JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kommentarar

Å blåse ei kjelde

Forholdet mellom fotballmagasinet Josimar og Norges Fotballforbund har surna. Det har ført til ein debatt av offentleg interesse.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
4326
20200619
4326
20200619

KOMMENTAR

Anonyme kjelder i pressa kan vere omkransa av ein viss mystikk. Kva for ein deep throat har ytra seg, beskytta av det heilage kjeldevernet i pressa, for å få fram ei sanning som elles ville vore skjult?

Den anonyme kjelda i «Josimar-saka», som er blitt debattert i somme aviser i vår, er på ingen måte ein deep throat som i Watergate-saka. Tvert om er kjelda ein maktperson med sparsame opplysningar og sterke eigeninteresser.

Sjokkerande lesing

Lat meg, så kort som mogleg, oppsummere. Fotballmagasinet publiserte for eit drygt år sidan ei oppsiktsvekkjande sak om norsk kvinnefotball. Vi kunne lese om korleis dåverande kommersiell direktør i Norges Fotballforbund (NFF), Erik Loe, under eit konkret møte på Ullevaal Stadion sommaren 2017, avviste Obos-sjef Daniel Kjørberg Sirajs interesse for å støtte norsk kvinnefotball med fleire millionar (Loe har sidan avvist denne versjonen).

Saka var utan tvil god – og utløyste eit like utvilsamt krav om samtidig imøtegåing frå NFF-direktøren. Her svikta Josimar første gong. Redaksjonen meinte det var nok å ringje Loe (som ikkje tok telefonen) og sidan sende han ein generell SMS om at han vart kritisert.

For lukka dører

Det som kjem, er verre. Josimar ringjer til generalsekretær i NFF, Pål Bjerketvedt for å intervjue han. NFF-sjefen ber om at spørsmåla blir sende skriftleg, og får det. Han gir så signal om at han er villig til å gje informasjon off til record på eit punkt. Josimar går med på det, og får høyre at Loe er i ferd med å bli organisert vekk frå stillinga si i NFF. Slik Josimar framstiller det, har det Obos-handteringa å gjere.

Kva skjer så, jo, Josimar trykkjer saka, og blir klaga inn til PFU – av Pål Bjerketvedt i NFF – mellom anna for kritikkverdig kjeldebruk og brot på kravet om samtidig imøtegåing i Ver varsam-plakaten.

Og no kjem det spektakulære i denne saka – Josimar-redaktør Håvard Melnæs vel å blåse ei anonym kjelde, den no ikkje så anonyme Pål Bjerketvedt i NFF. Han klagar på at Bjerketvedt rir to hestar, og trekkjer konklusjonen: «Da har han etter vårt syn ikke lenger krav på beskyttelse fra kildevernet.»

No krev Bjerketvedt at Pressas faglege utval (PFU) handsamar saka bak lukka dører. Ein sterkt provosert Josimar-redaktør vel på si side å leggje ut alle sakspapir ope på si eiga nettside.

Eple og pærer

Argumentasjonen frå Melnæs ber preg av sterk irritasjon over korleis ein organisasjon som NFF langt på veg hindrar journalistar i å stille kritiske spørsmål. Leiinga krev skriftlege spørsmål i staden for å stille opp på munnlege intervju. Dei krev at heile svar skal publiserast, sjølv om dei ikkje svarar på spørsmåla. Dei gjev anonym informasjon, men går til PFU når dei ikkje liker resultatet som kjem på trykk.

Alle disse krava er interessante å diskutere kvar for seg. Problemet for Josimar er at korkje NFFs oppførsel eller deira eigne frustrasjonar fritek dei frå å gje samtidig imøtegåing. Dei fritek dei heller ikkje frå kjeldevernet.

Det viktigaste som kan skje i lys av denne saka, er at pressefolk skjerpar seg i møte med maktpersonar. Nei, ein treng ikkje godta anonymitet. Nei, ein treng ikkje godta sperrefrist på nyhende mot lovnad om å vere den einaste avisa som får saka. Nei, ein treng ikkje godta at sitat frå ein maktperson i eit intervju vert endra fordi ei kommunikasjonsavdeling krev det. I ein hektisk kvardag er det lett å gje maktpersonar for stort spelerom.

Vi treng ein kontinuerleg debatt om forholdet mellom maktpersonar og pressa. Journalistar er kunnskapstørste folk som vil vite kva som skjer på Stortinget, i regjeringa, i store organisasjonar og i næringslivet. Men den kunnskapstørsten skal ikkje gjere at alle tilbod om informasjon blir tekne imot med opne armar.

Saka om kvinnefotball i Josimar hadde mykje godt i seg. Ho hadde vore endå betre om Ver varsam-plakaten hadde vore følgd, og dersom dei hadde droppa off record-samtalen med NFF-sjefen.

Prinsippa i Josimar-saka har offentleg interesse. Kven dei konkrete anonyme kjeldene i ei sak er, har det ikkje.

Christiane Jordheim Larsen

Christiane Jordheim Larsen er journalistvikar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Vi treng ein kontinuerleg debatt om forholdet mellom maktpersonar og pressa.

Emneknaggar

Fleire artiklar

I ei sterk scene skildrar Marc Brew korleis mor hans måtte dusje han etter ulykka, som om han var ein liten gut igjen.

Foto: Lars Opstad / CODA Oslo International Dance Festival

ReportasjeFeature

Du trur det ikkje når du ser han, at han reiser verda rundt med dansen sin. Marc Brew sit i rullestol.

Marita Liabø

Det var ein fiskar som oppdaga kvalflokken denne fredagsmorgonen, og så gjekk alarmen. Det blei bestemt at han skulle takast inn til Hvannasund. Der venta om lag hundre menneske som var varsla gjennom ei lukka gruppe på Facebook.

Alle foto: Hallgeir Opedal

ReportasjeFeature

Grinda kjem!

I dag har eg vore med på å drepe 220 grindkvalar. Ja, mogleg det var 230, eg mista teljinga.

Hallgeir Opedal

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis