Fyr og flamme
Figur 1. Sauda smelteverk med den blå flamma heilt til høgre. Kveikt for forfattarskapen til Kjartan Fløgstad.
Foto: Per Thorvaldsen
Ut av skodda og inn i eventyret. Eg stoppar farkosten for klassereisa mi på kanten av stupet. Stålkarosseriet på bilen er gjort seigt og slitesterkt med 1 prosent tilsetjing av ferromangan. «Eg ser.» Eit malmskip lasta med brunstein frå Gabon sig innover fjorden mot den blå flamma som er målet for pilegrimsferda mi. Kvar er røyken vorten av?
«Sauda?» Kona mi ser vantru på meg. Framfor oss ligg romanen, Fyr og flamme av Kjartan Fløgstad. «Sosialrealisme har skrive ned det som var gangbart, sjeldan det som gjekk for seg. Som dinosaurar i feil geologisk tidsalder har forfattarar med ganske andre personlege erfaringar valsa rundt i førestillingane sine.» Det er på tide å finna ut kva som eigentleg går føre seg der inst i fjordarmen.
Dei siste kilometrane køyrer me med andakt til tonane av Big Countrys «Steeltown» – «We set the flame and it burned so blue, a sea of palms in an ocean of snow, hands with the courage to start anew.»
På venstresida ser me alpinanlegg, lafta hytter, golfbane og funkisbustader med seglbåtar nedanfor. Til høgre industrien og røyrgata, figur 1, som strekkjer seg mot himmelen og den fornybare vasskrafta. Frå produksjon til rekreasjon. Med vårt forbruk og kinesisk statskapitalisme er ferromanganproduksjonen i Sauda sikra. Skal ein forstå kva som har skjedd, må Marx kastast på den historiske slagghaugen og erstattast med Veblens iaugefallande analysar av forbruk og fritid.
«Dei rike har alltid vore framande.» Mogleg det, Fløgstad, men me vert godt mottekne på Sauda Fjordhotell. Med Merete Tangstads «Production of Manganese Ferroalloys» og utskrifter frå Google University som sengelektyre vert framstøyten mot Eramet planlagd.
Det er to 40 MW smelteomnar i drift i Sauda med eit straumforbruk tilsvarande 40.000 husstandar. I omnane blandar ein brunstein, som inneheld mangan, med koks og slaggdannarar. I brunstein er mangan bunde til oksygen, som vert fjerna med energikrevjande kjemiske reduksjonsprosessar. Det gjer dei ved å varma opp blandinga til 1450 grader Celsius. Då vert oksygenet frigjort og bind seg til karbonet frå koksen og gjev gassane CO og CO2. Metallet ferromangan søkk til botnen og vert tappa ut med jamne mellomrom.
Sidan metallet mangan har god elektrisk leiingsevne, kan dei varma opp blandinga i smelteomnen ved å senda straum gjennom henne. Koksen oppfører seg som motstandsmateriale. Prosessen skjer ved at dei senkar tre sjølvmatande Søderberg-elektrodar ned i omnen. Å bruka straum er den mest rekningssvarande måten å framstilla ferromangan på, og land med billig fornybar vasskraft har eit fortrinn.
Prosessanlegget til Eramet i Sauda har to ulike sluttprodukt: ferromangan med høgt og med lågt karboninnhald. Desse to produkta gjev stål ulike eigenskapar. Ferromangan med lågt karboninnhald, framstilt ved å blåsa oksygen gjennom det flytande metallet, gjev best pris.
D-dag. Like grå som dagen før. Eg spring over brua mot lossekaien og knipsar bilete som ein kinesisk turist. I ærefrykt vandrar eg rundt verket. Haugar med brunstein og slagg omkransar den raude, skitne bygningen med den evige elden. Eg finn kona mi saman med ingeniør William Henry Sneath i parken øvst i Åbøbyen.
Frå sokkelen reist av vener ser han på livsverket sitt, smelteverket og byen bygd opp etter amerikansk mønster. Avstanden frå smelteverket var det metriske målet for klasseskiljet og sannsynet for å få lungebrann på grunn av røyken. Med eit moderne reinseanlegg er forureininga no nærast gått i gløymeboka, og sjølv Bellona hyllar Eramet.
Kva så med effektiviteten og produktiviteten? Produksjonen er meir enn dobla sidan 1960-åra. Samtidig er talet på eigne tilsette redusert frå 1326 i toppåret 1965 til 170 i 2021. Kvar einaste tidsstudiemann ville ha gråte av glede, mens ein samfunnsgeograf nok ville vore noko uroa.
Sjølv i Noreg, der elektrisk kraft er billig, prøver ein å redusera energiforbruket. Av ei samla energimengd på ca. 1,5 TWh (over 1 prosent av Noregs kraftproduksjon) av om lag like delar straum og koks går nær helvta til spille. Rett nok vert Sauda fôra med vassboren varme, men meir energi kan gjenvinnast ved å temja den blå flamma til elektrisitet.
Det er no installert eit energigjenvinningsanlegg som vil bruka om lag 20 prosent av omnsgassen som i dag vert fakla. Om dette pilotanlegget gir god nytte, er planen å utvida kapasiteten fram mot ei fullskalaløysing. Det er mykje å ta fatt i for ingeniørane i framtida.
Me vandrar hand i hand nedover dette Ullevål hageby i miniatyr, forbi staselege Sauda Klubb, der ingeniørar møttest, monumentale Fløgstad skule, oppvarma idrettsanlegg og industriarbeidarmuseet og fram mot porten.
Utanfor resepsjonen står neste generasjons lærlingar på springbrettet til karrieren. Noko malplassert mellom dei lyttar eg til dei formanande orda frå driftsleiaren. «Kven er du?» Ein ingeniør snur seg mot meg. «Ein tilfeldig turist frå Høgskulen på Vestlandet som ynskjer å læra alt om prosessen.» «Kom inn i varmen.»
Innanfor får me ein grundig gjennomgang av prosessanlegget som er vist i figur 2, ser ein flott video, og til slutt kjem klumpane på bordet. Brunsteinen full av mangan, koks rik på karbon, det lette slagget og sist, men ikkje minst, to vakre og fargerike eksemplar av sluttproduktet ferromangan, figur 3. «Berre ta dei. Forresten, kor lenge har du tenkt å vera i Sauda?» Eg skal til å svara resten av livet, men klarer å skjula den intense gleda av å ha kome innanfor med kommentaren: «Me reiser no, men kjem tilbake kva tid som helst.»
Bilen klatrar oppover frå Sauda. Her er knutepunktet for straumforsyninga i Sørvest-Noreg som sikrar ljos og varme til smelteverket og frosne sjeler. Frua les Fløgstad høgt. «Ein forfattar (...) prøver verda ved å ta ho i munnen og smaka på ho og spytta noko av ho ut att som ord.» Eg lyfter ferromanganklumpen mot munnen.
Per Thorvaldsen
per.eilif.thorvaldsen@hvl.no
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB
–FN-soldatane er det internasjonale samfunnets gissel mellom Israel og Hizbollah, seier Robert Mood.
Teikning: May Linn Clement
«Vladimir Putin har grunn til å vera nøgd med stoda i krigen i Ukraina.»
Reisande på Gardermoen i juni i år. Oslo lufthamn er i særklasse den mest lønsame flyplassen Avinor driv. Dei aller fleste norske flyplassane går med underskot.
Foto: Javad Parsa / NTB
Avinor-krisa tok ikkje slutt da pandemitiltaka gjorde det. Kan det vere styringsmodellen det er noko gale med?
Amerikanske grensevaktar om bord i eit hydroplanfartøy med vasspropell på Rio Grande. I vasskanten: våte klede som migrantar har late att. Bak: konteinarmuren.
Alle foto: Håvard Rem
Ei grensevakt fortel
EAGLE PASS: Der kvite vert færre, vert Republikanarane sterkare, her
i Texas som i Florida. Er dette «å mista Groruddalen» på amerikansk?
Brosundet i jugendbyen Ålesund.
Foto: Halvard Alvik / NTB
Opprør utan variasjon og dekor
«Opprørarane sveisar fast at berre den typen arkitektur opprørarane sjølve godtek, er kultur.»