Hus etter 150 års strev er berga i Vågå
På 44 år har Knut Arild Teigum fått skikk på tolv hus i tunet og to på setra åt Grevrusten, ein einbølt gard i skogen på nordsida av Vågåvatnet.
Tunet på Grevrusten over Vågåvatnet. Stovehuset med skifertak. Til høgre stabbur og til venstre kårstova. Bak låven (øvst) og fjøset.
Alle foto minus to: Erik Solheim.
Restaurering
Erik Solheim har restaurering av gamle hus som levebrød og deler kunnskapen sin med Dag og Tid-lesarane.
Solheim har bakgrunn frå Landbrukshøgskulen (no NMBU), har undervist i natur og naturbruk og har vore leiar for Naturvernforbundet.
Vi ønskjer tips om gamle hus og bygningar som er restaurerte, og som vi kan skrive om i Dag og Tid. Alle typar byggverk kan vere av interesse. Send tipsa til erik.solheim@enivest.net.

I 1812 tok Johannes Grev seg opp mellom skrentar og brattheng frå Vågåvatnet og byrja reise murane til eit hus på jord som var full av stor stein. Den første tida fekk han maten hos foreldra på Grev nede ved vatnet. Det var tronge kår i Vågå den gongen, for lite jord til mange av dei som budde der. I nauda rydda folk 29 små bruk i denne lia, ein strekning på vel seks kilometer mellom dei eldre gardane vest for Vågå sentrum og grensa til Lom. På nokre av dei står det enno hus i små lysningar. Dei fleste har skogen grodd over.
Grevrusti (namnet på kartet) eller Grevrusten, heiter garden som Johannes tvinga ut av ei steinrøys med litt mold i. Rundt innmarka står det tunge steinmurar, delvis i mannshøgde. Det meste av slåttemarka ligg nedanfor tunet, på ei noko slakare hylle enn den ufsete skoglia nedanfor. Men jorda er langt frå flat. Ei lita tørrstugu, der tørka dei korn, har inngang frå marka oppe og står på ein mur som i nedre enden er nesten dobbelt så høg som huset. Aust for tunet renn ei elv. Johannes skal ha spurt far sin til råds om kvar han burde velje heimstad. Faren smakte på jorda på begge sidene av elva, og valet vart vestsida.
Garden «Helvete»
Strevsamt vart det. I 1827 fekk Grev og kona Brit Storvikløkken ein son. I oppveksten hans budde dei, i lag med nokre geiter, i kjellaren under det som seinare vart stovehuset. Begge foreldra var grovvaksne og grepa menneske, men så mykje arbeid hang over dei at Johannes etter kvart kalla garden Helvete.
Første høgda over murane lafta han av store furer som stod på rydningen. Til andre høgda henta dei tømmer i lia på den andre sida av vatnet. Det var å hogge trea, drage dei med hest ned til Vågåvatnet, så over isen og 160 høgdemeter opp den bratte lia. Brit hadde med seg ein liten agnlåve (kornlåve) som medgift, kanskje det første trehuset på garden.
Éin viktig styrke hadde karane på Grevrusten i tillegg til sterk arbeidsvilje; dei var flinke bygningsmenn, den eine etter hin. Dei stod sjølve for stadig nye hus på garden, med noko hjelp av andre. Og dei tok på seg byggjeoppdrag i bygda. Ein av dei, Syver, reiste i lag med svigerfar sin den første hytta som fekk namnet Glitterheim, ved foten av Glittertinden. For arbeid ute kunne dei få betaling i bytearbeid, og kanskje varer, om dei var spurde til rikare gardar.
Dei levde i eit utprega materialhushald med lite pengar. Også kvinnene viste seg flinke og sterke i arbeid. Etter kvart vart det nok økonomisk romslegare også på Grevrusten; besteforeldra til han som no eig garden, Knut Arild Teigum, heldt det gåande til 1970. Etterpå stod husa utan vedlikehald i sju år. Forfallet var i gang før, no greip det om seg.
Men Knut Arild hadde grodd inn i tunet gjennom sommaropphald hos besteforeldra i barneåra. Han ville ikkje la kulturarven og dei historiske minnesmerka gå til grunne. I 1977 sette han – sprek i ungdommeleg pågangsmot – i gang åleine med å legge platetak på gamlelåven og smia. Urøynd med trearbeid var Knut Arild ikkje; etter gymnaset hadde han arbeidd som tømrar. Likevel, nye takåsar av rundstokkar i sju meters lengde er tunge også for unge armar.
Året etter fekk han nytt tak på kårstugu; ho stod nær den sikre undergangen. Veggene hadde sige under rotnande botnstokkar. Dette måtte dei vøle før dei fekk på nytt tak. Så, i 1979, stod seterhuset for tur, delvis med materialar som dei måtte bere opp. Etter dette vart det opphald i nokre år.
Knut Arild tok vidare utdanning og heldt seg ei tid på Jæren. Ti år etter at han berga det første huset, i 1987, vart han eigar av garden.
Eit sørgjeleg syn
I bustadhuset hadde han like før møtt eit nedslåande syn: Digre soppkaker låg ut over golvet. Opningar i muren under hadde nokon tetta igjen. I årevis hadde kjellaren stått utan lufting. Soppen fekk strålande kår. Over kjellarrommet låg eit undergolv av tjukke stokkar kløyvde etter mergen – over fem meter lange og eit slit å få ut åleine. Dei låg tett i tett på tvers av huset. Oppå var det bjørkenever og 25 centimeter leire. Så var det bjelkar på tvers av halvkløyvingane under borda dei gjekk på oppe i romma. Denne skikken var vanleg i desse bygdene. No måtte alt vekk, og stova fekk tørke i nesten ti år.
Ny fart i arbeidet vart det etter at ein svoger med utdanning i restaurering, Knut Tore Storsveen, flytta inn på Grevrusten. Dei gjekk laus på sauehuset – godt lafta, men med tre veksande opp gjennom taket. Nye raust og takåsar hogg dei til. På taket kom det torv. Dei la inn golv i rommet. Eigaren fekk seg ei fin, lita bu. Svogeren tok seg etterpå av stallen og eldhuset, lafta nytt det som måtte til, og la opp ny bering for torvtak.
For å komme vidare støypte dei for eigne midlar ny bru på stålbjelkar over elva aust for husa. No måtte dei ikkje lenger bere stokkar og andre materialar, dei kunne køyre heilt til tuns. Men så raste ein høg mur like ved tørrstugu ut, og delar av vegen. Då dette var ordna, fekk dei inn nytt golv i hovudhuset og nokre yngre vindauge. Ei falleferdig sval – gangen utanfor døra inn i stova – bygde dei heilt ny. Så var det å legge lappskifer på taket.
Resten av skavankane er vølte i 2021, med nye vindauge – frå ein lokal verkstad – i heile den tohøgda bygningen med dei eldste romma frå 1840.
Ungdomen
Eldhuset var viktig på ein gard. Det vart lafta opp i 1840–42 av ein fjortenåring som heitte Sjugurd, han som vaks opp i kjellaren med foreldra og geitene. Guten lærte det han trong, av far sin, som samstundes lafta stovehuset.
No måtte eldhuset ned, før dei bygde det opp att med nye stokkar der det trongst. Framleis stod der arbeid og venta. Stabburet var ikkje så ille fare, men nytt tak måtte det få. Det neste var tørrstugu. Dei tok ned huset, og den laftelærde svogeren la opp fire nye omfar, fire stokkar i kvar vegg. Etterpå reiste han nordover, og det halvferdige vart ståande til resten av veggene kom opp og eigaren sjølv la nytt tak med lappskifer. I Vågå heiter denne steinen hanskebak. Inne står ein klebersteinomn slik han ein gong vart mura.
Før dette huset vart til, var det usemje mellom far og son om kvar det skulle stå. Då faren ei tid reiste vekk på arbeid, la sonen, då 16 år gamal, opp den høge muren under huset og fire omfar av veggene. Dermed var spørsmålet avgjort då faren kom heim att etter tre veker.
Etter 30 år var det å gå laus på nytt på tak som lak etter første tekkinga. Først på kårstova, så på setra. Når Teigum no har fått orden på veggene i stovehuset, og nye vindauge er på plass som kopiar av dei gamle, har han berre taket på den vesle kornlåven igjen.
Autentisk
Livsverket er nær ferdig etter snart 45 år. Alt har han ikkje gjort åleine. Men åleine har han drive verket fram. Største suta har vore å skaffe pengar. Ein del midlar har han fått, frå kommunen, fylkeskommunen, UNI-stiftinga og Kulturminnefondet. Eit stor lette var det då Simen Bjørgen, direktør i Kulturminnefondet, i 2019 kom på innsteg med 300.000 kroner til hovudhuset. Utan desse pengane ville Teigum ikkje klart å vøle denne tohøgda bygningen. Under praten vår nemner han ofte gleda over midlane som fleire gonger opna vegen vidare.
Bjørgen var, skreiv avisa Fjuken, tydeleg imponert over det Teigen har fått til. Grevrusten er autentisk og godt restaurert, var ord han fekk i avisa frå Kulturminnefondet. Husklynga ligg utan nye bygningar nær tunet. Grevrusten er eit av tre tun i Vågå som ikkje er endra sidan mellomkrigstida. For eigaren av garden er vinsten den gleda han sit med over å ha berga det synlege resultatet av strev i fleire generasjonar for å rydde og byggje ein stad som i 150 år gav slekta hans livsopphald på ei bot av dyrka mark. Han er full av ovundring over kva dei fekk til, dei som er borte.
Erik Solheim
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Faren smakte på jorda på begge sidene av elva, og valet vart vestsida.
Fleire artiklar
Foto via Wikipedia Commons
«Ørjasæter var fyrst god ven med diktarbroren sin frå Gudbrandsdalen, men så fekk han høyre ting om Aukrust som skar han 'gjenom hjarte som eit tvieggja sverd'.»
Han heitte John Guillot, men skifta namn til Johnnie Allan og blei pub-rockar.
Arkivet: For tida framstår ikkje USA som det lova landet, men hausten for 50 år sidan var Elvis Presley på hitlistene i USA og England med «Promised Land»
Mogleg trasé for jarnbane mellom Narvik eller Bjørnfjell til Tromsø.
«Tanken om å realisera tog til Tromsø gjennom Sverige er på ingen måte ny.»
Daniel Sommer, Johannes Lundberg og Arve Henriksen.
Foto: Kristin Lidell
Fint nordisk samarbeid
Her er det ikkje spor av langhalm.
Polakkane er skumle bridgespelarar. Her frå avslutningsseremonien under World Bridge Games i Buenos Aires nyleg.
Foto: Poli Zolto / World Bridge Federation
Dąbrowskis masurka
For to veker sidan vann Polen gull i det som uformelt blir kalla bridgens olympiade, i Buenos Aires.