– Vi lever i ei stor gåte
Gøhril Gabrielsen ønskjer å la lesarane assosiere fritt. Derfor vil ho helst ikkje gi namn til hovudpersonane i romanane sine.
Gøhril Gabrielsen kjem med sin femte roman.
Foto: Stian Lysberg / NTB Scanpix
LITTERATUR
janh@landro.bergen.no
I romanen Ankomst, som kjem i neste veke, utforskar Gabrielsen det sårbare, både i menneskesinnet og i naturen. Men forfattaren gjer det klart at ho ikkje har skrive nokon «klimaroman»; det er berre slik at natur og menneske speglar seg i kvarandre. For henne er dette ei historie om det sårbare og det utsette, og det kan gjelde både naturen og menneskesinnet. Men når handlinga er lagd til ein einsam observasjonspost ved eit fuglefjell heilt nord, på det ytste punktet av Noregs fastland, er det ikkje til å unngå at den ugjestmilde naturen speler ei viktig rolle.
FLUKT FRÅ EKSMANNEN
Dit opp har ein 36 år gammal biolog reist for i tre-fire månader å gjere observasjonar og målingar til ei doktorgradsavhandling om korleis atmosfæriske tilhøve verkar inn på sjøfuglane si vandring mot koloniane, og korleis dei klimatiske endringane har verka negativt inn på bestanden av sjøfugl. Ho har late den tre år gamle dottera bli igjen hjå faren, som ho skildrar som ein psykopat, og ho ventar berre på at elskaren skal slutte seg til henne oppe i vinterkulda.
– Kva var utgangspunktet for denne romanen?
– Ei historie eg fekk høyre om eit par som skulle overvintre på Svalbard. Først drog ho, så skulle han komme etter. Men han kom ikkje.
– Er ekspedisjonen til hovudpersonen også ei flukt?
– Ja, ei flukt til ein stad der ho kan vere i fred for eksmannen, og der ho kan vere saman med elskaren. Ho kjem frå eit konfliktfylt forhold med ein mann som ikkje vil gi slepp på og helst vil eige henne, og som ho opplever som trugande.
– Flyktar ho frå seg sjølv, òg?
– Kanskje. Når du er åleine, møter du ditt eige «skrekkabinett». Ho prøver å analysere dei indre bileta av det ho har opplevd, men omskapar dei til rein dikting. Ho lever seg inn i ei gammal historie ho les.
– Ho er lite sjølvkritisk, men desto meir kritisk mot andre?
– Ho er svært oppsett på å få gjennomført det ho skal, forske og ha elskaren hjå seg. Ho er opptatt av sitt, men møter òg seg sjølv meir og meir. Romanen blir ei sakte avkleding.
Eit hermetisk univers
– Det er noko einspora og sjølvopptatt i perspektivet hennar som får meg til å tenkje på forteljaren i ein annan av romanane dine, Svimlende muligheter, ingen frykt. Er det ikkje ein viss slektskap?
– Heilt sikkert. Ein blir så oppslukt av sin eigen røyndom, det ein sjølv skal eller vil. Eg liker sterke karakterar som står i sitt, at dei så å seie opererer i eit hermetisk univers. Dei gir seg sjølve færre og færre moglegheiter, ser berre seg og sitt til det blir klaustrofobisk.
Ankomst er Gøhril Gabrielsens femte roman etter at ho debuterte som 45-åring i 2006 med Unevnelige hendelser. Dei fleste hentar handlinga frå Nord-Noreg, der ho budde dei første 27 åra av livet. Men ho vil absolutt ikkje ha stempelet «landsdelsforfattar» på seg.
– Finnmark er ein landsdel eg aldri har kjent meg heime i. Eg har opplevd han som skremmande og farleg. For meg har naturen der oppe eit eksistensielt uttrykk – einsamt, aude, uendeleg. Endelause strekningar der det knapt finst noko som helst. Det kjennest både fascinerande og avskrekkande.
– Den verbale råskapen i somme av bøkene dine kan kanskje tolkast som ein nordnorsk arv?
– Om du ser bort frå dialogen mellom dei to systrene i Svimlende muligheter, ingen frykt, vil eg ikkje seie at bøkene mine inneheld så mykje verbal råskap. Heller direkte tale. Eg likar å gå til kjernen av ting, gå direkte på, ikkje kring grauten. Dette har ikkje noko med landsdel å gjere.
– Sårbarheit har ein viktig plass i ikkje berre denne romanen, men i heile forfattarskapen din. Og gjerne i kombinasjon med natur og vêr?
– Eg lèt ofte naturen spegle hovudpersonens kjensler. Naturen er òg svært sårbar, vill og utsett for klimatiske trugsmål. For mennesket kjem det sårbare til uttrykk i relasjonar med andre, der det gjeld å finne sin plass, si stemme, sin stad – eller risikere å bli definert av andre. Dette er noko vi kan bruke mykje krefter på, eit kjenslevart sinn er svært sårbart. Hovudpersonane mine er sårbare, eller i sårbare situasjonar. Men det tyder ikkje at dei er veike. Heller stae, sterke, steile. Det er slik eg helst vil ha dei.
– Du insisterer på at boka di ikkje er ein «klimaroman», men du lèt naturen spele ei viktig rolle her?
– Slik situasjonen er i dag, er det nesten uråd å skrive utan å komme inn på også dette. Det sårbare i naturen er eit faktum vi sjølve ser og observerer. Men dette er altså primært ein roman om å vere utsett, der også det som skjer i naturen, speler med.
– Hovudpersonen i Ankomst lever i eit stadig spenn mellom det som kan målast og det som ikkje lèt seg måle og knapt kan skildrast med ord. Ho er vel i konflikt med seg sjølv?
– Ja. Ho er forskar, og vil helst at alt skal kunne vegast og målast, slik mange i vår tid gjerne vil ha det. Dei skal ha bevis for alt. Jamvel den minste ting skal kunne målast og vegast. Då blir det ikkje mykje mystikk igjen. Men vi lever i ei stor gåte, eksistensen vår. Fysikk og matematikk er språket for å skjøne omgivnadene. Men vi går for langt når kjensler, førestellingar og opplevingar òg skal målast. Livet er gåtefullt, og det gåtefulle ved eksistensen er det som skaper dikting. Historier og symbol fortel meir om kven vi er enn statistikkar, matte og fysikk.
Ei ekstrem skuldkjensle
Når Gabrielsen lèt hovudpersonen teikne eit så negativt portrett av mannen ho var gift med, ønskjer ho samstundes å problematisere omgrepa sanning og løgn. Kva er sant? For kven? Kven har retten til ei historie eller oppleving? Kva versjon er den «rette»? Sjølv var forfattaren del av ein stor søskenflokk, og ho har flytta mellom ulike miljø. Det har aktualisert desse spørsmåla for henne.
I romanen held hovudpersonen seg sjølv og vala og handlingane sine opp mot ein tragedie ho ser føre seg skal ha skjedd i den same hytta 140 år før. Alt ho veit, er at det skal ha skjedd noko forferdeleg der, og på det grunnlaget diktar ho ei historie som nesten kunne vore ein roman i romanen.
– Det dårlege samvitet for å ha forlate dottera blir meir og meir påtrengande. Ho kjempar mot, men det piplar inn i medvitet hennar. Ho gir det store dimensjonar, diktar det inn i ein gammal tragedie. Dette syner at ho kjenner på eit stort trykk frå ei ekstrem, skjult skuldkjensle det ikkje passar henne å tenkje på, seier forfattaren.
– For boka er òg ei historie om langsam mental nedbryting, der harde, målbare fakta er alt hovudpersonen har å halde seg fast i?
– Ja, ho møter seg sjølv i døra og er ikkje heilt budd på det. Til slutt identifiserer ho seg med kvinna som blei drepen i tragedien ho sjølv har dikta opp. Det er ein måte å projisere sine eigne kjensler over i ei anna historie på. I hovudet byggjer ho opp eit trugsmål som veks og veks til det blir heilt reelt.
– Boka får meir og meir preg av psykologisk thriller?
– Eg tenkjer ikkje slik. Berre at einsemda har tilspissa seg.
– Så bankar det på hyttedøra?
– Den situasjonen stod klart for meg tidleg i skrivinga, den har eg heile tida jobba fram mot. Som ein tsunami. Der møter du alt du har fortrengt.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Når du er åleine, møter
du ditt eige «skrekk-
kabinett».
Gøhril Gabrielsen, forfattar
Fleire artiklar
Foto via Wikipedia Commons
«Ørjasæter var fyrst god ven med diktarbroren sin frå Gudbrandsdalen, men så fekk han høyre ting om Aukrust som skar han 'gjenom hjarte som eit tvieggja sverd'.»
Han heitte John Guillot, men skifta namn til Johnnie Allan og blei pub-rockar.
Arkivet: For tida framstår ikkje USA som det lova landet, men hausten for 50 år sidan var Elvis Presley på hitlistene i USA og England med «Promised Land»
Mogleg trasé for jarnbane mellom Narvik eller Bjørnfjell til Tromsø.
«Tanken om å realisera tog til Tromsø gjennom Sverige er på ingen måte ny.»
Daniel Sommer, Johannes Lundberg og Arve Henriksen.
Foto: Kristin Lidell
Fint nordisk samarbeid
Her er det ikkje spor av langhalm.
Polakkane er skumle bridgespelarar. Her frå avslutningsseremonien under World Bridge Games i Buenos Aires nyleg.
Foto: Poli Zolto / World Bridge Federation
Dąbrowskis masurka
For to veker sidan vann Polen gull i det som uformelt blir kalla bridgens olympiade, i Buenos Aires.