på Hjølmo

Som eit øksehogg 700–800 meter ned i Hardangervidda går Hjølmodalen sørover frå Øvre Eidfjord. Nesten i botnen, mellom stupbratte berg, ligg eit tun med sju bruk på garden Hjølmo. 22 menneske budde her like etter krigen. Dei siste flytta vekk i 1971.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Hjølmotunet i dag – fråflytta for over 50 år sidan, men no i god stand.

Alle foto: Erik Solheim

9634
20240830

Restaurering

Erik Solheim har i ein del år hatt restaurering av gamle hus som levebrød og deler kunnskapen sin med Dag og Tid-lesarane.

Solheim har bakgrunn frå Landbrukshøgskulen (no NMBU), har undervist i natur og naturbruk og har vore leiar for Naturvernforbundet.

Vi ønskjer tips om gamle hus og bygningar som er restaurerte, og som vi kan skrive om i Dag og Tid. Alle typar byggverk kan vere av interesse. Send tipsa til erik.solheim@enivest.net.

Hjølmo er ein gard frå mellomalderen, nemnd første gongen i 1533, står det i Kulturminneplan for Eidfjord kommune. I l794 gjekk det eit ras som knuste alle husa minus eitt; der låg ein gamal mann som dei ikkje fekk ut. Folk hadde sett raset kome, og ingen omkom. Eigarane bygde opp att tunet litt lenger framme i dalen. No er dei ikkje redde for at husa står utrygt.

Namnet Hjølmo ser ut til å vere dativ fleirtal av gamalnorsk hjalmr (hjelm), etter fjella omkring dalen, skriv stadnamngranskaren Botolv Helleland i ei offentleg utgreiing om Hardangervidda frå 1974. Inst i dalen dett den vassrike elva Veig utfor eit 272 meter høgt stup i den mektige Valurfossen før ho held fram i skumkvite stryk ned til den slakare dalbotnen. Berre på austsida er det råd å kome opp på Vidda. Det går enno gjetord om ein friar som tok seg opp floga i vest. Ingen forstod at han kom frå det med livet.

Etter at folket forlét Hjølmo, tok forfallet fart. Fleire tak lak, og treverk rotna. Skogen henta igjen dei vesle bøtene med nokolunde slett jord som var rydda til åker og slått. I 1980 gjekk Jan Vivelid i gang med å restaurere bygningar som var på veg ned. Han var av dei siste som vaks opp der.

Der eit eldhus hadde dotte heilt i hop, bygde han eit opphaldsrom av tre og stein, ein av dei ei svær helle like høg som huset. Seks hus har han berga og eig han. Ei anna løe fekk han lov av eigaren å setje i stand.

«Vi åt reinkjøt seks dagar i veka og sauekjøt éin dag.»

Jan Vivelid

Skikken på staden

Vivelid har gjort det på sin måte, med dei materialane han fekk tak i. Han ville gje det nye i tunet eit gamalt preg utvendig. Det har han i stor grad fått til, med fjøler som har vore på eldre hus andre stader. Alle bygningane står no stødig med tette tak.

Han har vore ein vaktmeister for heile tunet, og han har berga det for ettertida, skriv kommunen i kulturminneplanen. Hjølmo er eit av fem særeigne kulturmiljø innanfor eit større KULA-område i Eidfjord. KULA står for kulturhistoriske landskap av nasjonal verdi, utvalde av Riksantikvaren i alle fylka.

Om Vivelid ikkje har følgt reglane for restaurering så nøye, har han på sitt vis handla i tråd med skikken på staden. På Hjølmo måtte dei bruke det som dei hadde eller kunne få tak i utan særleg pengar. Tida gjekk til det som dei trong mest.

Vivelid har lagt ned fleire tusen timar, og ein god del kroner. Litt stønad fekk han ein gong frå Eidfjord kommune, elles har han ikkje brydd seg om slikt. Arbeidet har han gjort fordi han har sterke kjensler for denne staden, barndommens liv og landskap. Han likar også godt å gå laus på oppgåver som er uklare, og som dei fleste trur ikkje lèt seg gjennomføre.

Eitt påfunn er ein vasskrane på ei kjempeblokk ved sida av det samanrasa eldhuset som han bygde nytt. Han bora eit fleire meter langt hol i steinen og la inn røyr fram til kranen. Vatnet renn når kranen er open, tilsynelatande ut av massivt berg. Arbeidet hans i Nordsjøen gjennom 39 år gjorde det mogeleg å vere på Hjølmo i lengre periodar når han hadde fri frå vaktene på havet.

Det første Jan Vivelid tok tak i, var eit eldhus som hadde dotte i hop. Han laga eit nytt opphaldsrom.

Felleseige

Klyngetuna i vårt land vart til på 1600-talet, då gardane vart delte til fleire av ungane etter som folketalet steig. Det skriv Eva Røyrane i boka ho og fotograf Oddleiv Apneseth laga om desse tuna rundt om i landet, Klyngetunet – den norske landsbyen. Kanskje var det ti tusen av dei. Jorda vart delt mellom dei nye bruka slik at alle skulle få nokolunde like mykje av ulik kvalitet – dette vart til teigblanding.

Husa sette dei tett i hop; fjøs, stover og stabbur stod i vekslande orden. Mange stader ville dei berge mest mogeleg av matjorda, andre stader var berre den eine plassen trygg å bu på når ras eller flaum kunne truge.

Eit eldhus – som biletet syner – i lag med stovehus, stabbur, løe og fjøs var det kvart bruk hadde i tunet på Hjølmo.

I siste halvdelen av 1800-talet kom så Jordskifteverket i sving med å samle jorda til kvart bruk i større teigar for meir økonomisk rasjonell drift. Med hestereiskapar måtte bøndene ha større teigar enn med grev og greip. Kvar eigar fekk då sitt eige tun, og dei fleste bygde seg nye hus. Klynga på Hjølmo er i dag eitt av rundt femti unnatak frå denne moderniseringa.

Markene som dei kunne slå, låg om einannan. Teigblandinga er som ho ein gong vart, også i skogen. Nokre hadde retten til bjørk, andre til oretrea. Hit kom ingen jordskiftemann. Grenser og merkesteinar kom aldri på noko kart; i dag veit ingen heilt korleis rettane var.

Eigarane er samde om å la det vere slik, som eit felleseige. Men då folk skulle klare seg i tunet, var grensene for knappe gode viktige. Jan Vivelid og broren fekk grueleg kjeft av ei grannekone ein gong dei hadde kome i skade for å slå gras ti centimeter inn på hennar mark eit lite stykke.

50 øre for skoslitet

Nede mellom floga er veksten frodig, men flekkane dei kunne hente folkemat og dyrefôr frå, er små. Heilt flat mark finst knapt. Stein og blokker dekkjer mykje av den slake dalbotnen. I dette landskapet var innsatsen som måtte til for å klare seg, heilt uvanleg stor, også i etterkrigstida.

I fjøsa var det vanleg med fem–seks geiter og nokolunde like mange sauer. To bruk hadde eit par kyr. Jan Vivelid vaks opp på geitemjølk. Attåt høyet dei kunne få i hus, samla dei store stablar med lauvkjerv. Alt måtte dei hente i hus på ryggen, og 40 kilo kunne høybørene vere, av og til meir. Så knapt var det at dei no og då måtte gå opp på austsida av dalen og vidare over ei halv mil rundt sørenden og nordover på vestsida for å kome til fjellgras dei hadde rett til å slå.

Poteter dyrka dei, men ikkje grønsaker. Der ligg to kvernsteinar i tunet, kanskje eit teikn på at dei i tidlegare tider avla korn. Ungane fekk kaffi med seg på skulen frå barnsbein av. Vegen dit var først vel ei halv mil på ein sti, eit trakk langs elva. Jan og syskena gjekk vegen som då var komen til Hjølmo. Men der var utrygt for ras, og vegen isa til så dei måtte høgre opp i djup snø for å kome fram.

Foreldra til skuleungane fekk 50 øre dagen i kompensasjon for skoslitet. Men vegen gjorde det lettare å få heim tyngre varer. Til bruk utanfor dalen hadde Jan ei kjøpt bukse som han var svært redd for. Han kalla ho bygdebuksa. Elles strikka og sydde mor hans alle kleda. Ho kom frå Fredrikstad og fann seg godt til rette mellom fjella. Der var så vedunderleg stille.

Reinen

Levemåten var for knapp nede i dalen, det var det vanlege. Berginga var reinen oppe på Vidda. Utan reinen hadde dei svolte i hel, har fleire fortalt.

– Vi åt reinkjøt seks dagar i veka og sauekjøt éin dag, seier Vivelid.

Fellingsløyve brydde dei seg ikkje om. Dei jakta når dei trong mat. Det vart mange bomturar; ofte heldt reinen seg ein annan stad enn dei kunne rekke fram til. Men stor var gleda når dei bar tungt heim att. Fiska gjorde dei både nede i elva og oppe i fjella, men det var langt til større vatn og lite garnfiske. Om vintrane kjøpte dei storsild som dei salta og røykte.

I 1822 var Johannes Flintoe i Hjølmodalen. Ei skisse gjorde han til måleri i 1833.

På 1950-talet hadde skogen på same sida som husa står, minka så mykje at dei måtte over elva for å hente seg brenneved. Straum fekk dei på Hjølmo rundt 1950; då var Jan tre år. Men om vintrane var det sjeldan lys eller varme å hente ut av strengane i lufta. Vatnet som dreiv generatoren, fraus eller tørka vekk. Ved i omnen og parafinlamper til lys var framleis det vanlege i den mørke årstida. Litt pengar måtte dei få tak i til det dei kjøpte. Karane i tunet tok gjerne arbeid med snøbrøyting, vegbygging og slikt.

Som 15-åring byrja Jan sjølv i Postverket, han bar post til Vivelid kvar dag – 600–700 meter opp og eit bra stykke vidare. For dette fekk han 40 kroner i veka og 25 kroner for ekstraturar. Om sommaren gjekk han òg til turisthytta Hedlo, for same løna.

Ein gong bar han ein levande gris opp til Vivelid, då tente han 50. Ein annan dag gjekk han tre gonger opp til Vivelid med proviant til turisthytta der. Men trass i materielt tronge kår og mykje sveitte i unge år:

– Eg hadde ein veldig god oppvekst, seier Jan Vivelid.

Etter postmannsvandringane bygde han kraftliner. I nokre år seinare var arbeidet å drive tunellar til kraftverk, før han fekk sitt yrke i oljen. Den praktiske bakgrunnen hans vart allsidig og nyttig – og ettertrakta. Arbeidet i barneåra kallar han sin beste skule.

Då dei andre eigarane i tunet såg kva Vivelid fekk til, greip interessa for å ta vare på sine hus dei andre i tunet òg. Ikkje nokon bygning ser ut til å mangle noko viktig for å bli ståande. I Måbødalen og Hjølmodalen ligg gardar og tun med stor tidsdjupne langs dei gamle ferdselsårene og kløvstigane, skriv Riksantikvaren.

Erik Solheim

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

I ei sterk scene skildrar Marc Brew korleis mor hans måtte dusje han etter ulykka, som om han var ein liten gut igjen.

Foto: Lars Opstad / CODA Oslo International Dance Festival

ReportasjeFeature

Du trur det ikkje når du ser han, at han reiser verda rundt med dansen sin. Marc Brew sit i rullestol.

Marita Liabø

Det var ein fiskar som oppdaga kvalflokken denne fredagsmorgonen, og så gjekk alarmen. Det blei bestemt at han skulle takast inn til Hvannasund. Der venta om lag hundre menneske som var varsla gjennom ei lukka gruppe på Facebook.

Alle foto: Hallgeir Opedal

ReportasjeFeature

Grinda kjem!

I dag har eg vore med på å drepe 220 grindkvalar. Ja, mogleg det var 230, eg mista teljinga.

Hallgeir Opedal

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis