Han som ser heile brettet
Carlsen er framleis den spelaren alt sirklar rundt i sjakkverda. I Zagreb er han i delt leiing
etter strålande spel den fyrste veka.
Magnus Carlsen konsentrerer seg om sjakken i Zagreb.
Foto: Lennart Ootes
Grand Chess Tour Croatia. Zagreb.
26. juni–7. juli 2019.
12 spelarar (alle mot alle).
1. runde: Giri – Carlsen 0–1
2. runde: Carlsen – Anand O–O
3. runde: Caruana – Carlsen O–O
4. runde: Carlsen – Mamedjarov O–O
5. runde: Karjakin – Carlsen O–O
6. runde: Carlsen – Nakamura 1–0
Stillinga etter seks av elleve rundar:
1 So, Wesley 4 Nepomnjasjtsjij, Jan 4
Carlsen, Magnus 4
4 Caruana, Fabiano 3.5
Ding, Liren 3.5
Aronjan, Levon 3.5
7 Anand, Viswanathan 2.5
Karjakin, Sergej 2.5
Vachier-Lagrave, Maxime 2.5
10 Giri, Anish 2
Mamedjarov, Sjakhrijar 2 Nakamura, Hikaru 2

Nesten ingen ute i sjakkverda bryr seg om spelemonopolet til Norsk Tipping. «Ta dei 50 millionane frå gamblarane og spring for livet», ville nok russarane og amerikanarane ha sagt. Men nyhendet om at Stavanger, etter press frå Carlsen-leiren, er uaktuell som arrangørby for VM-kampen i 2020, vekte den svevntunge internasjonale sjakkverda. Alle spekulerer, men ingen skjønar heilt kva som har skjedd.
Kor som er, i norsk sjakk går vi alle rundt og bit negler for tida. Vi lever våre sjakkliv på sosiale medium der kommentarane haglar heile døgeret. Simen Agdestein og andre stormeistrar ringer meg og fortel at dei ikkje får sova, dei maktar ikkje lenger rekna sjakkvariantar, dei mister morsmålet dei har fått frå sjakkgudinna Caïssa. Men hovudpersonen sjølv, Magnus Carlsen, han er heilt roleg.
Då rabalderet byrja for nokre veker sidan, spurde eg meg sjølv: «Vil eg følgja partia hans som før?» Svaret no er: «Ja, nesten.» Eg heiar framleis på Magnus, godguten vår. Eg må ovundra hovudet hans, sjakkpsyken hans. Korleis kan han konsentrera seg om sjakken i Zagreb når Sjakk-Noreg står i brann?
«Geometrisk geni»
Sanninga er at Carlsen spelar like godt no, i Kroatia, som han har gjort i heile år. Det fyrste partiet med svart mot Anish Giri, nederlendaren som er rangert som nummer fire i verda, vart ei oppvisning som gjorde den tidlegare verdsmeisteren Garri Kasparov blank i augo.
Giri–Carlsen, runde 1.
Kasparov, som vart kroatisk statsborgar då Putin jaga han ut av Russland i 2014, var på plass i Zagreb og kommenterte trekket til Carlsen i diagramstillinga. «Skilnaden på Carlsen og Giri er at Carlsen ser heile brettet», sa Kasparov. Carlsen flytta dronninga til hjørnet på a8, der ho peika ned mot feltet g2 og den kvite kongen. I dei neste par trekka gjekk Carlsen framover med randbonden på h5, fyrst til h4 – og så vidare til h3. Kvit gav opp etter berre 23 trekk, då åtaket mot kongen vart for sterkt.
Hans Olav Lahlum plar seia at «Carlsen er eit geometrisk geni». Carlsen protesterer og seier at han ikkje skjønar kva det tyder. Poenget til Lahlum er vel at når dronninga går horisontalt frå d8 til a8 for å peika diagonalt ned til g2, så høyrest det ut som geometri. Og når matematikken fungerer og Giri vert matt, så er «geometrien» genial.
Fire remisar
Dei neste fire partia enda i remis, men Carlsen gav alt i kvart einaste trekk. Det hender at motstandarane verjar seg godt i 4–5 timar og bergar remisen utan at Carlsen kan gjera stort. Men mot Vishy Anand hadde Carlsen sigeren inne, då den indiske veteranen fann ei nesten mirakuløs redning i sluttspelet.
Det mest interessante remispartiet kom mot aserbajdsjanaren Sjakhrijar Mamedjarov i runde fire. Kasparov smilte og riste lett på hovudet: «Dette er ikkje Carlsen, han spelar jo utan hovud som ein Tal eller ein Kasparov!» «Kvifor spelar ikkje Carlsen som Carlsen?» ville reporteren veta. «Problemet til Carlsen er at han så gjerne vil vinna, men for å vinna må ein av og til ta ein stor risiko, slik eg lika å spela i mi tid», forklåra Kasparov.
Carlsen–Mamedjarov, runde 4.
I midtspelet ovanfor hadde Carlsen ein naken konge i sentrum, han kjempa for livet. Mamedjarov er den siste spelaren som har slege Carlsen i klassisk sjakk, for eit år sidan i juli 2018. No kunne han, kan henda, få ein ny siger. Men etter det Carlsen sjølv kalla eit episk drama, enda partiet i remis i det 59. trekket, då alle brikkene var slegne ut. Mamedjarov var nøgd. «Spela du for remis?» spurde den amerikanske stormeisteren og sjakkjournalisten Maurice Ashley. «Nei, eg spela for siger. For om ein spelar for remis mot Carlsen, så taper ein; og om ein spelar for siger, vert det kanskje remis.»
Ein kald fisk
I runde 6 med kvit mot amerikanaren Hikaru Nakamura kunne ein sjå klasseskilnaden på spelarane i andletet deira. Carlsen var konsentrert og morsk; Nakamura var ukonsentrert og distré. Carlsen nytta mykje tid, Nakamura spela snøgt. Carlsen rekna variantar på variantar, Nakamura tenkte mest at han snart skulle få ein ny remis. I det 21. trekket kom reknefeilen frå amerikanaren. Carlsen heldt hovudet kaldt og vann eit perfekt parti.
Verdsmeisteren vår er ein kald fisk. Det er umogleg ikkje å lika sjakktrekka hans.
Atle Grønn
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

«Dette er ikkje Carlsen, han spelar jo utan hovud som ein Tal eller ein Kasparov!»
Garri Kasparov
Fleire artiklar
Morten Søberg er direktør for samfunnskontakt i SpareBank 1 og har skrive fleire essaysamlingar om økonomi, politikk og skriftkultur.
Foto: Spartacus
Fall og vekst i Sør-Atlanteren
Morten Søberg er best når han ser vidare enn pengestellet.
I heimen sin på Norneshaugane ved Sogndal har Idar Mo forfatta eit hundretal innlegg om norsk samferdslepolitikk, dei fleste om uforstanden i satsinga på jernbanen.
Foto: Per Anders Todal
Talknusaren og den store avsporinga
For Idar Mo i Sogndal er ikkje buss for tog noko å sukke over. Det er framtida.
Tanya Nedasjkivska i Butsja i Ukraina sørger over ektemannen, som var mellom dei mange myrda sivilistane som russiske invasjonsstyrkar på retrett lèt etter seg langs gatene i 2022.
Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB
«Utan den militære støtta ville Ukraina i dag vore okkupert av Russland.»
Kart: Anders Skoglund, Norsk Polarinstitutt
Arvingane til Amundsen
Om lag 200 menneske vitjar Sørpolen kvart år. Denne sesongen sette fire nordmenn av garde på ski. Ikkje alle kom fram.
Hübner (t.v.) mot verdsmeister Karpov i 1979.
Foto: Rob Croes / Anefo
Doktor utan fjas
Den mest akademiske sjakkspelaren i historia døydde sundag 5. januar, 76 år gamal.