– Samehetsen verst i kjernesamiske område
Stjernekampvinnar Ella Marie Hætta Isaksen vil opplyse majoritetsbefolkninga og inspirere unge samar. Eit ledd i dette arbeidet er boka Derfor må du vite at jeg er same.
Ella Marie Hætta er artist, klimaaktivist og frontfigur i bandet Isák. I 2018 vann ho NRKs Stjernekamp.
Foto: Stian Lysberg Solum / NTB
Litteratur
janh@landro.bergen.no
Tjuetreåringen frå Tana har vakse opp med fordommane og rasismen som synest å følgje det å vere same her i landet. Men ho som like frå barneskulen har vore aktivist for samisk kultur, samisk språk og alt anna samisk, er ikkje ei som berre lèt seg slå i bakken når ho møter kunnskapsløyse, uforstand og uvilje. Då ho som tjueåring vann Stjernekamp i NRK, stolt iført den samiske kufta si, fann livet hennar ei tydeleg retning.
– Det var stort for meg som artist å vere med i Stjernekamp, for eg hadde ambisjonar som musikar. Eg har alltid vore stolt over å vere same og involvere den samiske kulturen min i alt eg gjer. I Stjernekamp ønskte eg å representere den samiske kulturen på ein verdig måte, mellom anna ved i finalen å framføre joiken til Máze, på norsk kjend som Masi, bygda som for femti år sidan skulle leggjast under vatn.
Ho fortel at ho ikkje hadde sett føre seg det som skjedde.
– Joiken utløyste ein flaum av e-post. Dels frå nordmenn som blei rørte av ei historie dei var heilt uvitande om, og som ikkje visste at rasismen mot samar framleis lever, dels frå mange samar som var stolte og rørte, og som opplevde det som stort å sjå meg stå så sjølvsagt i kufta mi på NRK 1 i beste sendetid. Det gav meg ein posisjon og ei plattform til å bruke røysta mi også etter Stjernekamp.
– Etter dette blei du ein slags omsorgsperson for ukjende menneske som heile livet hadde bore på ei skam over å vere samiske?
– Eg opplevde at mange hadde behov for å halde meg i handa og seie høgt at dei er samar. Dei fortel om eigen bakgrunn, og eg har nok ikkje makta møte alle med den audmjukskapen dei fortener. Eg har jo vore i mi eiga verd, men eg håper alle desse menneska har andre dei kan prate med. Eg er svært takksam for alle som har opna seg for meg og som framleis gjer det på sosiale medium og i andre samanhengar. Framleis får eg meldingar frå folk som ber på ei sorg og ei skam, og som har mista delar av den samiske identiteten sin. Det har gitt meg mykje.
Ella Marie Hætta Isaksen vil svært gjerne vere brubyggjar mellom det samiske og det norske. Både gjennom songen og gjennom boka ho no har gitt ut. Ho fortel at ho vil prøve alle moglege taktikkar – i håp om at noko av det når fram. Ho vil helst ikkje vere polariserande, men skjønar at det er uunngåeleg i samfunnsdebatten.
– Eg innser at eg har vore og kjem til å bli ei polariserande røyst, for eg kjem ikkje unna historia. Eg klarer ikkje å sjå føre meg ei framtid med forsoning før det norske folk har teke eit skikkeleg oppgjer med den historia vi har. Min forsoningsprosess stoppar opp når eg møter menneske som nektar for historia eller i det minste har ei heilt anna oppfatning av vår felles historie. Straks du avviser den samiske historia, har du ingen sjanse til å skjøne meg. Oppgjeret vil bli ubehageleg, men vi kjem ikkje utanom det før vi er klare til å gå vidare.
Hetsen
– Boka di kan bli del av ein slik prosess. Kva håper du å oppnå med henne?
– Eg kjende trong til å lage eit meir utbyggjande kunnskapstilbod til majoritetsbefolkninga her i landet, men også å skrive ei bok som kan vere til inspirasjon for unge samar i dag. Dei skal ha ei bok dei kan kjenne seg igjen i, og der historia deira blir representert.
Primært var målet å tette kunnskapshol i Noreg om samisk kultur og historie.
– Eg ser boka som framtidsretta, sjølv om delar av henne handlar om historie og fortid. Eg er sterkt oppteken av at unge samar, og kommande generasjonar, skal ha ei verdig framtid. Håpet er at når eg blir gammal, vil eg sjå at barneborna mine har sloppe unna ein del av diskrimineringa. Ein fersk rapport om unge samars psykiske helse syner at 95 prosent av dei spurde har blitt møtte med fordommar og diskriminering.
Like sidan ho gjekk på barneskulen har Isaksen vore samisk aktivist. Det har kome naturleg, fortel ho, det er ikkje noko som er blitt pressa på henne. Ho har berre kjent trong for å stå opp mot urettvise.
– Du trong ikkje eingong flytte ut av fylket ditt, Finnmark, før du fekk merke hetsinga av samane og det samiske?
– Mykje av den verste samehetsen og rasismen skjer i dei kjernesamiske områda, der gnissinga mellom samar og andre folkegrupper har fått liggje og ulme og utvikle seg i generasjonar. Alta, der eg gjekk dei to første åra på vidaregåande, før eg måtte flytte til Tromsø, er eit hardt fornorska område. Kampen mot utbygginga av Alta-Kautokeino-vassdraget skapte sterk grobotn for hets. Den dag i dag får eg meldingar frå unge samar som går på den vidaregåande skulen i Alta og opplever rasisme. Ikkje berre frå medelevar, men også frå lærarar.
– Du skriv at det du møtte av rasisme der, var «som å bli tappet for krefter av en usynlig, smågiftig gass»?
– Det rokka ved noko heilt fundamentalt i meg, sjølvtilliten eg var fødd med. Etter Alta har eg ein angst som eg er redd kjem til å følgje meg lenge. Det handlar om at eg i to år der opplevde å bli halden utanfor og bli sett ned på fordi eg var ein stolt same.
Ho fekk mange ubehagelege kommentarar som ho der og då ikkje var i stand til å svare på.
– Eg skamma meg aldri over å vere same, men det blei vondt å vere noko eg alltid hadde vore. Kommentarane kom innpakka som komplimentar eller uskyldige ytringar, men gradvis kjende eg meg dårlegare og dårlegare. Dette har skapt etterskadar på den psykiske helsa mi.
Kvardagsjoiken
Joiken er noko stjernekamp-
vinnaren har vakse opp med. Ho joikar sjølv òg, men denne kunsten er ho ikkje fullt utlært i enno. Det er viktig for henne å presisere at ein aldri joikar om nokon eller noko, men at ein berre joikar ein person eller noko anna. Slik du ikkje målar om noko, du berre målar det.
– Joik kan ikkje samanliknast med song. For joik har mange ulike samfunnsfunksjonar. Det handlar om å fortelje historier, skildre personar, minnast dei døde. Den personen du joikar, må du kjenne svært godt, elles kan det fort bli ganske feil.
– Kven eller kva joikar du sjølv?
– Eg har enno mykje å lære før eg blir ein tradisjonell joikar og kan lage eigne joikar til mine næraste. Men eg lagar popjoikar og tek element frå tradisjonell joik inn i eit moderne språk.
– Er det uproblematisk for deg, som same, å flytte ei tradisjonell kunstform frå det naturlege habitatet, slik du gjer i popjoiken?
– Eg gir joiken ei anna moglegheit ved å syne fram noko joik òg kan vere. Så er det opp til oss sjølve å syte for at joiken lever vidare i si naturlege form. Kvardagsjoiken lever ikkje i beste velgåande, for han har i fleire hundreår vore så sterkt knytt til skam. Det er vanskeleg for folk å ta han tilbake, men joiken overlever best om vi i kvardagen joikar kring kjøkenbordet og på tur, og at vi joikar våre næraste – utan at det har noko med scenen å gjere. Det einaste eg kan gjere, er å joike mine næraste i kvardagen. Spontant, slik det skal vere.
– Kva er det vi mistar om kvardagsjoiken blir borte?
– Sjelespråket vårt. Ein unik måte vi samar kan uttrykkje oss og få utløp for ulike kjensler på. Joiken er ein viktig kulturberar og identitetsmarkør. Samisk har ikkje like mange adjektiv som norsk språk til å lyfte born opp og fram, men der kjem joiken oss til hjelp.
– Du er ikkje berre ein ihuga sameaktivist, du har også eit sterkt økoengasjement. Kva ser du føre deg blir aktivisten Ella Maries oppgåver framover?
– Eg ønskjer å vere ei sterk og tydeleg røyst, eg vil halde fram med å opplyse ei uvitande majoritetsbefolkning og arbeide for miljøet. Men først no vil eg prioritere eit samiskspråkleg tilbod. Eg vil ta dei interne diskusjonane i dei samiske samfunna og kjempe for at vi skal få vår eiga debattplattform så vi kan ha diskusjonar på samisk og på samiske premissar utan at utanforståande skal komme og setje røystene våre opp mot kvarandre. Det vil eg arbeide med framover. Så er det berre å ta kampen opp kvar dag på alle arenaar heilt til vi er likestilte. Eg må velje å tru at det kan skje i mi levetid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Eg innser at eg har vore og kjem til å bli ei polariserande røyst, for eg kjem ikkje unna historia.
Ellen Marie Hætta Isaksen, artist
Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Krigen er ei ufatteleg ulukke for Ukraina. Men også for Russland er det som skjer, ein katastrofe.
Tusen dagar med russisk katastrofe
KrF-leiar Dag Inge Ulstein får ikkje Stortinget med seg på å endre retningslinjene for kjønnsundervisning i skulen.
Thomas Fure / NTB
Utfordrar kjønnsundervisninga
Norske skulebøker kan gjere elevar usikre på kva kjønn dei har, meiner KrF-leiar Dag Inge Ulstein.
Jens Stoltenberg gjekk av som generalsekretær i Nato 1. oktober. No skal han leie styringsgruppa for Bilderberg-møta.
Foto: Thomas Fure / NTB
Jens Stoltenberg blir partyfiksar for Bilderberg-møta, ein institusjon meir i utakt med samtida enn nokon gong.
Den rumenske forfattaren Mircea Cartarescu har skrive både skjønnlitteratur, lyrikk og litterære essay.
Foto: Solum Bokvennen
Mircea Cărtărescu kastar eit fortrolla lys over barndommen i Melankolien
Taiwanarar feirar nasjonaldagen 10. oktober framfor presidentbygget i Taipei.
Foto: Chiang Ying-ying / AP / NTB
Illusjonen om «eitt Kina»
Kina gjer krav på Taiwan, og Noreg anerkjenner ikkje Taiwan som sjølvstendig stat. Men kor sterkt står argumenta for at Taiwan er ein del av Kina?