JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kommentarar

Seksualitet utan grenser

Kjøp og sal er ikkje nytt når det gjeld sex. Det som er nytt, i vår kultur, er at seksualitet ikkje skal ha grenser.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
5944
20210702
5944
20210702

I juni lanserte NRK ein «sexguide», med bilete av «ekte personar» i ulike situasjonar vi helst ikkje ville sjå dei i, med ønske om å opplyse befolkninga om kva ein kan finne på på kammerset. Føremålet var, som alltid, godt: å gje ungdom eit realistisk bilete av kva normal sex er.

Det fåfengde i opplysningsprosjektet vart tydeleg då det samstundes vart varsla at ungdom driv eigen business utanfor førestillingsevna til mange vaksne. Politiet i Kristiansand slo alarm om ein urovekkjande trend, nemleg at mindreårige sel seksuelle tenester via Snapchat og andre sosiale medium, og at det ikkje sjeldan fører til særs grove overgrep mot born heilt ned i 12–13-årsalderen. Grensene for kva born og ungdom tenker om normal seksuell åtferd, er ikkje i ferd med å bli flytta, men er alt flytta, kunne politiet fortelje.

Det vert noko hjelpelaust over å gje dei eit oppslagsverk i pinlege bilete då, når dei kan få hardcore rett inn på barnerommet. Meir enn sexstillingar treng vi å snakke om noko som verkeleg er pinleg og tabuisert, nemleg grenser. Kvifor set vi ikkje tydelege grenser?

Lang tradisjon

Når NRKs sexstillingsprosjekt ikkje er oppteke av grenser, men av opplysning, er det fordi det står i ein lang tradisjon der hovudmålet har vore eit avmoralisert seksualliv basert på naturvitskapleg saklegdom.

Alt i 1930-åra uttalte den medisinske teknokraten og nasjonale strategen, Karl Evang (1902–81), at det var eit hovudmål å utrydde dei metafysiske og religiøse innslaga i seksualmoralen. Førestillinga om seksualitet som noko heilagt og eksklusivt låg til grunn for forbod og skamkultur og måtte motarbeidast.

I det moderne Noreg gjekk seksualopplysninga inn i eit sosialistisk program som skulle frigjere folket frå ein hemma kultur, fram mot naturleg fridom og lukke. Slik vart seksualundervisninga i høgste grad politisk styrt.

No er målet nådd for lengst, og den politiske interessa ligg først og fremst i å få ned talet på kjønnssjukdommar og uønskte graviditetar og abortar. Det teknokratiske programmet handlar om prevensjon. Bodskapen er: Har du lyst, har du lov, berre du er opplyst og bruker kondom.

«Sugardating»

Grensene finst altså ikkje anna enn inni deg sjølv. Men korleis kjenne grenser når du må sette opp alle gjerdestolpar sjølv? Og korleis hindre at andre trår over di inste grind dersom grinda aldri vart sett opp?

Kva reiskapar har denne ideologien i møte med ein ny type seksuell åtferd som no er i ferd med å etablere seg blant ungdom? Éin ting er overgrep, som politiet avdekte i Kristiansand, men kva om heile løpet er friviljug? Kva med ein annan trend, nemleg sugarbabes? Berlingske Tidende rapporterte nyleg (21. juni) frå ny forsking om sugardating, fenomenet der unge jenter datar vaksne menn og har sex i byte mot luksusvarer og pengar.

Kvifor vil vi ikkje at døtrene våre skal drive med sugardating? Halvparten av danskar mellom 18 og 30 meiner det er heilt greitt. Kven kan det skade så lenge det er friviljug, og jentene sjølv sit med makta og vel kven dei vil treffe? Er det ikkje illiberalt å gå imot denne trenden, som kvar haust vert promotert som inntektskjelde for studentar? Og dersom vi følgjer foreininga Fri, som vil avskaffe sexkjøpslova, kan vi vel gje sugarbabes ein eigen flåte i neste års Pride-parade?

Ressurssterke jenter

Det som overraska dei danske forskarane bak prosjektet, som heitte «Sugardating blant marginaliserede unge», var at mange av jentene som selde seg til eldre menn, slett ikkje var så «marginaliserede» likevel. Dei var tvert om ressurssterke, hadde god sosial bakgrunn og ingen økonomiske problem. Dei selde ikkje sex fordi dei trong pengar.

Kva motivasjon låg då bak verksemda? Jo, gjennom sugardating fekk dei ei oppleving av å verte verdsette ved at mannen anstrengde seg for å lage ein ekstra bra date. Pengar og luksusgåver var berre ein del av pakka. Og dei var særs selektive i kven dei valde å date. Slik kjende dei seg som noko meir enn som del av den likegyldige massemarknaden i tinderkulturen.

Trusesal

Eller, kva med ei anna problemstilling: Kvifor kan ikkje ungdommane våre tene pengar på å selje dei brukte trusene sine? Det tok meg to klikk å finne ei nettside der både sugardating og trusesal kunne arrangerast. Det fyrste klikket var til ei studentavis som synte ulike måtar å tene pengar på.

Dersom du spør ungdommar om kva dei synest om dette, vil dei fleste sannsynlegvis svare at det er opp til kvar enkelt, så om nokon tykkjer det er greitt, så er det vel greitt for dei, og ingenting som andre skal leggje seg oppi. Folk får bestemme sjølv. Og, i tillegg: Det er jo kjøparen som er ein idiot, ikkje den som tener pengar på skitentøy. Skjønt, her må vi reagere: Det er vel ikkje greitt å seie «idiot» når alle seksuelle fetisjar skal vere aksepterte på lik line?

Både sugardating, trusesal og sal av seksuelle tenester via Snapchat syner ei kommersialisering av seksualiteten som vert stadig meir normalisert, og det for stadig yngre grupper.

Eit spørsmål som tvingar seg fram i møte med dei nye trendane, er om tabuiseringa og grensene som opplysningsprosjektet kasta vekk, trass alt var nyttige, fordi dei peika på at seksualitet har ein annan type verdi. For berre det som er heilagt, kan ikkje kjøpast og seljast. Det som er heilagt, er også farleg, det kan ikkje temjast gjennom opplysning og naturvitskap.

Når seksualitet ikkje lenger er tabuisert og har verdi som noko heilagt, i tyding avsondra, noko åtskilt frå det ålmenne, ligg kapitalismen like om hjørnet. Det einaste legitime spørsmålet er kven som sit med definisjonsmakta.

Eivor Andersen Oftestad

Eivor Andersen Oftestad er førsteamanuensis ved Institutt for humanistiske fag ved Høgskulen i Innlandet og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Det som er heilagt, er også farleg, det kan ikkje temjast gjennom opplysning og naturvitskap.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Skulpturen «Moren» av Tracey Emin utanfor Munchmuseet i Oslo.

Foto: Anne-Line Aaslund

KunstFeature

«Moren» og søstrene hennar

Kor original er den ni meter høge skulpturen «Moren», som er plassert utanfor Munchmuseet? Før avdukinga 4. juni 2022 hadde kunstnaren Tracey Emin alt produsert og stilt ut nær identiske skulpturar på tre meter.

ÅshildEliassen

Trygve Seim og Frode Haltli har samarbeidd musikalsk i 20 år.

Foto: Hubert P. Klotzeck / ECM Records

MusikkMeldingar
Lars Mossefinn

Praten flyt lett

Samtalen mellom Seim og Haltli er eksistensielt viktig.

Tekniske problem mellom Carlsen og Niemann.

Foto: Chess.com

Kunnskap
Atle Grønn

Skandaleduellen

«Før Speed Chess Championship var eg 'gira'. Dette var så spanande som moderne sjakk kan vera.»

Kor mykje skal den enkelte forelder ha å seie over barnet? Spørsmålet er til vurdering når barnelova skal oppdaterast.

Foto: Sara Johannessen Meek / NTB

PolitikkSamfunn
Christiane Jordheim Larsen

Flytterett eller vetorett?

Skal mor eller far kunne ta med seg barna og flytte langt bort etter eit samlivsbrot? Barne- og familiedepartementet vil gjere det vanskelegare for fleire, men møter motstand.

Tordis Ørjasæter er 97 år gamal og reflekterer rundt det å bli eldre, om litteratur, og dagane som går, og tida som har gått.

Foto: Mari Parelius Wammer / Cappelen Damm

LitteraturKultur

Å gå på vatnet i ein blå draum

– Alt er så sterkt no som døden er så nær. Og eg drøymer så mykje og så intenst, ei natt drøymde eg at eg gjekk på vatnet!

Hilde Vesaas

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis