Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Feature

Ver helsa, Symreson!

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Gode Symra med den nyfødde kalven tidleg om morgonen 13. juni.

Alle foto: Hilde Selheim

3079
20200619

Dag og Tid-stølen

Dag og Tid driv støl på Voss kvar sommar.

På stølen er det to kyr, kalvar, fire geiter og to grisungar.

Vi ystar og ryddar kulturlandskapet.

For ei glede! Etter at Dag og Tid-kua Ameline, som utgjer halve Dag og Tid-buskapen av kyr, nyleg fekk ein daudfødd kalv, har uroa lege i bakhovudet. Kan det gå gale på nytt?

Tidleg laurdag morgon 13. juni kom ikkje Symra inn att i fjøset på Selheim saman med mjølkekyrne. Då gjekk Hilde og Lars raskt ut for å sjå etter henne. Og ytst på beitet fann dei henne saman med ein nyfødd kalv. To år etter at Symra vart fødd på nesten same staden – av Ameline – fekk ho altså sjølv sin fyrste kalv. Alt står no bra til med både ku og kalv.

Spesiell ku

For eit under! For Symra heldt på å døy som liten på Dag og Tid-stølen i 2018. Magen svulma brått opp av det som synte seg å vera gassproduserande bakteriar i løypemagen. Men ho vart berga i tolvte time av Hilde og Lars, som kom opp på stølen og fekk i henne reinsa parafin og antibiotika gjennom ein slange ned i halsen og i magen. Det tok knekken på bakteriane.

Sidan den tid har vi hatt eit spesielt tilhøve til den vakre og rolege kua. Måtte ho leva lenge! Ho er no godt i gang med mjølkinga. Symra er mjølkeku, så kalven får ikkje gå og suga mora, men må halda seg med dei andre småkalvane.

Faren til kalven er Kjell Arne, ein svart fjordfeokse, opphavleg frå buskapen til Arne Bekkevold i Vadheim i Sogn. Oksen vart slakta i vinter. No er det Kjell Bjarne II, som gjekk som kalv på Dag og Tid-stølen i fjor sommar, som skal overta avlsarbeidet på garden.

Symra-kalven er brun med ei kvit stripe over ryggen. Det same som Symra hadde då ho var kalv. Hovudet øvst mellom øyra og halvparten ned mot nasen er òg kvitt, likeins halen og bakbeina.

Symreson

Og namnet? Førre oksekalv vi fekk, kalla vi Blix, sidan det var eit slags Elias Blix-år i fjor. Ein eller annan gong må vi kalla ein oksekalv opp etter Sivle. Men det er ikkje noko Sivle-jubileum i år, så vi får venta litt. Hadde han vore eit føl, kunne vi ha kalla han «Foleson» etter merkesmannen til Olav Haraldsson, Tord Foleson, som fall i slaget ved Stiklestad og er gjord udøydeleg av Per Sivle som skreiv det kraftfulle diktet om merkesmannen med den kjende strofa «Og det er det stora, og det er det glupa, at Merket det stend om Mannen han stupa». Det er i år 990 år sidan slaget ved Stiklestad og såleis eit lite jubileum. Så det hadde høvd med ei oppattkalling. Men det går altså ikkje.

Vi fall ned på Symreson, etter tips frå Terje Aarset i Ørsta som kan det meste om både Aasen og hans Symra, den viktigaste nynorske diktsamlinga gjennom tidene, med slagerar som «Nordmannen» («Millom Bakkar og Berg»), «Dei gamle Fjelli», «Sumarkvelden» og «Gamle Grendi».

Symreson vert med buføringa til stølen. Vestlandsk fjordfelag har årsmøte på Voss denne sommaren, og rykta seier at dei kjem innom Dag og Tid-stølen på inspeksjon. Då vert det allsong, rjomegraut og mønstring av Symra og Symreson.

Svein Gjerdåker

Svein Gjerdåker er stølsdreng og ansvarleg redaktør i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eit militærkøyretøy passerer Pokvrosk- skiltet under eit russisk åtak på byen, nær frontlina i Donetsk 19. desember 2024.

Foto: Alina Smutko / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Himmel på jord

Også ukrainarane har feira jul og nyttår, med songar, pynt og god mat. Men det nye året byr på nye vanskar.

Andrej Kurkov

 Kate Moss på sofaen til Bella Freud på YouTube.

Skjermdump

Feature

Klede

På YouTube-kanalen Fashion Neurosis ligg kulturfolk på divanen til Bella Freud og snakkar ut om klede. 

Ida Lødemel Tvedt

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis