– Språket vårt er enormt kjønna
Før var det manglande spelerom som hindra kvinner i å utfalde seg i kunst og litteratur. Det er framleis eit problem, men mykje diskriminering ligg også i språket, meiner Marta Breen.
Den førre boka som Marta Breen gav ut, i samarbeid med illlustratør Jenny Jordahl, er seld til 21 land.
Foto: Maria Gossé
Litteratur
janh@landro.bergen.no
Med boka Om muser og menn leverer Breen eit oppgjer med haldningar som gjennom generasjonar har gjort det vanskeleg for kvinner å nå fram i kunst- og kulturlivet. Så vanlege – ja, så sjølvsagte – har mange av desse haldningane vore, at mange kvinner har gjort dei til sine eigne. I boka prøver forfattaren også å oppvurdere kvinner som samtid og ettertid har nedvurdert.
Kjønna kulturhistorie
Den sjølverklærte feministen ser boka si som ei kjønna kulturhistorie, der ho prøver å presentere det som kvinner frå Virginia Woolf og framover har sett ord på, og ei oppdatering anno 2019.
– Det Virginia Woolf skreiv i A Room of her Own for nitti år sidan, er stadig svært aktuelt. Mykje har endra seg, sjølvsagt, og boka mi prøver å formidle feministhistorie og kvinners kulturhistorie for nye lesarar på ein underhaldande måte. Og det gjer absolutt ikkje noko om folk blir provoserte på vegner av formødrene våre.
Breen meiner det finst ei forventning om at kvinner i Noreg i dag skal vere emosjonelt ferdige med dette og ikkje vere sure for det som har skjedd før.
– Men det er trist å tenkje på alle kvinnene som kunne ha gitt ut fleire bøker eller skapt meir kunst, om det berre ikkje var for at dei blei hindra på alle moglege vis. Med tanke på alle omsorgspliktene kvinnene var pålagde, og som mennene slapp, er det knapt til å tru at så mange trass alt har lykkast. Det er typisk at mange av dei kvinnelege kunstnarane vi høyrer om, har måtta ta mange omsyn som dei mannlege kollegaene ikkje trong tenkje på eingong, omgitt som dei var av støtteapparat på heimebane.
– Du skriv om «kulturmannen», eit uttrykk den svenske litteraturkritikaren Åsa Beckman lanserte, og som ikkje er positivt meint. Kva legg du i dette fenomenet?
– Han er ein stereotyp som vi kjenner igjen både frå kulturlivet og frå samfunnslivet elles. Det er ikkje berre tale om ein person, men like mykje dei mekanismane som heile tida oppvurderer det mannlege og nedvurderer det kvinnelege. Den automatiske genierklæringa som menn ofte får, er noko kvinner sjeldan blir tildelt. Den mannlege genikulten møter vi ofte, og han har sin eigen mytologi. Her ligg ein enorm kjønnsskilnad.
«Halvdanna» menn
I boka fortel Breen fleire «kulturmann»-historier, om desse som har eit heilt hoff kring seg. Desse som bruker opp alt oksygenet i rommet og gjer at born og kone må liste seg stille ikring. Dei blir heller aldri avbrotne midt i setninga, men blir lytta til av alle når dei seier noko, og det er dei som har definisjonsmakta.
– Men eg legg heller ikkje skjul på at det finst tilsvarande «kulturkvinner». Nærliggjande døme er Selma Lagerlöf og Gertrude Stein. Dei òg visste å utnytte omgivnadene sine.
– Vil du seie at boka di er eit oppgjer med «kulturmannen», uavhengig av kjønn?
– Meir ei skildring av desse mekanismane. Det viktige er å kunne avsløre dei, vise dei tendensane som ligg i oss alle. Du kan vere feminist og likevel ha det i deg at det ein mann har produsert, er av større verdi, meir relevant og universelt enn det kvinner skaper. Vi må tore å vedgå at det skjer framleis. Det er vel hovudbodskapen i boka mi.
– Du siterer svenske Ebba Witt-Brattström om dei «halvdanna» mennene, som berre les og diskuterer mannlege forfattarar, og som berre ser filmar med mannlege regissørar og menn i hovudrollene. Kor vanleg trur du den typen menn er?
– Haldninga er dessverre svært utbreidd. Det som er gjort av undersøkingar på lesing i Noreg, viser at kvinner les både menn og kvinner, menn les stort sett berre menn. Dei les helst andre menn og synest ha ei innebygd førestilling om at det kvinner skriv, er mindre relevant. Dette høyrer ikkje berre fortida til, det er stadig aktuelt. Gjennom heile boka prøver eg å halde ein sober tone, men mot slutten slepper eg fram litt aggresjon, får lyst til å be desse mennene skjerpe seg. Men sidan ingen liker sinte kvinner, blir ein gjerne tvinga til å velje ein annan strategi.
Marta Breen skriv at kvinner som ønskjer å føre intellektuelle samtalar med menn, framleis kan oppleve å bli reduserte til potensielle sexpartnarar. Ho peiker på at dette er ein debatt som har gått i kulturlivet dei siste åra. Jamleg kjem vitnesbyrd frå kvinner som har opplevd å bli gjort til seksualobjekt eller gjort uinteressante fordi dei ikkje lenger blir rekna som seksuelt attraktive.
– At kvinner blir reduserte til kjønn og utsjånad, er heilt gjennomgåande i historia og på svært mange felt i dag, ikkje minst i media. Det manglar ikkje på døme på intimisering, som menn ikkje blir utsette for.
Det mannlege blikket
– Du skriv om metoo-rørsla som eit høve til å sjå på fortida med friske augo og å fjerne eller flytte skam. Kva ligg i det?
– Metoo har vore viktig på mange nivå. Mest fokus har komme på trakassering og utnytting frå maktpersonar, naturleg nok. Meir allment har vi fått mange samtalar om korleis vi ser på kvinner og menn, kven sine historier som blir fortalde og korleis, eller at kvinner ofte må spele biroller i kulturlivet. Viktig er det også at metoo har fått svært mange til å sjå si eiga historie med nytt blikk. Det vi kunne tenkje at vi sjølve var skyld i på grunn av eigen dumskap eller naivitet, kan vi brått innsjå at mannen i den aktuelle situasjonen må bere ansvaret for. Slik får vi fjerna eller flytta på skamma, så kan vi gå med rettare rygg.
– Du ser òg metoo som eit høve til å ta eit oppgjer med det mannlege blikket?
– Det er eit stort tema, men det handlar om korleis kvinna tradisjonelt er blitt plassert i ulike biroller og sett på som kjønnet, medan mannen er mennesket, det universelle. Framleis representerer kvinna det seksuelle, ho er berar av ære og skam. Mannen, derimot, er nøytral. I nokre delar av verda må kvinner dekkje til kroppen, i andre delar skal dei brette han ut overalt. Mannens blikk bestemmer.
Breen meiner, med støtte i ulike undersøkingar, at metoo har hatt effekt. Sjølv har ho observert at nivået på samtalar om dette spørsmålet har heva seg betydeleg dei siste to åra. No er det ikkje lenger slik at kvar samtale om kjønn må ta til med blanke ark, fleire skjønar kva det er tale om.
– Det har vore svært frigjerande. Eg er overtydd om at dette har endra mykje.
Svaret er enkelt
– Det ser ut til at mykje av den gjenståande kvinnediskrimineringa ligg i språket?
– Absolutt. Svært mykje er språkleg. Språket vårt er enormt kjønna, og det påverkar haldningar. Vi nyttar ulike ord for å beskrive kvinners og menns eigenskapar. Språket kan vere både styrkjande og ei form for overgrep, eit ord kan vere frigjerande eller ekstremt øydeleggjande. Å ha eit medvite forhold til ordval – om kjønn, etnisitet eller kva det skal vere – er ikkje mindre viktig enn før. Bøker som Helene Uris Hvem sa hva og Kristin Fridtuns og Camara Lundestad Joofs bidrag til Samlagets pamflettserie Norsk røyndom, lyftar dialogen om språk og kjønn opp på eit høgare nivå. Eg opplever tida akkurat no som givande på dette feltet.
– Korleis vil du summere opp dagens status for kvinnelege forfattarar og kunstnarar i Noreg?
– Eg er ikkje særleg bekymra for kvinnelege forfattarar i Noreg i dag. Svært mange er aktive, mange har ein stor lesarskare og blir roste av kritikarane. Boka mi er ikkje eit varsku for dagens norske litterære miljø.
Fordi den førre boka hennar er seld til 22 land verda over, reiser ho mykje rundt og besøker desse landa.
– Då slår det meg kor totalt annleis enn i Noreg forholda for kvinnene kan vere. Kvinnesynet er blitt forhandla om i fleire tusen år, men kvifor diskuterer vi nesten aldri synet på mannen, han som heile tida har vore ekstremt dominerande? Gjennom historia fram til i dag har spørsmålet vore: Kor mykje fridom skal vi gi kvinna? I kva grad skal ho få bestemme over eigen kropp, seksualitet og livsutfalding? Kor stort spelerom skal vi – altså mannen – gi henne? Svaret er jo enkelt: Kvinner skal ha akkurat like mykje spelerom som menn.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Kvifor diskuterer vi nesten aldri synet på mannen, han som
heile tida har vore dominerande?
Marta Breen, forfattar
Fleire artiklar
Det kjæraste eg har? Min ser ikkje slik ut, men eg er ganske glad i han, ja.
Foto via Wikimedia Commons
Smørbutten min får du nok aldri
Ei flygande badstove skal få ny heim, sit det nokon inni alt?
Foto: Maren Bø
Badstovene tek av
Det er interessant korleis badstove inne kan vere så ut, mens badstove ute er så in.
Morgonfrisk fersking
«Ein kan kjenna seg frisk og sterk, vera åndsfrisk eller endåtil frisk som ein fisk, friskna til, verta frisk att frå sjukdomen og heilt friskmeld.»
150-årsjubilant: den austerrikske komponisten Arnold Schönberg (1874–1951).
Fredshymne
Kammerchor Stuttgart tolkar Schönbergs «illusjon for blandakor» truverdig.
Marianne Nielsen i hovudrolla som Winnie. Gerald Pettersen spelar Willie.
Foto: Sebastian Dalseide
Beckett-klassikar av godt merke
Glade dager byr på ein strålande skodespelarprestasjon av Marianne Nielsen.