– Misforstått integreringspolitikk
Sarah Gaulin meiner offentlege instansar har berøringsangst i møte med negativ sosial kontroll.
Foto: Ingar Sørensen
Les også
Tove Bruusgaard, fungerande direktør i Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir), i Dagsnytt 18 torsdag 25. januar.
Foto: NRK
Ei stram lukt av berøringsangst
Samtalen
Sarah Gaulin
dagleg leiar i LIM (Likestilling, inkludering, mangfold)
Aktuell
Kritiserer offentleg mangfaldspolitikk

pernille@dagogtid.no
– I ein kronikk i Nettavisen 25. januar peiker du på problem når det offentlege skal hjelpe fleirkulturelle barn ut av familiære kontrollregime. Du skriv til dømes at det er urovekkjande kor lite barnevernet gjorde for ei jente som vart utsett for grov omsorgssvikt, at kulturen og trua til familien gjekk føre rettane hennar. Det er ein sterk påstand?
– Eg har alt fått reaksjonar på utspelet, som venta. Eg ønskte å kaste lys over ei anna side ved temaet æresrelatert sosial kontroll. Nemleg nokre konkrete utslag av ein misforstått integreringspolitikk som i verste fall forverrar situasjonen for dei det gjeld.
– Misforstått integreringspolitikk, kvifor det og korleis?
– Ja. Eg ser ein klar tendens til at det offentlege, til dømes barnevernet, Nav og helsevesenet, er så redde for å krenkje innvandrarar at dei ikkje evnar å gje den hjelpa som desse barna treng, og som dei har krav på etter lova. Til dømes ei sak der ein gut var i ferd med å verte tvangsgifta. Han gjekk til Nav-tiltaket Ungbo, som hjelper unge med å få eigen bustad, for å kome seg vekk frå familien. Der fekk han til svar at han måtte løyse usemja med familien. Dette var under pandemien, og mange andre tiltak var stengde. Guten vart overlaten til seg sjølv og kontrollregimet til familien. Då samfunnet opna att og direktoratet fekk høyre om saka, vart guten plassert i beredskapsheim straks. Dette syner at førstelineetaten ikkje hadde nok kompetanse, noko som fekk alvorlege konsekvensar for guten.
– Politikken og arbeidet i etatane syner i nokre tilfelle ein naivitet.
Sarah Gaulin, dagleg leiar i LIM
– Dette kan jo og vere eit einskildutslag, kombinert med spesielle tilhøve under pandemien. Meiner du det er representativt for måten det offentlege arbeider på, eventuelt kvifor?
– Eg byggjer det på røynsle frå jobben min i LIM. Vi får ofte telefonar frå andre kommunar, både kring Oslo, på Vestlandet og i Trøndelag, der skuletilsette fortel at det ikkje vert oppretta sak frå barnevernet trass i at fleire instansar er uroa for barnet. Eg har sett fleire døme på det, seinast med jenta «Nora» frå Brennpunkt-dokumentaren på NRK. Der kjem det fram at barnevernet sit på dokumentasjon som gjev indikasjonar på omsorgssvikt og psykisk og fysisk mishandling, utan at barnevernet gjekk vidare med det. Det er tragisk.
– Apropos Brennpunkt: Du skriv at barnevernskonsulenten i saka, som hadde såkalla mangfaldskompetanse, tok parti med foreldra til «Nora». Du er uroa for at barnevernstilsette frå same land eller kultur som foreldra kan føre til negative resultat for barnet?
– Eg meiner ikkje at mangfaldskompetanse er noko negativt, eller at vi skal bruke mindre ressursar på det. Men mangfaldskompetanse løyser ikkje alle problem. Sjølv om ein har tilsette med slik erfaring, må ein likevel gjere dei rette vala i kvar einskild sak.
– Er det eit krav til mangfaldskonsulentane at dei har fleirkulturell bakgrunn?
– Eg kjenner ikkje til at dette er eit krav, men eg veit det blir sett på som ein føremon at dei har fleirkulturell bakgrunn. Det er ingen automatikk i det, meiner eg, og eg trur heller ikkje ein treng fleirkulturell bakgrunn for å ha mangfaldskompetanse. Det handlar om å sjå situasjonen til barnet og samtidig vere var på særeigne trekk ved kulturen og i miljøa som kan gjere at situasjonen verkar annleis enn han eigentleg er.
– I Debatten på NRK 30. januar seier Abid Raja (V) at dei små nyansane er avgjerande for å fange opp æresrelatert vald og omsorgssvikt. Er ikkje då mangfaldskompetanse naudsynt?
– Eg er redd mangfaldskompetanse skal verte redusert til symbolpolitikk om ein ikkje samtidig har eit kritisk blikk på kva kulturelle og religiøse skilnader vi skal akseptere. I situasjonar som dei eg peiker på, har barna ikkje fått hjelpa dei treng, trass i at etatane har brukt ressursar på å tilsetje folk som har mangfaldskompetanse i kraft av å vere fleirkulturelle. Mangfaldsarbeid er ikkje svart-kvitt, vi må ikkje sjå oss blinde på det.
– Du skriv at barnevernet aldri hadde teke slike omsyn overfor familien viss dei undersøkte ein etnisk norsk familie. Du ymtar om at især barnevernet handsamar ikkje-vestlege familiar annleis enn vestlege. Kva byggjer du dette på?
– Igjen så byggjer eg dette på erfaringar frå jobben min. Eg har inntrykk av at polske foreldre, til dømes, mykje oftare får umeldt besøk frå barnevernet enn det familiar frå Midtausten gjer. Eg trur det handlar om berøringsangst for ikkje-vestlege kulturar, at det offentlege er redd for å verte stempla som innvandringsfiendtleg.
– Viss ein legg til grunn at dette stemmer, kva trur du er årsaka?
– Eg trur det kan handle om fordommar, som på eit vis får omvendt utslag. Politikken og arbeidet i etatane syner i nokre tilfelle ein naivitet. «Slik er berre kulturen deira, dei veit ikkje betre.» Det er som om styresmaktene trur at nokre kulturelle skilnadar må aksepterast, sjølv om vi aldri hadde aksepterte det hjå norske familiar. Det sikrar ikkje likskap for lova, tvert om.
– Men styresmaktene er forplikta til å ta kulturelle omsyn når dei jobbar med utsette grupper. Eit døme finst i barnevernlova paragraf 1-8, som trådde i kraft i 2023. Her heiter det at barnevernet skal ta omsyn til den etniske, kulturelle, språklege og religiøse bakgrunnen til barnet.
– Det betyr sjølvsagt ikkje å tillate vald og omsorgssvikt. Det er ei klar føresetnad frå lovgjevaren at slike omsyn ikkje skal gå utover hjelpa barna har krav på, men det skjer. Og uansett er det ikkje alltid til det beste for barnet at dei kulturelle verdiane vert haldne oppe. Nokre ønskjer seg vekk frå kulturen.
– Kva meiner du må til?
– Styresmaktene har laga handlingsplanar mot negativ sosial kontroll i over 20 år. Det er som om dei trur at problemet forsvinn berre folk bur her lenge nok. Slik er det ikkje. I fleire saker eg har hatt, er foreldra andre- eller til og med tredjegenerasjons innvandrarar. Det syner at ukultur held fram over fleire generasjonar. Handlingsplanar er ikkje nok, vi treng kompetanseheving, særleg i førstelinetenestene i oppvekstsektoren, helsesektoren, politiet og barnevernet. Slik det er no, er det for stor ulikskap i etatane rundt om i landet. I tillegg er det stor utskifting blant dei tilsette i desse tenestene, fordi det er så krevjande arbeid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Utsnitt av ein illustrasjon henta frå boka «Norge fremstillet i Tegninger» av P.Chr. Asbjørnsen, utgjeven av Chr. Tønsberg (1848).
Foto: Joachim Frich
For 400 år sidan vart Kongsberg grunnlagd. I dag er byen eit levande stilmuseum.
«I dag har eg ikkje snakka med eit menneske. Eg har flytt på vasslangane, stelt meg mat, sola meg – og lese litt.»
Ensemblet til Sigurd Hole då dei spelte konsert på samtalefestivalen TronTalks ved foten av Tronfjellet.
Foto: Ragnhild Tromsno Haugland
Naturens advokat
Ensemblet realiserer ambisjonane til Hole på framifrå vis.
Foto via Wikipedia Commons
«Ørjasæter var fyrst god ven med diktarbroren sin frå Gudbrandsdalen, men så fekk han høyre ting om Aukrust som skar han 'gjenom hjarte som eit tvieggja sverd'.»
Han heitte John Guillot, men skifta namn til Johnnie Allan og blei pub-rockar.