Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Feature

Turistutbrot på Island

ISLAND: Det er som lavaen frå ein vulkan. Turistane fløymer innover og utover det vesle landet i hopetal heile året, men somme fryktar kaos og at den kolossale straumen brått skal ta slutt.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Florence Luong (t.v) og Isabelle Levesque frå Montreal i Canada satsa på billeg flyreise, to veker i campingbil og ei god varm kjelde den dagen det byrja regna.

10988
20170616
10988
20170616

ISLAND

ottar@dagogtid.no

I mannsaldrar har fisken vore viktigast på Island, men no har turistnæringa vorte større enn fiskeriet. Islandske bankar reknar med at i 2017 kjem turistnæringa til å stå for større inntekter enn fiskeria og aluminiumsindustrien til saman. I fjor var det nytt rekordår med ein vekst i talet på turistar som kom til Keflavik International Airport, på nesten 40 prosent.

I 2010 kom nesten 460.000 turistar til landet, men talet auka til nesten 1,3 millionar i 2015 og nesten 1,8 millionar i 2016. Det vert rekna med 2,3 millionar dette året, og neste år kan det verta endå fleire. Med om lag 325.000 innbyggjarar kjem Island i år til å ta mot i mot sju gonger så mange turistar som folketalet på øya. Og det set sitt preg på landet.

AMERIKANSK INVASJON

Utlendingane dominerer totalt i Laugargata, som er den lange hovudgata som strekkjer seg gjennom Reykjavik. Du høyrer amerikanarar overalt, men dei er slett ikkje åleine. Det kryr av engelskmenn, franskmenn, tyskarar, kanadiarar, kinesarar, svenskar, danskar og nordmenn. Du må lytta lenge før du høyrer at det islandske språket trengjer gjennom i folkevrimmelen. Både i denne gata og i nabogatene er det fullt av restaurantar og kafear, både store og små. Somme har fullt hus heile tida om sommaren, andre strevar. Mange stader er det høg musikk og kule menneske. Veggene på fleire av husa i hovudgata er pynta med iaugefallande veggmåleri, og stikk du innom Café Paris like ved Alltinget, er det minst like mondent som i den franske hovudstaden. Det er ikkje langt mellom turistkontora og turistbutikkane i Reykjavik, og gjennom sidegatene strøymer minibussar og bussar som har i oppgåve å frakta turistane ut til dei populære attraksjonane utanfor byen – til den fantastiske naturen, til «det ekstreme» og «eventyra» med dei kalde snøbreane, dei sovande vulkanane, dei varme bada, dei mangearta musea, dei svarte strendene, til dei bølgjande fjordane og kvalsafari både på traktor og båt og mykje meir.

STARTSKOTET

Det var i 2008 at finanskrisa og krakket råka Island med full tyngd. Brått vart høge prisar låge prisar for turistane, og det førte til vekst i turistnæringa. Så kom utbrotet frå vulkanen Eyjafjällajökull i 2010, og dramatiske bilete frå Island hamna på fjernsynsskjermane over store deler av verda. Oskeskyene stogga store deler av flytrafikken i Nord-Europa, og mange oppdaga den vesle øya på vel hundre tusen kvadratkilometer. Den gongen kom det ikkje så mange turistar til Island, men vulkanutbrotet var med på å skapa den store turiststraumen til Island.

Mange islendingar fann det best å forlata landet etter finanskrisa, men det var i alle fall éin som valde å reisa heim. Skúli Mogensen selde forretningane innan teknologi og telekommunikasjon i Canada, og sat att med fleire hundre millionar kroner. Han registrerte at det gjekk dårleg med familie og vener i heimlandet etter krakket, og trass i alle odds valde han å satsa på bank og reiseliv. I 2011 starta han flyselskapet Wow air, som satsar på lågprisreiser mellom Island og USA, Canada og Europa. Det førte til rask vekst, og passasjertalet skaut raskt i vêret. I 2016 var det 1,6 millionar, men Mogensen trur at det kan stiga vidare til 3 millionar. Det merkar ein ved dei populære turistattraksjonane og på flyplassen i Keflavik.

Ein morgon i siste delen av mai registrerer me at seks av flya skal til USA dei neste par timane. Wow-rutetabellen fortel at det går fly både til San Francisco, Los Angeles, Chicago, Pittsburgh, Miami, Washington, D.C., New York og Boston. Pluss Montreal og Toronto i Canada.

FRÅ CANADA TIL ØYDEMARKA

På Stykkishólmur på vestkysten får me tips om kva som er verdt å sjå på halvøya Snæfellsnes. Me merkjer oss dei varme kjeldene ute i det golde landskapet, og svingar av frå den asfalterte hovudvegen og humpar oss innover ein grusveg som er full av holer. Her er det ikkje mange turistar. Me møter berre éin bil, men på ein parkeringsplass står ein av dei enkle campingbilane. Vegen vert smalare, men me køyrer til endes i dette aude landskapet. Ikkje så langt unna ligg ei lita tjørn. Det er overskya, og det har regna lett, men nett no er det opphald. Me kjenner på vatnet, men det er kaldt. Me høyrer snakk lenger borte og hoppar over på steinar der tjørna er smalast. Bak ei steinrøys dukkar to smilande jenter opp i ei lita, varm kjelde. Dei er frå Montreal i Canada og køyrer rundt i den vesle campingbilen me såg på parkeringsplassen. Jentene fortel at grunnen til at dei har søkt så langt ut i øydemarka, er at dei ville ut av storbyen, og at landskapet, naturen og fossane lokka dei til Island. Flyturen frå Montreal tek berre om lag fire timar. Dessutan har dei fått gode råd frå vener om dra til Island. Jentene har vore på sagaøya i tolv dagar, og så langt har opphaldet vore betre enn venta. Dei satsa på ein tur på to veker, og dei har reist gjennom store deler av landet. Vêret har vore betre enn venta, og dette er den første dagen med regn. Det bles litt, og me kjenner ikkje svovellukta frå den varme kjelda, men det gjer jentene.

Dei legg ikkje skjul på at det også er ein annan viktig grunn til at dei fatta interesse for Island, og det er den populære fjernsynsserien Game of Thrones, med scener som er innspelte her. Men det er ikkje berre Game of Thrones som er innspelt på Island. Islendingane har i fleire år greidd å lokka store filminnspelingar til landet, og desse filmane lokkar turistar.

Dei to canadiske jentene reiser sjølvsagt med Wow air, og éin grunn til å velja Island, er prisen på flyreisa. På flyplassen i Keflavik reklamerer det islandske lågprisselskapet med at det fraktar deg over Atlanteren for 90 dollar, og det er noko mange har råd til.

I tillegg flyg Wow turistar frå meir enn tjue storbyar i Europa. I tillegg fraktar Icelandair mange turistar til landet. Difor kjem straumen av turistar til Island til å auka kraftig i sommar. Men det er ikkje sikkert turistane og islendingane kjem til å tena på det på sikt.

KAN VERTA KAOS

Me var der i slutten av mai, og det var relativt lett å finna overnatting, men slik vert det neppe utover sommaren.

Denne sommaren vil 26 flyselskap ha turar til Island, og blant desse er det fleire som legg til rette for reiser frå dei store marknadene i Asia, går det fram av «OK, nå holder det vel med turister?» (Forskning.no, 20.4 2017), som professor Gudrun Helgadottir ved Høgskolen i Sørøst-Norge har skrive saman med professor Edward H. Huijbens ved Universitetet i Akureyri. På Island finst det fleire som fryktar at den veksande turiststraumen skal skapa kaos.

Me freistar å ta temperaturen, og reiser ut til Tingvellir, den gamle tingstaden, og vidare til turistattraksjonen Gullfoss. Det er stor biltrafikk ut frå Reykjavik denne søndagsmorgonen, og parkeringsplassane ved Tingvellir vert raskt fylte. Det kjem om lag ein million turistar hit årleg, men på ein dag som denne er det ikkje meir enn mellom 2000 og 3000, får me opplyst. Framleis er det utanom den hektiske sesongen, og parkeringsvakta klør seg i hovudet når me spør korleis det skal enda utover sommaren. Talet på leigebilar i Reykjavik er stort, og det kan fort verta naudsynt å be bilistane å snu eller køyra vidare.

I same stroket ligg Geysir – den vidgjetne, men han sprutar ikkje kvart år. I staden må turistane ty til Strokkur, som slett ikkje er like imponerande, men som sprutar for turistane om lag kvart femte minutt. Då står dei fleste klar – tagale og konsentrerte – med fingeren på avtrekkjaren på mobiltelefon og kamera, men i mai er det knapt nok hundre som trykkjer ned knappen samstundes når Strokkur sprutar. Det kjem til å verta langt fleire når den store ferietida tek til.

For denne sommaren er det venta 155 cruiseskip til Reykjavik, mot 113 i fjor. Det er venta at skipa fraktar 129.000 turistar til Island, mot 99.000 i 2016. Det verkar kanskje ikkje å vera så mykje, men når det i tillegg kjem eit par millionar flyturistar, kan det koma til å merkast. Enno har ikkje Reykjavik avvist eit cruiseskip, men målet er å avgrensa talet på passasjerar frå cruiseskipa til 5000–6000 per dag for å sikra at infrastrukturen skal kunna takla pågangen.

Stadig fleire hevdar at den aukande turismen kan verta ei belastning både for infrastrukturen og naturen. Turismeministeren har uttalt at det ikkje er noko mål å auka talet på turistar, og til og med turistindustrien snakkar om ei innstramming.

Islandske medium har gått så langt som å hevda at Island er «utseld», og at nedtramping av ein skjør natur og prisstigning kan føra til ein kollaps i turistindustrien. Etter finanskrisa i 2008 fall dei islandske prisane over natta, men sidan har dei stige jamt og trutt, og no er Island ikkje noko billeg ferieland.

I framtida kan dessutan frilufts- og naturinteresserte som har kome til Island for å vandra i fjellet og nyta naturen i fred og ro, koma til å søkja andre destinasjonar, utan at det treng å gå ut over talet på turistar, påpeikar professorane Helgadottir og Huijbens.

AVHENGIG AV TURISMEN

Ei undersøking av land som er avhengige av turismen og reiseindustrien, syner at Island kjem på femteplass i verda. Berre Malta, Kroatia, Thailand og Jamaica er meir avhengige av turistane og turistindustrien.

Men turismen er ikkje berre positiv for alle islendingane. Fleire har forstått at dei kan tena pengar på turistane, og dei leigar ut husvære gjennom Airbnb. Dette har medverka til at bustadprisane har auka kraftig i Reykjavik. Eit dansk fjernsynsprogram fortalde i vår om ei dansk, ufør kvinne som måtte flytta ut av husværet sitt av di husleiga steig med 50 prosent. I påvente av sosialbustad måtte ho ta til takke med ei campingvogn på ein trist campingplass i utkanten av Reykjavik. I den islandske hovudstaden får me høyra liknande historier, om unge som ikkje har råd til å verken leiga eller kjøpa husvære i sentrum av byen. I fjor auka bustadprisane med 15 prosent på Island.

Og når prisane på både husvære og hotell stig, får det følgjer. Til dømes hadde Katla DMI travel 1100 bestilte turar denne våren, til ein verdi av 300–400 millionar islandske kroner, med 7500 overnattingar og organiserte turar. Alle turane vart kansellerte. Eit anna reisebyrå i Spania har uttalt at Island ikkje lenger kan konkurrera som eit billeg reisemål. Og IceNews har meldt at eit norsk reisebyrå kom med 1500 kanselleringar i mars.

Den islandske økonomiprofessoren Thorolfur Mattiasson har åtvara om at Island kan verta så dyrt at turismen forsvinn. No er den islandske krona svært sterk, men valutaen kan byrja å falla i verdi. Og då kan ein få problem med å betala avdrag på lån, og selskap som satsar på turismen, kan gå konkurs og dra andre med seg.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Talet på turistar som kom til Keflavik på Island, var 1,3 millionar i 2015. Det er venta 2,3 millionar i år.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Lærarløftet: Solberg-regjeringa gjorde lærarutdanninga lengre og meir akademisk. Her vitjar dåverande kunnskapsminister Tørbjørn Røe Isaksen Berg skule i Oslo i 2017.

Foto: Heiko Junge / NTB

UtdanningSamfunn

Då læraren vart akademikar

Lengre utdanning med mastergrad skulle gjere lærarane betre. Lærarstudentane er i tvil om nytta.

Sigurd Arnekleiv Bækkelund

Utstillinga opnar med eit enormt fotografi av kunstnaren i sine glansdagar.

Foto: Øystein Thorvaldsen / Henie Onstad Kunstsenter

KunstMeldingar
Eva Furseth

Side om side med Munch

Utstillinga Mot det moderne løftar fram Christian Skredsvig internasjonalt og viser at han sette merke på samtida si. Kunsten hans er langt frå smålåten.

MusikkMeldingar
Rasmus Hungnes

Bra harepus

«Kongen av latin-trap» blandar puertoricansk musikk­tradisjon med moderne popproduksjon.

Hovudaktørane bak Oslo-avtalen, då han blei signert i Parkveien 45 i Oslo. I midten sit tidlegare utanriksminister Johan Jørgen Holst og rett bak seg har han Israels dåverande utanriksminister Shimon Peres. Holst er flankert av den israelske forhandlingsleiaren Uri Savir (til høgre) og den palestinske motparten hans Abu Ala. Bak Peres står dei tre norske diplomatane som var mest aktive i dei hemmelege forhandlingane i Noreg i 1993: statssekretær Jan Egeland, Mona Juul og Terje Rød-Larsen.

Foto: Overvakingspolitiet / NTB

PolitikkSamfunn
Vidar Ystad

UD-dokument finst i israelske arkiv

Professor Hilde Henriksen Waage har i årevis jakta på dokument frå Oslo-prosessen som manglar i arkivet til Utanriksdepartementet. Nå har ho funne nokre av dei i israelske arkiv.

Kart: Anders Skoglund, Norsk Polarinstitutt

Feature

Arvingane til Amundsen

Om lag 200 menneske vitjar Sørpolen kvart år. Denne sesongen sette fire nordmenn av garde på ski. Ikkje alle kom fram.

Hallgeir Opedal

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis