Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Feature

Seniorpsykiateren

– Nedtrappinga av sengeplassar i psykiatrien har gått for langt.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Hans Olav Tungesvik har gjeve ut boka Ei forfriskande livsreis.

Foto: Samlaget

6733
20170609

Bakgrunn

HANS OLAV TUNGESVIK

Fødd i Skånevik i Sunnhordland i 1936

Sjeflege på Modum Bad Nervesanatorium

Dreiv Frihamn psykiatriske senter i Skånevik

På Stortinget for KrF frå 1977 til 1985

BIOGRAFI

ottar@dagogtid.no

Det seier veteranpsykiater og tidlegare KrF-politikar Hans Olav Tungesvik (81). Han viser til at det har skjedd mykje positivt i psykiatrien dei siste åra, blant anna med etableringa av distriktspsykiatriske senter, men alt er ikkje like bra.

– Før fanst det svære institusjonar, som Valen sjukehus i Sunnhordland med plass til 500 pasientar. No er det mindre enn 50 plassar på Valen, men nedtrappinga av sengetalet har gått altfor langt. For pasientar som strevar, er det er svært verdfullt å bu saman med andre som har parallelle problem. Det fungerer godt å ta inn grupper på åtte personar og la dei bu saman i 14 dagar. Det dreiv eg med på Frihamnsenteret i 23 år. Då får dei oppleva fellesskap på døgnbasis og læra mykje av kvarandre. Overflyttinga av behandlingsopplegget til kommunane har gått altfor langt, og dei har altfor få sengeplassar. Det er eit minus, men elles er det mykje som har gått rett veg, seier Tungesvik.

På 1990-talet vart han spurd om han ville skriva biografi, men då var det ein fjern tanke. No har han gjort det, og han kalla boka Ei forfriskande livsreis. Sjølv om Tungesvik er 81 år, har han framleis praksis to dagar i veka som psykiater på heimstaden Skånevik. Når ein har passert 80 år, må ein som psykiater søkja Helsedirektoratet om løyve for eitt år om gongen, og Tungesvik har nett fått melding om at han kan ta eitt år til.

– Til folk omkring meg har eg sagt at dette er siste året eg søkjer, men ein kan no aldri vita, seier han.

For mange vart Tungesvik kjend gjennom radioprogrammet «Eit kvarter med legen», som var å høyra i seks år på 1970-talet.

BYGDEUNIVERSITET

I 1965 vart han den yngste leiaren i Noregs Mållags historie, berre 29 år gamal, og han hadde vervet i fem år.

– Kva sak vil du dra fram frå desse åra?

– Det må verta Akademiet i Rauland. Det er eit ektefødd barn av arbeidet i Mållaget. Det vart teke til orde for eit bygdeuniversitet i Rosendal. Tanken var at bygdeungdom skulle få seg utdanning i sitt eige miljø. Medan me arbeidde med ideen, fekk me førespurnad frå Rauland og Vinje. Dei meinte det måtte vera meir passande å plassera ein slik utdanningsinstitusjon midt i landet. For meg som sunnhordlending var det eit dilemma å gå inn for det, men me fekk slike strålande visjonar og tilbod. Det enda med at me valde Rauland, og i dag er Akademiet der ein del av Høgskulen i Telemark.

– Men det var ikkje berre semje i Mållaget den gongen?

– Nei, det var mange stridsspørsmål og ein ulukksalig fraksjonsstrid. Frontane kunne var harde, og kringom i landet vart det danna små mållag eller ringar for å sikra røysterett på landsmøtet. Det vart oppvask fleire gonger, og det var hardt for mange. Det var neppe eit landsmøte i Mållaget i mi tid utan at Dagsrevyen var til stades. I 1970 hadde me landsmøte i Ålesund. Den såkalla i-målfraksjonen marsjerte ut frå møtet, nett slik som ein fraksjon gjorde på landsmøtet i Venstre på Røros to år seinare.

– Det er ikkje så mykje blest om landsmøta i Mållaget no lenger?

– Det er ikkje strid og spetakkel, og difor har medieoppslaga forsvunne. Det vert gjort eit grundig og godt arbeid i Mållaget, og heldigvis har dei fått økonomi til å tilsetja fleire. Eg er absolutt optimist på vegner av målrørsla.

FRÅ VENSTRE TIL KRF

Etter at Venstre vart delt i to på landsmøtet på Røros, vart Tungesvik leiar i Hordaland Venstre, først og fremst av di Venstre stod for nei til EF.

– Men dei som hadde vore meiningsfellane mine i familiepolitikken, abortstriden og for ein stor del i kulturpolitikken, gjekk over til Det Nye Folkepartiet. I tida etterpå vart eg så sterkt engasjert i abortkampen, at eg rett og slett vart heimlaus i Venstre. Eg måtte kutta  ut  politikken eller melda meg inn i KrF. I 1975 melde eg meg inn i partiet, og det enda med plass på Stortinget i åtte år frå 1977.

– Kvifor slutta du?

– I studietida hadde eg hatt ein visjon om at me på Vestlandet måtte få noko som likna på Modum Bad Nervesanatorium. I 70-åra arbeidde eg på store og tunge psykiatriske sjukehus med låste dører og luftegardar. Eg ønskte eit tilbod der folk kunne koma og gå og vera i frie og opne forhold. Etter at eg slutta på Stortinget i 1985, starta eg Frihamn psykiatriske senter i Skånevik, og det dreiv eg fram til 2008.

– Det var også ein annan grunn til at eg slutta på Stortinget: Eg tykte det var så spennande og interessant å vera på «tinget» at eg unnte andre plassen.

– Bør KrF gå i regjering med Frp til hausten?

– Absolutt ikkje, og dei bør helst ikkje koma med støtteerklæring.

FOLKEAKSJONEN

Sjølv om Tungesvik ikkje har politiske verv lenger, brenn han for fleire saker.

– Eg er framleis oppteken av dei etiske spørsmåla i liv og død-problematikken, og eg er absolutt imot alt som har med aktiv dødshjelp å gjera. Det må me for all del hindra, seier han.

Hausten 1974 vart Tungesvik leiar for Folkeaksjonen mot fri abort, og aldri har han sett maken til folkerørsle.

– På seks veker samla me inn 610.000 underskrifter mot sjølvbestemt abort. Det var eit enormt engasjement, og mange såg at det aldri kunne gjerast til ei privatsak om eit menneskeliv skal leva eller avbrytast. Samfunnet må ha eit ord med i laget, og det var hovudargumentasjonen vår. Dette var før privatiseringsbølgja, og det store fleirtalet i folket var mot den nye lova. Det vart så mange lister at me måtte frakta dei opp på Løvebakken i ei svær tralle. Røystinga i Stortinget vart svært spennande. Me frykta nederlag, men det viste seg at Otto Hauglin frå SV valde å røysta nei til fri abort, og me fekk fleirtal med 75 mot 74 røyster. Me jubla, men våren etter kom regjeringa tilbake med eit forslag som førte til at det vart innført fri abort med endeleg vedtak i 1978.

– Er sjølvbestemt abort ei daud sak?

– Nei, det trur eg ikkje. Saka om tvillingabort har reist temaet på nytt, og eg trur at det som gjeld liv og død, kjem til å verta eit stadig meir sentralt tema i åra frametter.

NEGATIV UTVIKLING

I boka skriv Tungesvik om den gamle huslegemodellen og om den gongen då legebesøk i heimen høyrde til dagens orden. Slik er det ikkje lenger.

–  I mange situasjonar kan ein nesten stilla diagnosen når ein får sjå korleis folk lever. No skal alle til legesenteret, og det er ei uheldig og negativ utvikling. I Bergen vart talet på sjukebesøk i heimen redusert med 75 prosent frå 2000 til 2008, og det er heilt horribelt. Det burde vore langt fleire heimebesøk.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

På seks veker samla
me inn 610.000 underskrifter mot fri abort.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Lærarløftet: Solberg-regjeringa gjorde lærarutdanninga lengre og meir akademisk. Her vitjar dåverande kunnskapsminister Tørbjørn Røe Isaksen Berg skule i Oslo i 2017.

Foto: Heiko Junge / NTB

UtdanningSamfunn

Då læraren vart akademikar

Lengre utdanning med mastergrad skulle gjere lærarane betre. Lærarstudentane er i tvil om nytta.

Sigurd Arnekleiv Bækkelund

Utstillinga opnar med eit enormt fotografi av kunstnaren i sine glansdagar.

Foto: Øystein Thorvaldsen / Henie Onstad Kunstsenter

KunstMeldingar
Eva Furseth

Side om side med Munch

Utstillinga Mot det moderne løftar fram Christian Skredsvig internasjonalt og viser at han sette merke på samtida si. Kunsten hans er langt frå smålåten.

MusikkMeldingar
Rasmus Hungnes

Bra harepus

«Kongen av latin-trap» blandar puertoricansk musikk­tradisjon med moderne popproduksjon.

Hovudaktørane bak Oslo-avtalen, då han blei signert i Parkveien 45 i Oslo. I midten sit tidlegare utanriksminister Johan Jørgen Holst og rett bak seg har han Israels dåverande utanriksminister Shimon Peres. Holst er flankert av den israelske forhandlingsleiaren Uri Savir (til høgre) og den palestinske motparten hans Abu Ala. Bak Peres står dei tre norske diplomatane som var mest aktive i dei hemmelege forhandlingane i Noreg i 1993: statssekretær Jan Egeland, Mona Juul og Terje Rød-Larsen.

Foto: Overvakingspolitiet / NTB

PolitikkSamfunn
Vidar Ystad

UD-dokument finst i israelske arkiv

Professor Hilde Henriksen Waage har i årevis jakta på dokument frå Oslo-prosessen som manglar i arkivet til Utanriksdepartementet. Nå har ho funne nokre av dei i israelske arkiv.

Kart: Anders Skoglund, Norsk Polarinstitutt

Feature

Arvingane til Amundsen

Om lag 200 menneske vitjar Sørpolen kvart år. Denne sesongen sette fire nordmenn av garde på ski. Ikkje alle kom fram.

Hallgeir Opedal

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis