Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Klok_Innsida

Smil etter smil

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
 John Erik Wagner (Kærlighedspartiet), som har valt å framheve andre attributtar enn smilet på valplakaten sin, som han har brukt sidan 2015, vil ha borgarløn og meir klemming.

1652
20211119
1652
20211119

Då er det over, kommunal- og regionalvalet i Danmark, og eg er nøgd, særleg med
vorspielet: Eg tok båten ned og sprang inn i København, yr. Danskane har så mange og morosame parti, for ikkje å gløyme valplakatar en masse. Det er ein annan, festlegare flat klode.

Den første eg jogga forbi, i Nyhavn, var Turid Leirvoll frå Socialistisk Folkeparti. Ved sida av henne hang overborgarmeisterkandidat Sophie Hæstorp Andersen (Socialdemokratiet) og ropte: «Mere fælles. Mere lige. Mere grøn.» Dei smilte breitt.

Theresa Scavenius og Mikkel Bahl frå Klimapartiet Momentum smilte, Anastasia von Wildenrath Løvgreen frå Nye Borgerlige smilte. Eg smilte tilbake og jogga inn i Christianshavn, der Christian Kubel Højmose (Det Demokratiske Parti), Tommi Raalind (Københavnerlisten), Sally Khallash (Radikale Venstre) og kule Line Barfod (Enhedslisten – De Rød-Grønne) hang og smilte.

Eg var i Vesterbro og Nørrebro, og dei smilte, Hannibaal Skov Al Awssi (Det Konservative Folkeparti), Dan Taki (Venstre – Danmarks Liberale Parti) og politikarar frå Frihedslisten, Grøn Omstilling, Kristendemokraterne, Kommunisterne, Dansk Folke­parti, Danmark for Alle, Copenhagen, Rolig Revolution, Veganer­partiet, Hampe­partiet, Bæredygtigt Samfunn, Feministisk Initiativ, Christi­ania-Listen, Kærligheds­partiet (Regnbuefolket / Befri Chri­sti­ania) og – glis – Alternativet.

Eg skulle gjerne vore i Tønder og Skagen, der dei har andre parti, men hadde berre fem timar i Danmark og måtte spurte tilbake til båten. Men det var greitt, for eg var dritsliten i kjakane.

Sånn sett var det OK å komme heim til Støre. Han smiler eigentleg akkurat passe lite.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eystein Hanssen då han talte på LOs representantskapsmøte i 2020, første gong Forfatterforbundet var med som eige LO-forbund.

Foto: Vidar Ruud / NTB

KommentarSamfunn

Forfatterforbundet på ranstokt

Kanskje skulle Forfatterforbundet ha noko å vise til før dei speler ut grådigskapen sin. Som ei byrjing kunne dei offentleggjere medlemslista.

Jan H. Landro

Bjørn Rasmussen vaks opp blant dyr – ikkje minst hestar. Det har forma forfattarskapet hans.

Foto: Frida Gregersen

LitteraturKultur

I fri dressur

Når vi endeleg får lese kontroversielle Bjørn Rasmussen på norsk, handlar det om ei hestejente. Men skinnet bedrar.

Marita Liabø

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis