I Carlsens torturkammer
Etter fire tamme remisar og total idéturke gjekk Carlsen på eit stygt tap. Verdsmeisteren svarte med å invitera ungdomen inn i sluttspelets torturkammer.
I runde 8 var det endeleg tid for det store oppgjeret mot ungarske Richárd Rapport (25), mannen som før duellen var i leiinga heile 3,5 poeng føre Carlsen.
Foto: Lennart Ootes / Norway Chess
Norway Chess
Stavanger
7.–18. september 2021.
6 spelarar (alle mot alle med kvit og svart). 3 poeng for siger i klassisk sjakk; 1,5 for siger
(1 poeng for tap) i armageddon.
Stillinga etter åtte av ti rundar:
1. Rapport 15,5 poeng
2. Carlsen 15
3. Firouzja 12
4. Nepomnjasjtsjij 9,5
5. Karjakin 8,5
6. Tari 6

Norway Chess er ei merkevare i sjakkverda. Superturneringa er bygd opp rundt gullkalven Magnus Carlsen, men reisa har ikkje vore heilt enkel for arrangørane og verdsmeisteren. Dei to fyrste utgåvene vann russaren Sergej Karjakin i 2013 og 2014. Carlsen tok den fyrste turneringssigeren her i 2016, men har etter kvart funne seg til rette på heimebane og vann både i 2019 og 2020.
Årets format er, som eg ser det, optimalt: to nordmenn, to russiske VM-utfordrarar og to unge kreative kunstnarar. Underhaldninga er berga av di eit keisamt klassisk remisparti med dei nye spesialreglane i Stavanger tvingar spelarane ut i såkalla «armageddon», eit snøggsjakkparti der kvit må vinna, og svart «vinn» med remis.
Kreativ turke
Og det var nett keisamt spel Carlsen serverte dei fire fyrste rundane. Fire remisar nesten utan eit einaste kreativt trekk. Det er som når verdas beste forfattar får skrivesperre. Carlsen har hatt eit par slike periodar tidlegare: VM-kampen mot Karjakin i 2016 var ikkje god (jamvel om nordmannen vann omspelet), og spelet månadene før VM-kampen mot Caruana, hausten 2018, var blodfattig. Men den kreative turken i 2018 gav han eit spark bak. Carlsen vann omspelet mot Caruana og var strålande i 2019.
Løysinga sist gong, i 2018, var intense studium i analyselaboratoriet med den unge, nyskapande russaren Daniil Dubov (f. 1996) og inspirasjon frå kunstig intelligens gjennom Google-satsinga Alpha Zero. Kva skal Carlsen finna på i år? Eg er ikkje trygg på at nivået hans den fyrste veka i Stavanger vil vera godt nok i VM-kampen som byrjar i slutten av november mot Jan Nepomnjasjtsjij.
Rett skal vera rett: Carlsen held ein høg standard også når han ikkje er i form. Han vann alle dei fire armageddon-partia i runde 1–4. På resultatlista gav det sigrar 1,5–1. Særleg med kvit mot Nepomnjasjtsjij var det viktig å setja skapet på plass etter ein anemisk remis i det klassiske partiet.
Carlsen mot russarane
Spelet i Norway Chess tyder på at Carlsen ikkje kan ta lett på dei jamgamle russarane frå 1990-årgangen. Nepomnjasjtsjij synest å vera betre førebudd i opninga enn verdsmeisteren, to og ein halv månad før fyrste trekk i Dubai. Og Karjakin er heller ikkje ufarleg. Då Carlsen endeleg fekk opp ei ubalansert og spanande stilling i runde 5, som svart mot Karjakin, miste han kontrollen, vart for grådig og tapte eit komplisert midtspel. Karjakin, «Nepo» og det sterke russiske trenarteamet kunne smila. «Nepo», på si side, slo Carlsens overmann, Karjakin, i runde 3.
Etter tapet mot Karjakin, slo Carlsen ut med handa, ignorerte norske TV-kamera og pilte opp på hotellrommet. Den dårlege taparen, som er elska og hata, er attende, om nokon skulle vera i tvil. Dette er ein viktig del av treningsopplegget før VM: Verdsmeisteren, trass sine 30 år på baken, må ikkje læra seg å tola å tapa. Ein slik visdom er oppskrifta på å mista VM-tittelen.
Hardt arbeid
Carlsen kom ned frå hotellrommet til runde 6 dagen etter. Han var rådlaus, utan nye idear. Det einaste han kunne gjera, var å setja seg ved brettet og utføra eit ærleg arbeid i fire–fem timar. Det var såleis han vann mange av partia sine då han var i byrjinga av tjueåra og hadde mykje energi. No skulle han sjølv freista slita ut langt yngre spelarar.
Fyrstemann inn i Carlsens torturkammer var fransk-iranske Alireza Firouzja (18), det største talentet i sjakkverda i dag.
Carlsen–Firouzja
Stillinga ser lik ut, det er nesten ikkje brikker attende på brettet, men den svarte bonden på a6 er veik. Tenåringen gjorde til slutt éin liten feil – og det var nok. Carlsen vann.
I runde 7 gjentok historia seg mot Aryan Tari (22). Klubbkameraten frå Offerspill miste til slutt hovudet i eit likt sluttspel. Carlsen vann på ny. (Dagen etter vann Tari mot Nepomnjasjtsjij, så den unge nordmannen er ikkje lenger nokon kasteball i dette selskapet).
Så i runde 8 var det endeleg tid for det store oppgjeret mot ungarske Richárd Rapport (25), mannen som før duellen var i leiinga heile 3,5 poeng føre Carlsen (sjå «Frå sjakkverda» denne veka). Carlsen hadde ikkje noko val. Han måtte senda Rapport inn i sluttspelets torturkammer.
Carlsen–Rapport
Verdsmeisteren slår ut springaren med lauparen og vinn deretter den svarte a-bonden. Den kvite a-bonden avgjer partiet. Carlsen tok den tredje sigeren på rad.
Men turneringa er ikkje over. Den siste prestisjeduellen før VM-kampen i Dubai i november kjem i dag, fredag kl. 17, på norsk jord når verdsmeister Magnus Carlsen møter VM-utfordrar Jan Nepomnjasjtsjij i siste runde i Stavanger.
Atle Grønn
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Den dårlege taparen, som er elska og hata, er attende.
Fleire artiklar
Dyrlegen kjem
Joachim Cooder er kjend som perkusjonist frå fleire utgivingar saman med opphavet, Ry Cooder.
Foto: Amanda Charchian
Motellet til drøymaren
Joachim Cooder opnar dørene til sju musikalske rom.
Det kjæraste eg har? Min ser ikkje slik ut, men eg er ganske glad i han, ja.
Foto via Wikimedia Commons
Smørbutten min får du nok aldri
Ei flygande badstove skal få ny heim, sit det nokon inni alt?
Foto: Maren Bø
Badstovene tek av
Det er interessant korleis badstove inne kan vere så ut, mens badstove ute er så in.
Morgonfrisk fersking
«Ein kan kjenna seg frisk og sterk, vera åndsfrisk eller endåtil frisk som ein fisk, friskna til, verta frisk att frå sjukdomen og heilt friskmeld.»