JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSamfunn

«Vladimir Putin har grunn til å vera nøgd med stoda i krigen i Ukraina.»

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen

Teikning: May Linn Clement

Teikning: May Linn Clement

6624
20241018
6624
20241018

Gjennom september månad la dei russiske styrkane ein jarnring rundt byen Vuhledar i Aust-Ukraina. Den 1. oktober trengde russarane inn i sentrum av byen. Dagen etter trekte dei siste ukrainske styrkane seg ut.

Dei ukrainske soldatane hadde ikkje hatt noka enkel oppgåve. Skal ein tru dei rapportane som kom ut, så leid den ukrainske hæren i Vuhledar av akutt mangel på mannskap. Dei siste vekene før byen fall, var det sju gonger fleire russiske soldatar samanlikna med ukrainske i og kring Vuhledar.

Forsvararane mangla dessutan luftforsvar fordi den ukrainske hæren må prioritera forsvaret av større byar og kritisk infrastruktur. Men verst av alt var kampevna til dei ferske soldatane som den ukrainske hæren sende inn under slaget: Dei fleste av dei blei drepne eller såra etter berre nokre dagar.

Kapasitetsmangel

Slutninga ein kan trekkja etter slaget om Vuhledar, er at ukrainarane manglar viktige militære kapasitetar. Hæren har dessutan for få soldatar, og dei nye rekruttane som blir sende til fronten, er så dårleg utdanna at dei ikkje overlever særleg lenge.

«Det siste verda såg til opposisjonen i Russland, var i samband med gravferda til Aleksej Navalnyj 1. mars i år.»

Snart kjem haustregnet og kulda til Ukraina. Det som har vore fast mark, blir til gjørme som alt tungt materiell søkk ned i. Difor vil krigen langsmed frontlina i Donbas stilna av fram mot våren, som kjem ein gong kring mars neste år. I mellomtida vil russiske bomber, rakettar og dronar hamra laus på ukrainske byar og ikkje minst på den ukrainske elforsyninga. Målet til russarane vil vera å gjera det ukrainske samfunnet endå meir utarma enn det alt er.

Kan bryta saman

Å setja fram spådomar for korleis krigen vil arta seg på den andre sida av gjørmesesongen, er sjølvsagt dumdristig. Ser ein på dei russiske framgangane langs fronten i Donbas, har dei ikkje vore veldig store, men dei peikar alle same vegen.

Om russarane klarer å halda fram med det same presset til våren, kan ein ikkje sjå bort frå at i alle fall delar av dei ukrainske forsvarsstillingane bryt saman. Den russiske hæren kan då rykkja fram og ta det som er igjen av fylka Luhansk og Donetsk. I verste fall – om det kjem til fleire samanbrot på ukrainsk side – kan delar av den russiske okkupasjonshæren koma heilt fram til Dnjepr. I aller verste fall kan Kyiv bli truga.

Så alt i alt har Vladimir Putin – hjernen bak den russiske freistnaden på å erobra Ukraina – grunn til å vera ganske så nøgd. Hausten 2022 tok ukrainarane attende store delar av dei områda som den russiske hæren hadde okkupert om våren same år, og felttoget såg ut til å vera ein fiasko. Men etter det klarte dei russiske styrkane å stabilisera fronten. Ikkje minst vellukka var det – sett frå Kreml si side – at den lenge varsla ukrainske motoffensiven sommaren 2023 køyrde seg fast i dei solide forsvarsverka som dei russiske styrkane hadde bygd opp.

Tredje krigsvinter

At Ukraina no står føre den tredje krigsvinteren, var ikkje noko som ein på vestleg – og neppe heller på ukrainsk – side hadde sett føre seg då krigen braut ut. Den vestlege økonomiske boikotten ville snart ta knekken på den russiske økonomien, spådde også forfattaren av desse linene. Denne føresetnaden viste seg ikkje å halda.

Heilt sidan erobringa av Krym i 2014 har den russiske staten systematisk jobba for å erstatta import av vestlege varer med anten eigen produksjon eller import frå venlegsinna land, det vil seia Kina. Når det gjeld våpenproduksjon, har dei to pariastatane Iran og Nord-Korea ytt Russland verdfull hjelp. Endå viktigare er militariseringa av den russiske økonomien. No går om lag 40 prosent av det russiske statsbudsjettet til militære føremål, meir enn til utdanning, helse og sosiale ytingar til saman. Endeleg har Putin-regimet fått verkeleg sving på den russiske rustingsindustrien som i dag arbeider på høgtrykk.

Fleire ekspertar på russiske økonomi har hevda at dette ikkje vil gå over tid, og at den russiske økonomien kanskje alt i 2025 bryt saman. Då ser ein bort ifrå at det russiske statsbudsjettet for 2025 er gjort opp med 0,5 prosent i underskot. Skulle det gå verkeleg dårleg for Putin, kan han henta inn mykje pengar frå ei russisk middelklasse som framleis meiner at dei lever ganske bra, spesielt samanlikna med 1990-talet.

Russland har dessutan enorme råvareressursar som mange er viljuge til å kjøpa når dei blir selde til låg pris. Ja, det er riktig at delar av den russiske økonomien er under press. Men å håpa på noka djup krise i russisk økonomi før 2030, er å gjera opp rekning utan vert.

På same vis var det med trua på det russiske sivilsamfunnet. Folket i Russland, som hadde smakt på korleis det er å leva i eit fritt samfunn, ville aldri tillata at Putin gjorde landet om til ein dårleg kopi av sovjetstaten, trudde mange kjennarar av det russiske samfunnet, inkludert underteikna. Også denne påstanden synte seg å vera feil. Før invasjonen våren 2022 hadde Putin systematisk avskaffa pressefridomen og gått til åtak på ikkje-statlege organisasjonar. Det siste verda såg til opposisjonen i Russland, var i samband med gravferda til Aleksej Navalnyj 1. mars i år. Fleire tusen følgde Navalnyj til grava. Etter det har det vore stilt.

Fattige 0,28 prosent

Temmeleg stilt har det òg vore frå dei vestlege landa som hevdar at dei støttar Ukraina. Dei aller fleste politikarane i Vesten har slege fast at me ikkje kan leva med ein russisk siger i krigen. Blir Ukraina øydelagt, vil det vera eit strategisk nederlag for det demokratiske Europa.

Men i det austlege Tyskland stemmer ein stor del av veljarane på parti som sympatiserer med Vladimir Putin. Neste år kuttar Tyskland hjelpa til Ukraina frå sju til fire milliardar euro, som vil vera 0,4 prosent av det tyske bruttonasjonalproduktet. Noreg kuttar frå 27 til 15 milliardar kroner, som vil vera fattige 0,28 prosent av BNP. Og kva med USA?

I år gjev landet 61 milliardar dollar til Ukraina, som er 0,22 prosent av USAs BNP. Og då har me ikkje sett på den katastrofen det vil vera om Donald Trump vinn valet i USA om litt meir enn to veker.

For to dagar sidan la Volodymyr Zelenskyj fram ein plan for ukrainsk siger neste år. Det viktigaste punktet i planen er at Ukraina må få løyve av allierte til å nytta vestlege våpen djupt inne på russisk territorium. Fram til no har USA og Tyskland sagt nei til dette. Om Zelenskyj får eit slikt løyve frå sine allierte, kan krigen gå Ukrainas veg. Fram til det skjer, har Vladimir Putin grunn til å vera optimist.

Halvor Tjønn er forfattar, journalist og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

I ei sterk scene skildrar Marc Brew korleis mor hans måtte dusje han etter ulykka, som om han var ein liten gut igjen.

Foto: Lars Opstad / CODA Oslo International Dance Festival

ReportasjeFeature

Du trur det ikkje når du ser han, at han reiser verda rundt med dansen sin. Marc Brew sit i rullestol.

Marita Liabø

Det var ein fiskar som oppdaga kvalflokken denne fredagsmorgonen, og så gjekk alarmen. Det blei bestemt at han skulle takast inn til Hvannasund. Der venta om lag hundre menneske som var varsla gjennom ei lukka gruppe på Facebook.

Alle foto: Hallgeir Opedal

ReportasjeFeature

Grinda kjem!

I dag har eg vore med på å drepe 220 grindkvalar. Ja, mogleg det var 230, eg mista teljinga.

Hallgeir Opedal

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis